Stortinget - Møte onsdag den 26. mai 2010 kl. 10
President: Øyvind Korsberg
Spørsmål 5
Ingjerd Schou (H) [11:34:51]: «Høyre synes det er en god idé å sikre jernbaneutdanninger på masternivå i Norge.
Hva vil statsråden gjøre for å sikre at forvaltning og institusjoner har tilstrekkelig og høy kompetanse innen jernbane, signalanlegg og annet?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:35:09]: Jernbaneverket har det overordna ansvaret for å sikra den jernbanefaglege kompetansen i Noreg. Det er nødvendig at auka løyvingar så langt som råd er, går hand i hand med rekruttering og utdanning av nok folk med rett kompetanse. Å utvikla utdanningstilbod og nok kapasitet for å gjennomføra den auka satsinga på jernbane vil ta noko tid. Vi må difor vera budde på at manglande kompetanse vil vera eit problem innanfor enkelte delar av sektoren òg ei tid framover.
Jernbaneverket arbeider no langs to linjer. Den eine er å dekkja opp dei områda der ein har kompetansemangel i dag. Dette gjeld i fyrste rekkje signalfaga. Det andre er det meir langsiktige arbeidet for utdanningstilbod som sikrar jernbanefagleg kompetanse framover. Dette gjeld fagarbeidar-, bachelor- og masternivå.
Av tiltaka som blir arbeidde med, vil eg bl.a. nemna:
Jernbaneverket har sett ned to arbeidsgrupper med representantar frå heile sektoren for å kartleggja det samla kompetansebehovet framover. Planen er å marknadsføra jernbanebransjen og arbeida saman for å utvikla gode utdanningstilbod for jernbanefagleg kompetanse.
På signalfeltet har Jernbaneverket sett i verk eit opplæringsprogram for å auka kapasiteten på utdanning av signalingeniørar komande haust. Opplæringa skjer i samarbeid med Norsk jernbaneskule. Det blir samtidig arbeidd med å oppretta eit bachelorstudium i signalfag i samarbeid med Høgskulen i Oslo, med oppstart i 2011. Høgskulen har også meldt interesse for å oppretta bachelorstudium innan banefag og kontaktleidning/elkraft. Jernbaneverket planlegg dessutan, saman med Høgskulen, å skipa valfag i jernbaneteknikk frå hausten av.
Det har òg vore kontakt mellom Jernbaneverket og NTNU for å sjå om det er mogleg å oppretta ein erfaringsbasert mastergrad i jernbaneteknikk, slik at dei som alt har ein bachelorgrad, kan utdanna seg vidare på deltid. Ein ser for seg at ein slik mastergrad vil kunna dekkja fleire jernbanefag.
Hausten 2010 vil Jernbaneverket gjennomføra ein anbodskonkurranse retta mot høgskular. Målet er å få til ei deltids vidareutdanning for fagarbeidarar som ynskjer å gå vidare på ingeniørnivå. Det kan vera aktuelt å etablera bachelorgrader ved fleire høgskular.
Ingjerd Schou (H) [11:37:38]: Jeg takker statsråden for svaret.
Det er mye positivt på ulike nivå, fra fagarbeider og opp til masterstudium, som er på trappene. Utdanning er sentralt på alle nivå for å sikre både omdømme og renommé, ikke minst legitimitet til utdanningene og kvalitet, særlig når det gjelder jernbanen, som vi nå snakker om. Men også for å rekruttere på ulike nivå er det avgjørende at vi har utdanning.
Jernbaneverket skylder på mangel på kompetanse. Jernbaneteknikk har jo vært et eget fag, men det har vært ute av undervisningsplanen ved NTNU fordi man bl.a. har slitt med søkere. Jernbaneteknikk har vært en utdanning – en del av en utdanning – i studiet bygg, anlegg og transport ved NTNU. Ser ikke statsråden behov for at man igjen skal på en måte heise opp mulighetene for å ha en masterutdanning på høyskolenivå?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:38:41]: Det å oppretta mastergrad i jernbaneteknikk er eit av fleire tema som blir drøfta mellom NTNU og Jernbaneverket. Eg vil nok sjølv meina at det er ambisiøst, det som ligg her frå Jernbaneverket: planar om utdanning på ulike nivå og samarbeid med ulike høgskulemiljø.
I tillegg har eg sjølv registrert at dei har ei utstrakt samarbeidsverksemd, f.eks. det å invitera studentar frå høgskulemiljø til anlegg der det er arbeid. Da eg sjølv besøkte Gjevingåsen, var det to studentgrupper frå NTNU der, med siktemål frå Jernbaneverket si side om å rekruttera fleire inn nettopp i Jernbaneverket.
Ingjerd Schou (H) [11:39:49]: Takk for svaret.
En egen utdanning vil kunne gi mer status, gi mer informasjon om fagene og også gjøre det lettere å markedsføre studiet. Det er spennende utfordringer for jernbanen de kommende år i Norge. Det er viktig å poengtere at det faktisk er mulig for studenter å gjøre karriere innenfor samferdselssektoren og jernbanen. Nå sier statsråden selv at Jernbaneverket sier at manglende kompetanse vil de nok slite med over tid. Spørsmålet gjelder for det første det å åpne for muligheter for studenter i Norge, som vi nå snakker om, men også i utlandet, og samarbeid med høyskoler og universitet utenfor Norge. Har statsråden vurdert det?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:40:35]: Det er eit faktum at ein vil slita med kompetanse på ulike felt innanfor jernbaneverksemda i tida framover, ikkje minst fordi det skal gjerast veldig mykje meir arbeid, år for år. Men så vil eg seia at Jernbaneverket sjølv har offensivt teke tak i dette. Det er jo dei, i samarbeid med høgskulemiljøa, som må sjå nøyare på kva type utdanning som trengst. Så får eg gjera mitt til at det blir stilt midlar til disposisjon til det arbeidet som skal utførast heile tida. Eg meiner at representanten må vera veldig fornøgd med den tilnærminga som Jernbaneverket no har, og eg skal ta med meg det som ho har framført her – om betydninga av kompetanse – tilbake til Jernbaneverket.