Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 25. februar 2009 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Torbjørn Andersen (FrP) [11:22:54]: Jeg har følgende spørsmål til kommunal- og regionalministeren:

«Debatten om ett Agder-fylke har pågått i flere tiår på Sørlandet uten resultat. Spørsmålet om fylkessammenslutning har møtt betydelig motstand blant innbyggerne i Aust-Agder. Saken går nå mot en endelig politisk avklaring i de to fylkene.

Ser statsråden flere fordeler enn ulemper ved en slik sammenslutning, og går statsråden inn for at de to fylkene skal få beholde det samme antall stortingsrepresentanter som i dag fra begge fylker også ved en eventuell sammenslutning, dvs. ti mandater til sammen?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:23:56]: Eg er usikker på kva representanten Andersen meiner med resultat. Viss ein med «uten resultat» meiner at Agder-fylka ikkje har slått seg saman, stemmer det. Fylkeskommunane har bedt meg om eit møte for å diskutera ulike sider ved samanslutningsspørsmålet, og eg har invitert begge fylka til ein samtale om dette i byrjinga av mars. Eg ser med interesse fram til dette møtet.

Når det gjeld kommunal- og regionalministeren si rolle i samanslåingar av fylkeskommunar, har departementet ifølgje inndelingslova ansvaret for samanslåingsprosessen etter at fylkeskommunane har gjort positivt vedtak om dette. Så er det slik at Stortinget har vedteke at fylkes- og kommunesamanslutningar skal skje på frivillig grunnlag. Det inneber at det er opp til fylkestinga sjølve å vurdera – og eventuelt gjera vedtak – om dei ser fleire fordelar enn ulemper ved ei samanslåing. Eg vil berre konstatera at eit samanslått Agder ikkje vil bli eit spesielt stort fylke. Det samla innbyggjartalet er i dag om lag 275 000, ikkje så ulikt landsgjennomsnittet. Arealet vil bli om lag 16 500 kvadratkilometer.

Når det gjeld talet på stortingsrepresentantar i Agder-fylka viss fylkestinga går inn for å førebu ei samanslutning, vil ein til stortingsvalet i haust ha same valdistriktsinndeling og same tal utjamningsmandat som i dag. Agder-fylka vil såleis uansett ha same tal stortingsrepresentantar i komande valperiode.

Torbjørn Andersen (FrP) [11:26:16]: Takk for det – jeg får bare ta det svaret til etterretning. Jeg skal se litt nærmere på det.

Men jeg vil gjerne følge opp, for dette er jo et meget aktuelt spørsmål på Sørlandet. Dersom det blir politisk tilslutning i de respektive fylker for å gå videre i denne sammenslutningsprosessen, noe man regner med blir avklart i løpet av april, støtter statsråden da det syn at det også bør avholdes en folkeavstemning når det gjelder spørsmålet om sammenslutning av disse to fylkene, i tråd med det hennes eget fylkesparti i Aust-Agder har gått inn for? Og bør ikke et resultat av en slik folkeavstemning da respekteres både av – selvsagt – fylkestingene og også av Stortinget?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:27:16]: Lat meg seia om folkerøystingar: Slik praksis er i Noreg på det området, er dei rådgjevande. Det er òg slik at i stortingsmeldinga om eit styrkt lokaldemokrati, som no ligg til behandling i Stortinget, legg vi formelt til rette for å lovfesta lokale folkerøystingar. Vi føreslår det – og i tillegg utarbeiding av statistikk. Men om det skal haldast folkerøysting i Agder-fylka eller ikkje, er det opp til fylkestinga å avgjera.

Så kan eg leggja til at eg har òg registrert, som representanten Andersen, at her er det ein debatt i ulike parti, og her er det òg ulikt syn – så vidt eg skjønar – i dei forskjellige partia, både i Aust-Agder og i Vest-Agder, og òg internt blant lokale røyster.

Torbjørn Andersen (FrP) [11:28:28]: Jeg merker meg statsrådens svar med en viss interesse. Men jeg vil også få utfordre statsråden: La oss tenke oss at det blir et nei fra Aust-Agder fylkesting vedrørende det å gå videre i prosessen om sammenslutning i løpet av denne våren. Mener ikke statsråden at saken om fylkessammenslutning i Agder i så fall er lagt død? Det er vel – i alle fall slik jeg vurderer det – utenkelig at staten og Stortinget skal gå inn og bruke tvang for å slå de to fylkene sammen dersom det ikke er politisk flertall i Aust-Agder fylkesting for en slik sammenslutning.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:29:14]: Eg trur at eg i mitt fyrste svar gjorde både ryddig og klart greie for kva som her er prosessen, altså at initiativet blir teke lokalt, vedtaket blir gjort lokalt, før departementet i det heile kjem inn. Men eg kan jo seia frå mi side at eg synest det er teke eit interessant initiativ. Eg ser fram til den orienteringa som eg no vil få på det møtet som er fastsett.

Så kan eg òg bruka anledninga til å seia til dette med valdistrikt at det er nedfelt i Grunnlova at vi skal ha 19 valdistrikt, og det krevst grunnlovsendringar for å endra det talet. Det er noko som tek tid. Så om det skulle bli snakk om endring av Grunnlova, vil dette fyrst kunna setjast i verk ved valet i 2017.

: