Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 22. april 2009 kl. 10

Dato:
President: Eirin Faldet
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Arne Sortevik (FrP) [11:50:40]: Spørsmålet lyder:

«Jeg viser til omtale av vegtunnel til Arna, Arnatunnelen, i Regjeringens forslag til NTP 2010–2019 på side 161. Det er gjennomført nødvendig planarbeid, inklusive konsekvensanalyser for dette prosjektet. Ifølge Statens vegvesen kan det anbefalte av flere trasévalg gjennomføres trafikkmessig med høy samfunnsøkonomisk nytte og uten økning i transportarbeidet. Likevel må dette prosjektet nå inngå i ny KS1 for regionpakke Bergen, mens andre prosjekter i regionen slipper dette.

Hva vil statsråden gjøre for å få hurtigere realisering?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:51:33]: Alle som kjører bil i Bergen, har nok, som eg, sett at trafikksituasjonen i byen ikkje er optimal. Vegane i Bergensområdet er ikkje dimensjonerte for all trafikken. Det er likevel ikkje sikkert at løysinga på utfordringane i Bergen alltid er å byggje fleire og breiare vegar. Ein ny veg mellom Arna og Bergen vil ikkje nødvendigvis auke det totale transportarbeidet med bil, men det kan føre til at trafikken vert flytt og til meir trafikk enkelte stader, som f.eks. på den allereie hardt belasta Danmarksplass. Det er difor svært viktig at transportbehovet og trafikksituasjonen i Bergensområdet vert sett i eit overordna og heilskapleg perspektiv.

Eg trur det er fornuftig at vegprosjekt i byområde vert vurderte særskilt grundig med tanke på at det slike stader ofte er tale om eit komplisert og samanhengande trafikkbilete. Det er ikkje noko poeng å byggje ein ny vegtunnel mellom Arna og Bergen om heile reisetidsgevinsten vert eten opp av auka trafikk andre stader i Bergen. Difor er det viktigare for Regjeringa å byggje dei rette vegane framfor å byggje så fort som mogleg.

Vegdirektoratet og Jernbaneverket har saman utarbeidd ei konseptutvalutgreiing for sambandet mellom Bergen og Arna. Etatane kom fram til at det bør byggjast ein ny jernbanetunnel før ein eventuelt byggjer ein vegtunnel gjennom Ulriken. Utgreiinga er kvalitetssikra gjennom ein KS1-prosess av ein ekstern konsulent. Konsulenten kom fram til at ein burde byggje veg framfor å utvide kapasiteten på jernbanen på strekninga. Regjeringa valde å følgje etatane si anbefaling. Eit avgjerande argument var at ein ny vegtunnel vil kunne gi ein monaleg trafikkvekst i Bergen sentrum. Det er det ikkje plass til. Det er difor naturleg at ein ny vegtunnel vert inkludert i ein kvalitetssikringsprosess der heile Bergensregionen vert sett i samanheng.

Regjeringa har i Nasjonal transportplan priortert jernbanetunnel framfor vegtunnel i perioden 2010–2019. Ein ny KS1 for vegtunnelen vil ikkje påverke mogleg byggjestart for tunnelen.

Arne Sortevik (FrP) [11:53:38]: Takk for svaret.

Jeg er enig med statsråden i at det er om å gjøre å finne smarte løsninger. I mitt hode er vegtunnel direkte fra Arna til Bergen en smart løsning, som reduserer transportarbeidet i Bergensregionen betydelig. Fra omkjøring nord for Bergen i dag på 24 kilometer og syd for Bergen på 22 kilometer kan vi altså da kjøre direkte linje på 8 kilometer. Dette viktige vegprosjektets bedrøvelige mangel på framdrift er et talende eksempel på at planprosessen knyttet til moderniseringen av norsk transportnett nå har nådd nærmest et parodisk omfang.

Bergen bystyre og Hordaland fylkesting fattet beslutningen om utredning i slutten av 2000, og vi har nå holdt på i nesten ni år. Når vi hører på en del av svaret, at man faktisk har satt til side anbefalingen som er kommet gjennom en ekstern kvalitetssikring om å bygge nettopp vegtunnel gjennom Ulriken, er det grunn til å stille spørsmålet på nytt: Hva vil statsråden gjøre for å få hurtigere realisering av Arnatunnelen?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:54:50]: Det er veldig klart sagt frå Regjeringa at me ynskjer at ein ny tunnel gjennom Ulriken skal sjåast i samanheng med trafikken i Bergen sentrum. Då ligg ballen hjå byrådet i Bergen, som, som sedvanleg, er negativ til alt som kjem frå Regjeringa, og som sedvanleg sjølve ikkje er så ivrige etter å ta tak i det som er deira ansvar, nemleg å sikre ei god planlegging, slik at dei køane som finst i Bergen sentrum i dag, ikkje aukar, men vert reduserte.

Der ligg ballen. Byrådet bør ta tak i det, utgreie det og sjå Bergensregionen i samanheng. Så vil den saka finne si løysing, der ein får eit heilskapleg system og ikkje ei bit for bit-utbygging, som folk i Bergen ikkje ynskjer. Folk som bur i sentrum i Bergen, folk som har sitt daglege virke i Bergen sentrum og folk som skal trafikkere der, føler at trafikken er meir enn stor nok over Danmarksplass i dag.

Arne Sortevik (FrP) [11:55:52]: Dette er både faglig og politisk feil!

Det faglige er at fagetaten anbefaler dette som et prosjekt som kan gjennomføres i dag, også trafikalt. Næringslivet i regionen ønsker det. Kommunene i regionen ønsker det. Det er utredet, og det kan igangsettes.

Det er også, med all mulig respekt for statsråden, politisk feil at det er byrådet i Bergen som streiker. Det er grunn til å snu den problemstillingen rundt og peke på at det faktisk er Regjeringen som opptrer på kant med lokale myndigheter og regionale myndigheter. Man kjører frem enkelte prosjekter faktisk uten å rådslå seg med og uten å informere byrådet i Bergen. Eksempelet er Sotrasambandet, hvor man i går la frem en løsning som er i strid med det Bergen satser på, nemlig tunnel. I dette eksempelet utsetter man å utrede mer et prosjekt som Bergen ønsker å få realisert så fort som mulig. Jeg håper fortsatt at statsråden vil jobbe for å få en hurtigere realisering av dette viktige prosjektet.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:57:01]: Det er ingen motstand hjå statsråden mot å byggje ein tunnel. Eg har fått veldig tydelege råd frå mine etatar, som går imot dette no, og seier at ein må byggje ein jernbanetunnel fyrst. Då vil det vere kapasitet nok til å auke talet på lokaltog mellom Bergen og Arna betydeleg, noko som vil bidra til å nå det målet me har om å få både meir gods og folk frå veg til jernbane. I motsetning til ein ny vegtunnel vil ein jernbanetunnel bidra til færre bilar på vegane, og ikkje minst færre vogntog, inn mot Bergen og inn til sentrum av byen. Det er òg ei viktig målsetjing for å få trivelege byar, der folk kan leve utan å verte kvelte av biltrafikk.

Eg er positiv til utbetringa på E16 og fornyinga der, anten det gjeld Arnatunnel eller noko anna, og vil jobbe for det. Eg har fått veldig klare råd frå Statens vegvesen om kva som bør prioriterast fyrst her.

: