Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 27. oktober 2010 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 1

Gjermund Hagesæter (FrP) [11:10:42]: «Kommunane Mosvik og Inderøy planlegg no å slå seg saman til ein kommune. Fordi inntektssystemet til kommunane i dag premierer kommunar som ønskjer å vere uhensiktsmessig små, vil dette medføre reduserte inntekter. Ifølgje rådmannen i Inderøy vil den nye kommunen få reduserte inntekter på 14 mill. kr per år. Noverdien av eit slikt inntektstap er ca. 145 mill. kr.

Synest statsråden at det er rimeleg at innbyggjarane i desse to kommunane skal måtte betale 145 mill. kr til staten for å få slå seg saman?»

Marit Nybakk hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:11:31]: Målet med inntektssystemet er å utjamne kommunane sine føresetnader for å gi innbyggjarane eit likeverdig tenestetilbod. Når kommunane sine føresetnader endrar seg, f.eks. ved ei samanslåing, skal inntektssystemet òg leggje til rette for at tilpassinga for den enkelte kommune skjer på ein god måte. Ein kommune vil trengje noko tid til å tilpasse seg dei nye rammevilkåra ved ei samanslåing. Difor får den nye kommunen inndelingstilskot for å få ein gradvis overgang til dei nye rammevilkåra.

I utgreiinga som Mosvik og Inderøy har fått gjennomført, kan ein lese at kommunane vil tene 880 000 kr i forhold til rammetilskotet kvart år på samanslåinga. Samstundes vil den nye kommunen miste eit basistilskot og eit småkommunetilskot, som ifølgje utgreiinga totalt utgjer 14,9 mill. kr kvart år. Dette er bakgrunnen for fråsegna om at kommunen får reduserte inntekter på 14 mill. kr kvart år.

Dette får kommunen kompensert gjennom eit inndelingstilskot for den nye kommunen, som den vil få frå tidspunktet for samanslåing. Det vil bestå av eit basistilskot og eit småkommunetilskot, som Mosvik får i dag. Dette tilskotet vil den nye kommunen få fullt ut i ti år, og deretter med ei nedtrapping over fem år.

Inndelingstilskotet gir kommunane god tid til å tilpasse seg endra føresetnader. Målet med inntektssystemet skal ikkje vere å lokke kommunane inn i ei samanslåing, men gi dei gode vilkår for å handtere utfordringane og dei endra rammevilkåra som følgjer med ei samanslåing. Når no regjeringa òg har auka kompensasjonen for eingongskostnader til å gjelde 100 pst. av dei kostnadene som er naudsynte for å etablere den nye kommunen, har me etter mi meining òg ei ordning som gir kommunar som slår seg saman, gode vilkår.

I samband med handsaminga av kommuneproposisjonen for 2011, Prop. 124 S for 2009–2010, hadde fleirtalet i kommunal- og forvaltningskomiteen ein merknad der dei ber regjeringa vurdere å forlengje perioden for inndelingstilskotet, slik at kommunane får behalde inndelingstilskotet i 15 år før nedtrappinga over fem år startar. Eg vil kome med ei vurdering av forslaget i kommuneproposisjonen for 2012.

Gjermund Hagesæter (FrP) [11:13:58]: Eg er fullt klar over at inndelingstilskottet skal dekkje tapet av både basis- og småkommunetilskottet, i ti år, og at dette deretter blir trappa ned over fem år. Det ligg også inne i berekninga når det gjeld kor stor noverdien av eit slikt inntektstap er. Det er rådmannen i Inderøy som har berekna at noverdien av inntektstapet etter at overgangsperioden er over, vil vere 145 mill. kr. Det betyr at innbyggjarane må basere seg på reduserte inntekter, som altså utgjer ein noverdi på 145 mill. kr dersom kommunane slår seg saman. Dersom dei går inn på eit samkommuneprosjekt, eit interkommunalt samarbeid, slepp dei altså å få eit slikt inntektstap.

Så spørsmålet mitt er framleis det same: Synest kommunalministeren at det er rimeleg at innbyggjarane i desse to kommunane skal måtte betale 145 mill. kr til staten for å få lov til å slå seg saman?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:15:06]: Dersom ein ser på bakgrunnen for t.d. småkommunetilskotet, handlar det om at i ein liten kommune er det færre å fordele kostnaden på, det er færre å fordele administrasjonskostnaden på, og det er jo eit av kronargumenta som forkjemparane for kommunesamanslåing har, nemleg at dersom ein slår saman kommunar, kan ein spare x tal milliardar. Det varierer veldig kor mange milliardar ein meiner ein kan spare, men det er iallfall store summar som har versert. Då kan ein ikkje samstundes seie at når ein slår seg saman og får ein større kommune og fleire å fordele kostnadene på, skal ein kompensere fullt ut for det i all framtid. Men det er viktig at kommunane har ein ganske lang og god periode i forhold til å tilpasse seg dei endringane som ein får i struktur og økonomisk grunnlag.

Gjermund Hagesæter (FrP) [11:16:13]: Det er heilt riktig at små kommunar sjølvsagt er mykje dyrare å drive enn store kommunar. Tal viser òg at dei 100 minste kommunane har meir enn tre gonger så mykje i administrative kostnader per innbyggjar som dei 100 største kommunane. Det er altså slik i dag at innbyggjarane i dei store kommunane subsidierer dei små kommunane. Alle synest ikkje at det er riktig.

No er det altså eit tilfelle med to små kommunar som ønskjer å slå seg saman. Etter samanslåinga vil denne nye kommunen ha mellom 6 000 og 7 000 innbyggjarar, men for å få lov må ein betale så mykje at det ikkje er hensiktsmessig. Då er det det motsette av frivilligheit, det er tvang – ein tvingar små kommunar til å bli verande små. Ser ikkje statsråden at det er slik det fungerer, at ein tvinger små kommunar til å bli verande små?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:17:19]: Eg tenkjer at representanten Hagesæter snur dette ganske ettertrykkeleg på hovudet i forhold til argumentasjonen som hans eige parti framfører når ein ynskjer kommunesamanslåing. Ein ynskjer seg 100 kommunar i dette landet, det har vore uttrykt veldig mange plassar av framtredande personar i Framstegspartiet. Ein av grunnane til det er nettopp at dei meiner at det er så mykje meir effektivt. Så skal me diskutere effektiviteten i det, me skal jobbe mykje med det i tida framover både i Kommunal- og regionaldepartementet og i andre fora. Det er jo ikkje nødvendigvis slik at alt er like effektivt om det vert så stort som mogleg. Det finst stordriftsfordelar, og det finst smådriftsfordelar, og begge delar er viktig å ta omsyn til når ein skal sjå på kva som er ein hensiktsmessig struktur for kommunane i tida framover.

Eg kjem til å vurdere å forlengje inndelingstilskotet, slik som eg har lova Stortinget, og kjem tilbake til Stortinget med det. Elles meiner eg at det ligg til rette for å endre grenser der ein lokalt ynskjer det og tek initiativ til det.

: