Stortinget - Møte onsdag den 14. januar 2009 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 5
Jan Bøhler (A) [11:50:25]: Jeg vil stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«På 3 av 4 dager i første arbeidsuke på nyåret har det i morgenrushet vært store problemer i togtrafikken i Oslo-området. Da direktøren for Jernbaneverket kommenterte dette 7. januar, sa hun at arbeidet for å hindre feil og forsinkelser vil ta atskillige år. Stortinget bevilget i juni 2008 ekstra midler til Jernbaneverkets vedlikehold i Oslo-området for raskest mulig å forbedre situasjonen.
Hva vil statsråden gjøre for å forsikre seg om at togreisende i Østlandsområdet ikke skal oppleve kaos i flere år framover?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:50:59]: Som eg tidlegare har uttala både i Stortinget og i andre fora, er eg ikkje nøgd med den utviklinga som har skjedd når det gjeld punktlegheit og regulariteten i togtrafikken. Ikkje minst gjeld dette for togtrafikken i Oslo-området. Denne utviklinga er uheldig, og ho svekkjer tilliten til toget. Den nedslitne skjenegangen og gamle signal- og sikringsanlegg som burde vore utskifta for lang tid sida, er i stor grad årsaka til dette. På toppen kjem at det i dei siste åra har vore ein stor trafikkauke – som er svært ynskt – med ei svært høg utnyttingsgrad av jernbanekapasiteten, samstundes med at det går føre seg eit utbetringsarbeid i Oslotunnelen og store anleggsarbeid i Vestkorridoren. Den store trafikkmengda, særleg i rushtrafikken, gjer at konsekvensane av feil som oppstår, vert ekstra store i Oslo-området.
I tillegg til ei ekstraløyving på 100 mill. kr i 2008 er det i 2009-budsjettet løyvd 220 mill. kr til vidareføring av utbetringsarbeidet som no går føre seg i Oslotunnelen. Dette utbetringsarbeidet vil ha positiv verknad for togtrafikken etter kvart som det vert ferdigstilt. I tillegg til sjølve tunnelen er det òg naudsynt å føreta store fornyingar av jernbanestrekninga mellom Etterstad og Lysaker som inngår i det me kallar Osloprosjektet. Jernbaneverket arbeider no med ein hovudplan for dette omfattande fornyingsarbeidet, som eg vil kome tilbake til i samband med Nasjonal transportplan 2010–2019.
Som sagt, driftsstabiliteten i togtrafikken vil verte betre etter kvart som utbetringa av Oslotunnelen vert ferdig, men den store endringa vil kome fyrst når heile Oslo-prosjektet, saman med anleggsarbeidet i Vestkorridoren, er ferdig etter planen i 2011. Dette er eit arbeid som har stort fokus hjå samferdsleministeren og hjå Regjeringa. Det er navet i jernbanetrafikken me snakkar om her. Eg følgjer dette arbeidet tett, og eg skal gjere alt eg kan for å få trafikken på skjenene, bokstaveleg talt.
Jan Bøhler (A) [11:52:58]: Jeg takker statsråden for et godt svar. Vi pleier jo å ha gode nyttårsforsetter, og i så måte var det en dårlig start, noe sikkert statsråden er enig i, med disse innstillingene tre av fire dager i første arbeidsuke på nyåret. Det jeg er opptatt av, når Jernbaneverkets direktør understreker at det vil ta år å få til en opprustning som virkelig vil forebygge de store innstillingene og problemene, er at det er viktig å kombinere opprustningen med et veldig stort trykk på det daglige vedlikeholdet. For det er jo åpenbart at når det gjelder slike ting som signalfeil, kjøreledninger som faller ned, og stivfrosne kabler, er det vanskelig for togpassasjerer å forstå at man ikke kan følge bedre med på slike utsatte punkter og ha større trykk og større årvåkenhet i forhold til å følge med fra dag til dag på punkter i nettet hvor det klikker. Så det er et godt svar å si at det vil ta år, men jeg er opptatt av å spørre statsråden om hun føler at det er nok trykk på den daglige oppfølging av de utsatte punkter.
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:54:10]: Det spørsmålet som representanten no tek opp, har vore tematisert i samtaler med Jernbaneverket. Det som har vist seg når ein no har gått inn i Oslotunnelen, som er det vanskelegaste punktet her, er at ein etter kvart som ein går inn og begynner å jobbe, ser større manglar enn det ein såg føre seg på førehand. Det viser igjen at det er fyrst no etter at denne regjeringa har teke over, at ein verkeleg går inn i denne materien. Så kan ein frå opposisjonen si side seie at me peikar tilbake. Det skal eg la vere å gjere, men det er klart at her har ein avdekt at òg i det daglege vedlikehaldet har det vore så store forsømingar at det oppstår feil på plassar der ein rett og slett ikkje trudde at feil skulle oppstå. Det vert lett det same som skjer på rasområde – raset går der ein ikkje trur det kjem. Det er noko av det same ein opplever på jernbaneområdet. Men ein fokuserer mykje på dette, og det er stilt midlar til disposisjon for Jernbaneverket – fullt ut det ein har ynskt seg – i budsjettet for òg å kunne fokusere på det daglege vedlikehaldet i større grad enn tidlegare.
Jan Bøhler (A) [11:55:15]: Jeg er glad for det, og glad for at statsråden engasjerer seg så konkret. Noen av disse feilene som har vært nå på nyåret f.eks., har jo vært kjøreledninger, stivfrossen kjøreledning eller kabel ved Lillestrøm, det har skjedd ute ved Kolbotn – det har vært også andre steder på nettet enn bare i selve Oslotunnelen. Det er jo vanskelig å skjønne at man ikke f.eks. er vant til kuldegrader og at kabler kan fryse osv., og at man ikke har et opplegg for å sikre sånne ting. Så det jeg lurer på, er om det hadde vært en tanke, når vi ser trykket på det løpende vedlikehold – det er understreket av statsråden etter det jeg vet, ved flere møter, såkalte innkallinger på teppet, i løpet av de par siste årene – å se på flere tiltak i forhold til å øke trykket, f.eks. en uavhengig evaluering av Jernbaneverkets rutiner når det gjelder det løpende vedlikeholdet, og se om det er god nok kvalitet rett og slett på det arbeidet i dag.
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:56:23]: For å få maksimalt trykk på arbeidet i Oslo-området har det vore nedsett ei eiga arbeidsgruppe som har hatt dette som dedikert arbeidsområde. Til dei møta som representanten viser til: Det har ikkje vore innkalling på teppet, det har vore møte rett og slett for gjensidig informasjonsutveksling og for å oppdatere statsråden på stoda. Men det får lett ei slik vinkling i media – eg ser det.
Eg har ikkje sett behovet for ei evaluering av arbeidsmetodikken, men i og med at representanten tek dette opp her i Stortinget, skal eg ta ein gjennomgang frå departementet si side for å sjå om det er noko som kan gjerast for å arbeide smartare eller på andre måtar med det daglege vedlikehaldet for å kunne førebyggje det me dessverre har sett for mykje av no i tida etter nyttår.