Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 6. mai 2009 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 1

Arne Sortevik (FrP) [11:19:24]: Spørsmålet lyder:

«I forslag til NTP 2010–2019 heter det: «Regjeringen er opptatt av å prøve ut ulike modeller for finansiering av samferdselsprosjekter for å videreutvikle kunnskapen knyttet til effektiv utnyttelse av ressursene.» Likevel vil ikke Regjeringen åpne for flere OPS-prosjekter, og prosjektfinansiering og lånefinansiering ble avlyst av Regjeringen alt i budsjettet for 2007. Nylig har Arbeiderpartiet på sitt landsmøte gitt tilslutning til prosjektfinansiering.

Vil Regjeringen nå utvide og endre finansieringsgrunnlaget for NTP 2010–2019?»

Lodve Solholm hadde her teke over presidentplassen.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:20:17]: Eg har òg registrert at det på landsmøtet i Arbeidarpartiet vart vedteke følgjande:

«for å sikre rasjonell framdrift av større samferdselsprosjekter vil Arbeiderpartiet gå inn for prosjektfinansiering av veg- og jernbanestrekninger.»

Regjeringa sitt syn på prosjektfinansiering og samferdsleprosjekt er gjort greie for i Gul bok 2007. Det går fram at prosjektfinansiering har romma fleire finansieringsformer, inkludert ordinære løyvingar over statsbudsjettet.

Ei anna form som mange legg i prosjektfinansiering, er ordning med statlege lån til utvalde prosjekt og med tilbakebetaling av rente og avdrag over t.d. 25 år. Regjeringa har lagt til grunn at intensjonen med prosjektfinansiering uttrykt som ein metode for å sikre rasjonell utforming og framdrift kan gjerast innanfor gjeldande budsjettprinsipp.

Formålet med prosjektfinansiering må vere at infrastrukturprosjekt får ei finansiering som gjer at prosjektet kan planleggjast som ein heilskap og verte gjennomført på ein mest mogleg rasjonell måte. I alle høve må prosjektet verte prioritert innanfor ei forsvarleg budsjettramme. Måten me finansierer prosjektet på, kan ikkje ta ifrå oss det ansvaret.

Regjeringa er oppteken av å prøve ut ulike modellar for gjennomføring av samferdsleprosjekt, ved m.a. bruk av nye kontraktsformer og eigne postar på statsbudsjettet for utvalde investeringsprosjekt.

I Nasjonal transportplan er tre prosjekt sette på eigne postar og kan planleggjast som éi samla utbygging.

Som kjent er eg open for alternative måtar å budsjettere store samferdsleprosjekt på. Stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan ligg no til handsaming i Stortinget. Meldinga gjer m.a. greie for Regjeringa si satsing på samferdsle dei komande åra. Det er no naturleg å vente på handsaminga av planen i Stortinget. Eg er sikker på at økonomiske rammer og rasjonell framdrift av samferdsleprosjekt vil vere ein viktig del av diskusjonen om meldinga i denne salen.

Arne Sortevik (FrP) [11:22:10]: Takk for svaret.

Statsråden har selv i svaret pekt på det som står på side 84 i forslag til NTP om effektiv ressursutnyttelse – «tre store, helhetlige investeringsprosjekter føres på egne poster».

Regner statsråden dette som prosjektfinansiering? Hva blir effekten av å bruke prosjektfinansiering dersom man ikke samtidig endrer synet på bygging av vei og jernbane fra å se på det som en årlig utgift til å se på det som en langsiktig investering som varer i minst 50 år? Blir effekten da at bare noen utvalgte prosjekter får finansiering, mens alle andre må vente i 50 år?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:22:59]: Det er berre i Framstegspartiet si verd at ein ikkje må prioritere, at ingen må vente, at alle får sine prosjekt fram i dag. I den verkelege verda, der ein må prioritere, vil det vere slik at nokre prosjekt må vente, mens andre vert prioriterte fram. Det vil ein òg måtte gjere om ein vel prosjektfinansiering.

Det som er lagt inn i Nasjonal transportplan, tek opp i seg det beste av prosjektfinansiering, altså det som er sagt å ha gevinst, nemleg ei rasjonell framdrift, der heile prosjektet vert planlagt og gjennomført som eitt prosjekt og ikkje fleire delprosjekt. Det er viktig å prøve ut det vidare og òg prøve ut andre strategiar: dele opp store prosjekt for å få større konkurranse, samle mindre prosjekt i større. Det går inn som ein del av kontraktstrategien, som me òg skriv om i Nasjonal transportplan. Me er opptekne av å ta med oss det beste av dei erfaringane ein har gjort. Å låne til veg er ikkje nødvendig i eit rikt land som Noreg.

Arne Sortevik (FrP) [11:24:05]: Igjen takk for svaret.

I den virkelige verden er det slik at finansieringsgrunnlaget for fremlagt Nasjonal transportplan var laget før innhold og virkninger av finanskrise og økonomisk tilbakegang var kjent.

I den virkelige verden er det også slik at den var laget av tre regjeringspartier som i etterkant har et annet og langt mer samordnet syn på bruk av prosjektfinansiering enn de hadde da planen ble laget.

I den virkelige verden er det slik at behovet for etterspørselsstimulering gjennom modernisering av veinett og jernbanenett er omfattende.

Behovet for modernisering er fortsatt like omfattende som det har vært de siste årene, men nå er det altså et ekstra behov i den virkelige verden for å stimulere etterspørsel gjennom nettopp modernisering av infrastrukturen. Derfor gjentar jeg spørsmålet: Vil Regjeringen nå utvide og endre finansieringsgrunnlaget for Nasjonal transportplan 2010–2019?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:25:17]: Regjeringa har lagt fram sin nasjonale transportplan, ein transportplan som ikkje berre er laga for ei nedgangstid, men som er laga òg for ei oppgangstid og for ein vekstperiode som òg denne gongen vil avløyse den nedgangskonjunkturen me no er inne i. Så får dei årlege budsjetta avgjere korleis ein vil dimensjonere den politikken ut. Det vert ei budsjettsak.

Regjeringa legg ikkje fram ein ny transportplan. Regjeringa har lagt fram sin transportplan. Han ligg i Stortinget. Det er opp til partia i Stortinget å behandle planen ut ifrå dei føresetnadene som ligg. Om føringane frå landsmøtet i Arbeidarpartiet vert tekne omsyn til og dermed tekne opp som endringsforslag i Nasjonal transportplan, vil behandlinga i Stortinget måtte vise.

: