Stortinget - Møte tysdag den 24. mars 2009 kl. 10
President: Lodve Solholm
Formalia
Presidenten: Frå Kristeleg Folkepartis stortingsgruppe ligg det føre søknad om permisjon for representanten Laila Dåvøy i tida frå og med 24. mars til og med 26. mars for å delta i møte i EFTA-parlamentarikarkomiteane og Den felles EØS-parlamentarikarkomiteen i Strasbourg.
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
Søknaden blir handsama straks og innvilga.
Vararepresentanten, Knut Arild Hareide, blir innkalla for å møte i permisjonstida.
Presidenten: Knut Arild Hareide er til stades og vil ta sete.
Representanten Trine Skei Grande vil setje fram eit representantforslag.
Trine Skei Grande (V) [10:01:30]: Jeg vil på vegne av representantene Olemic Thommessen, Hans Olav Syversen og meg selv fremme forslag om at Stortinget får behandle en sak om Nasjonalmuseets framtidige innretning og lokalisering.
Presidenten: Forslaget vil bli handsama etter reglementet.