Stortinget - Møte onsdag den 29. april 2009 kl. 10
President: Eirin Faldet
Spørsmål 10
Per Roar Bredvold (FrP) [12:10:05]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kunnskapsministeren:
«En del elever i videregående skoler plages av medelever og føler derved en uro og usikkerhet. Dette skaper på forskjellige måter en utrygg skolehverdag, noe som ikke er ønskelig. På Hamar katedralskole i Hedmark vurderer man å ansette vektere for at elevene skal føle seg trygge.
Hva vil statsråden bidra med slik at alle elever skal føle seg trygge på skolens område og i nærheten av skolen og føle en glede ved å gå på skolen, og ikke minst få ro og tid til læring?»
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:10:38]: Først vil eg vise til gjeldande regelverk på området, særleg § 9a-3 i opplæringslova, som omhandlar det psykososiale miljøet i skulen. Her heiter det m.a. at ein elev som vert utsett for krenkjande åtferd, kan krevje at det vert sett i verk tiltak for å hindre slik åtferd. Også foreldra til eleven kan setje fram krav. Skulen skal snarast mogleg treffe enkeltvedtak i saka og syte for nødvendige tiltak. Er ein ikkje fornøgd med tiltaka, kan enkeltvedtaket klagast inn for fylkesmannen. Klage kan òg setjast fram dersom ikkje skulen innan rimeleg tid tek stilling i saka.
Spørsmålet her gjeld vidaregåande opplæring, men eg vil presisere at både fylkeskommunar og kommunar skal ha eit forsvarleg system for å sjå til at krava i opplæringslova med forskrifter vert oppfylte. Eg viser her til § 13-10 i lova.
Mobbing, plaging og andre typar krenkjande oppførsel mot andre er ekstremt alvorleg. Det gjer elevane utrygge og kan øydeleggje sjølvtillita. Det kan òg vere eit alvorleg hinder for læring på skulen, som representanten var inne på. I dag opplever mange i tillegg til den fysiske mobbinga at Internett og mobiltelefonar er nye arenaer for trakassering og utestenging. Vi veit at på dei skulane der det vert arbeidd systematisk mot mobbing, vert forholda betre for elevane. Regjeringa og Kunnskapsdepartementet legg derfor stor vekt på arbeidet for å skape gode og trygge læringsmiljø. Mellom anna har skular fått invitasjon til å bruke antimobbeprogram som f.eks. Olweus og Zero. Dette er program som vi har kunnskapsbasert erfaring med har betyding. Tilbod om slike tiltak vert følgde opp av oss.
Vi såg i fjor urovekkjande tal når det gjeld utviklinga i mobbing. På bakgrunn av det har vi sett i verk ei revitalisering av heile arbeidet mot mobbing. Den 12. februar i år skreiv statsministeren på vegner av Regjeringa under på eit nytt manifest mot mobbing, eit overordna dokument som ei rekkje partnarar tek del i. Der har vi lansert ei rekkje nye tiltak. Vi doblar i år løyvinga til kampen mot mobbing frå 7 mill. kr til 14 mill. kr. Vi gjer ei endring i lærarutdanninga, der vi legg langt større vekt på lærarens kompetanse for å handtere mobbing og for å utvikle dialog og toleranse. Vi skal òg ha det sterkare inn i den nye skuleleiarutdanninga. Av andre tiltak kan eg nemne gjennomføring av ei forskingsbasert undersøking for å få eit betre bilete av kva som ligg bak dei tala vi har om mobbing. I 2010 vil vi gjennomføre eit nasjonalt tilsyn i skular og hos skuleeigarar for å sjå korleis nettopp dette punktet i opplæringslova vert følgt opp.
Eg er svært oppteken av denne problemstillinga. Som ein høyrer, gjer vi mykje. Det er eit veldig viktig spørsmål som vert teke opp her.
Per Roar Bredvold (FrP) [12:13:40]: Jeg takker statsråden for et utfyllende svar.
I Hamar Arbeiderblad fra 25. mars 2009 kan man lese: «Her jager politiet bråkmakere på Katta» – altså Hamar katedralskole. I tillegg står det: «Vurderer vektere for sikkerhets skyld.»
Det er noe som er fundamentalt galt når noen få klarer å ødelegge skolehverdagen for både elever, ansatte og andre som tilbringer mye av tiden sin på skolen, og ikke minst for foreldre. Det er klart at det må settes inn tiltak. Man kan jo da stille spørsmål ved om lærerne har mistet kontrollen i klasserommet – jeg stiller bare spørsmålet – eller om vi trenger tydeligere rektorer som skoleledere. Jeg viser også til et forslag som Fremskrittspartiet fremmet, Dokument nr. 8:113 for 2006–2007, for å redusere bråk og uro på skolen. Kan statsråden si noe om hvorvidt de som jobber på skolen, har for lite makt – for å bruke ordet «makt» i en positiv betydning?
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:14:45]: Lat meg først seie at eg har faktisk besøkt denne skulen, etter den episoden, og hadde då moglegheit til å snakke med både den fylkeskommunale leiinga og rektor om det som hadde skjedd. Eg fekk eit klart inntrykk av at dei var svært opptekne av nettopp den same problemstillinga og å kome vidare med arbeidet.
Eg er heilt einig i at lærarane har autoritet og skal ha autoritet, og dei fleste lærarane vi har, òg i vidaregåande opplæring, er svært flinke – dyktige klasseleiarar og fagleg sterke. Men eg trur vi kan styrkje den funksjonen enda meir, og det er nettopp derfor vi tek tak i lærarutdanninga og rektorutdanninga. Vi må inn i kjernen, nemleg at lærarane har kompetanse på å leie, at rektorane har kompetanse på arbeidet med det. Dette kan vere ein indirekte grunn til den lovendringa som er varsla på måndag, nemleg at vi skal gjere det klart at lærarar skal ha moglegheit til å setje sanksjonar ut i livet der og då, når ordensreglementet vert brote, og at det ikkje må opp til rektor. Det dreier seg om at vi må ha lærarar med meir autoritet, ikkje mindre.
Per Roar Bredvold (FrP) [12:15:53]: Jeg takker statsråden for svaret nok en gang.
De årene man går på videregående skole, er kjempeviktige. De er selvfølgelig med på å forme elevene, ungdommen, men de er også med på å stake ut veien videre i livet, enten det gjelder studievalg eller jobbvalg. Så det er klart at årene på en videregående skole er kjempeviktige. Da må den enkelte elev få ro og trygghet i sin hverdag, både i skolen og i skolens nærhet. Jeg håper at vi i fellesskap skal klare å gjøre den hverdagen bedre, og vil gjerne ha bekreftet fra statsråden at han selvfølgelig vil gjøre alt han kan for i dette tilfellet Hamar katedralskole, men også andre skoler som sliter med dette. For det fins også andre skoler som har tilnærmet samme problem i en eller annen grad – det gjelder også ungdomsskoler. Så sent som i går var jeg på et møte på en ungdomsskole hvor det er noen elever som ødelegger for alle de andre. Så det er et forholdsvis stort problem.
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:16:58]: Eg trur eg kan slutte meg til det representanten her seier, og bekrefte at for meg er det ei hovudsak å slåst mot mobbing og for eit inkluderande skulemiljø, der vi unngår at nokon vert plaga, og der ikkje nokon skal øydeleggje for moglegheitene til læring og trivsel for dei mange. Det er eit hovudpunkt at vi skal ha lærarar med ein god fagkompetanse og ei god utdanning, som er trena i å leie ein klasse og handtere vanskelege situasjonar, og som vi gir den autoriteten dei skal ha i skulekvardagen.
Presidenten: Stortinget har da ferdigbehandla saka på dagens kart.