Stortinget - Møte onsdag den 14. april 2010 kl. 10

Dato: 14.04.2010

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Borghild Tenden (V) [11:24:34]: «Samferdselsministeren har sagt at det ikke er mulig å bruke mer penger på vedlikehold og fornyelse av jernbanen for å løse togkrisen på Østlandet. I Dagbladet 7. april går det fram at Jernbaneverket anbefaler at vedlikeholdet trappes opp, og at det finnes kapasitet til dette. Statsråden uttaler på sin side at det kan gå ut over investeringsrammene.

Kan statsråden bekrefte at det er mulig å bruke mer penger på vedlikehold og fornyelse av jernbanenettet på Østlandet?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:25:06]: Ut frå ei vurdering av fornyingsbehov, konsekvensar av lange stengingsperiodar, spesielt for godstrafikken, og bestillingstider for materiell har Jernbaneverket presisert at det ikkje er mogleg å auka aktiviteten på vedlikehald og fornying i Oslo-området. I 2010 er det budsjettert med eit ordinært vedlikehald på 1 897 mill. kr, og det er budsjettert med forsert fornying i Oslo-området med 470 mill. kr til Osloprosjektet. Samanlikna med saldert budsjett for 2009 er løyvinga til vedlikehaldet av jernbanenettet i 2010 auka med over 40 pst., medrekna løyvinga til Osloprosjektet.

Osloprosjektet inneheld forsert fornying av jernbaneinfrastrukturen i Oslo-området for til saman om lag 2 milliardar kr i perioden 2010–2013. Dette gjeld strekningane Lysaker–Asker, altså Drammensbanen, Lysaker–Oslo S–Etterstad, inklusiv Oslotunnelen og Oslo S, Oslo S–Lillestrøm, altså Hovudbanen, og Oslo S–Ski. Dette arbeidet er særleg viktig for å betra driftsstabiliteten på Austlandet.

Det føregår òg omfattande investeringar i ny jernbaneinfrastruktur i Oslo-området, det arbeidet som omfattar dobbeltspor Lysaker–Sandvika og tiltak for å leggja til rette for ny ruteplan, Ruteplan 2012. For å gjennomføra dei omfattande fornyingane og investeringane på ein raskare måte er det lagt opp til å stengja jernbanen frå Oslo til Drammen i 30 dagar i sommar. Tidspunktet er 10. juli–9. august.

Når det gjeld vedlikehald og fornying av jernbanenettet andre stader, har Jernbaneverket sagt at det er mogleg å bruka meir pengar enn det som er lagt til grunn i Nasjonal transportplan 2010–2019. Jernbaneverket har nyleg opplyst at det er behov for løyving til forsert vedlikehald, sjølv om dette eventuelt skulle medføra at løyvingane til investeringar må reduserast.

Regjeringa vil no foreta ei vurdering av eit ynske frå Jernbaneverket om å forsera det planlagde fornyingsarbeidet som er lagt til grunn i NTP 2010–2019, over åtte år, i staden for ti år.

Borghild Tenden (V) [11:27:35]: Jeg takker statsråden for svaret.

I 2006 ble det fremlagt en tilstandsrapport som avslørte at vedlikeholdsbehovet var om lag 14 milliarder kr. Slik jeg ser det, førte ikke dette til nye initiativ ved å øke vedlikeholdstakten. Nå sier Jernbaneverket selv at problemene er enda større enn antatt. Hvis jeg tolket statsråden rett – men jeg spør likevel: Er statsråden enig i at det er nødvendig å øke bevilgningene til vedlikehold på jernbanen utover NTP? Jeg følte hun sa det i sitt første svar, men jeg spør en gang til.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:28:28]: Lat meg fyrst seia at det er nok krevjande å vera i leiinga i Jernbaneverket, og det kan òg kjennast krevjande for både storting og regjering å halda seg til opplysningar som endrar seg over tid. Men den rapporten som vart lagd fram i 2006, og som vart utført av eit tysk selskap, dannar grunnlag for både dei påfølgjande budsjetta og for Nasjonal transportplan 2010–2019. Der fekk Jernbaneverket over ti år dei midla som ein bad om til fornying, ut frå dei rapportane dei så langt hadde.

Så er det no slik at forfallet går raskare. Det er behov for ei ny vurdering frå Jernbaneverket si side. Det er eit behov for forsering av vedlikehaldet, og mitt svar er ja, eg ser at det er nødvendig med ei forsering.

Borghild Tenden (V) [11:29:33]: Jeg takker for det positive svaret.

Jeg oppfatter Jernbaneverket dit hen at de savner en marsjordre og tydelige signaler fra statsråden om hvordan og hvor innsatsen innen vedlikehold og fornyelse bør prioriteres fremover.

Kan statsråden si noe om hva hun tenker om dette, og hvilke tiltak som er viktige å prioritere på kort sikt for å få togene i rute? Hun har for så vidt svart på det i sitt første svar, men jeg ønsker en nærmere konkretisering.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:30:04]: Lat meg berre følgja opp mitt førre svar der eg sa at eg ser det er nødvendig å forsera.

Her har vi no ein prosess. Vi har ein god dialog med Jernbaneverket frå departementet si side. Dersom resultatet av regjeringsforhandlingane blir forsert vedlikehald, må vi leggja fram ei sak for Stortinget om det. Det vil eventuelt bli gjort no i løpet av våren. Men i Oslo-området føregår no det vedlikehaldet som optimalt kan føregå. Så det som det no er snakk om, er altså å forsera vedlikehaldet på andre banar. Det ligg nokre midlar til det i år, på Bergensbanen, på Dovrebanen, på Sørlandsbanen, men det er i tilfellet snakk om forsering på nettet elles, utover Oslo.