Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 2008 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 8
Elisabeth Aspaker (H) [12:18:50]: Dette blir nesten samferdselsministerens spørretime, hadde jeg nær sagt!
Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«Før utlysing av nye anbud for forpliktelse til offentlig tjenesteytelse (FOT) inviterte departementet til innspill. Sør-Troms Regionråd og Ofoten Regionråd har sammen med Troms fylkeskommune dokumentert behov og kommet med klare anbefalinger for et bedre tilpasset regionalt flytilbud over Evenes. Ved utlysingen av FOT for perioden 2009–2012 viser det seg at innspillene overhodet ikke er hensyntatt, og det legges opp til et rutetilbud og en prising som rammer Evenes svært negativt.
Hva er statsrådens forklaring på dette?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:19:31]: Staten kjøper tenester på det regionale flyrutenettet i Noreg for i overkant av 1/2 milliard kr årleg. Kjøpet skjer ved anbodskonkurranse der flyselskapa konkurrerer om ruter som av Samferdslesdepartementet er pålagde såkalla forpliktingar til offentleg tenesteyting, forkorta FOT. Flyrutene vert kjøpte på kontraktar som gjeld for tre år av gangen. Samferdsledepartementet har nyleg fått inn tilbod på rutedrift av 18 ruteområde, som skal gjelde i tre år frå 1. april 2009. Desse kontraktane vil verte tildelte like over nyttår.
Statleg kjøp av flyrute ved Harstad/Narvik lufthamn, Evenes var blant ynska som vart spelte inn til Samferdsledepartementet før denne anbodsrunden. Harstad/Narvik lufthamn, Evenes er i dag ikkje omfatta av det statlege kjøpet av regionale flyruter.
I vurderinga av flyrutekjøpet har Samferdsledepartementet teke omsyn til trafikkstandarden og trafikkutviklinga på flyrutestrekningane, både for dei rutene som i dag har statleg kjøp, og for andre ruter. Innanfor dei gjeldande rammene for flyrutekjøp er det ikkje funne rom for å ta inn nye ruter i det statlege flyrutekjøpet i denne omgangen.
Rutene som i dag vert kjøpte av staten, omfattar om lag 6 pst. av den totale flytrafikken i Noreg, målt i talet på avreiste passasjerar. Resten er kommersielle ruter. Det er altså framleis slik at hovuddelen av passasjerane flyr med ruter som flyselskapa etablerer på kommersiell basis. Statens Flyrutekjøp er, og skal vere, eit supplement der marknaden ikkje er sikra eit flyrutetilbod.
Som følgje av at me har ein liberalisert luftfartsmarknad, er det opp til flyselskapa sjølve å bestemme rutetider og billettprisar på rutene der staten ikkje er engasjert i drifta.
På Harstad/Narvik lufthamn, Evenes er det eit kommersielt rutetilbod til og frå Oslo, Bodø og Tromsø. Staten kjøper flyruter mellom Narvik lufthamn, Framnes og Bodø. Det er fungerande buss- og rutebåttilbod i regionen. I sum vurderer eg det eksisterande rutetilbodet som tilfredsstillande og har ikkje gått inn for å utvide ordninga med offentleg kjøp av flyruter til å gjelde ruter på Harstad/Narvik lufthamn, Evenes.
Elisabeth Aspaker (H) [12:21:39]: Jeg takker for svaret, men statsråden har sikkert forståelse for at jeg hadde ønsket meg et annet svar enn det.
For regionen og for det næringslivet som befinner seg i nordre Nordland og Sør-Troms, og som har sterke forbindelser både ned mot Helgeland og mot Finnmark, med rute via Tromsø og Bodø, vet vi at det er et svært dårlig fungerende rutetilbud i dag. Faktisk er det sånn at korte møter nord og sør for denne regionen må man bruke en hel dag på.
Så jeg vil på nytt stille statsråden spørsmålet: Hva slags vurdering er det som ligger til grunn for at man fortsatt skal kjøpe ruter på flyplassene rundt Evenes, altså Framneslia i Narvik og mot Andenes, og sørge for gode forbindelser den veien, mens det næringslivet som sokner til Evenes, fortsatt skal avspises med et svært dårlig tilbud?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:22:41]: Det er jo ein forunderleg situasjon at representantar for parti som ynskte å leggje ned og redusere tilbodet på det regionale nettet i førre periode, no tek til orde for å auke tilbodet på det regionale nettet. Slik kan altså verda snu seg rundt.
Det som me har lagt til grunn når me har vurdert denne saka, er kva trafikkgrunnlag som er på dei ulike flyplassane, kvar det er umogleg å halde i gang eit kommersielt tilbod, og kvar ein ser at det er mogleg å få gjort det. På den omtalte flyplassen har det vore mogleg, og der er det framleis eit kommersielt tilbod. Og igjen: Då vert det merkeleg at eit parti som er oppteke av det private initiativ og private løysingar, tek til orde for at staten skal gå inn og overta område der private i dag driv kommersiell drift.
Elisabeth Aspaker (H) [12:23:52]: Som statsråden er kjent med, kom forslaget om å legge ned Framneslia nettopp for å få et bedre tilbud over Evenes, og man mente at den flyplassen som i dag er stamflyplass for Narvik, også kunne være den regionale flyplassen i regionen. Statsråden er vel også kjent med det store Hålogalandsbru-prosjektet, som også vil innebære at man veksler inn Framneslia og vil få Harstad/Narvik lufthavn, Evenes som en større og viktigere flyplass, som også vil få disse regionale rutetilbudene rutet via seg.
Men det spørsmålet koker ned til, er om statsråden er bekvem med at spesielt oljenæringen, for å sette navn på det, som er stor og tung i Harstad, og som har viktige forbindelseslinjer ned mot Helgeland og ikke minst oppover til Hammerfest, ikke skal få noe gehør, heller ikke når den har et samlet næringsliv i en stor region bak seg, og også fylkeskommunene.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:24:55]: Det er viktig å sjå tilbodet i denne regionen i samanheng, og derfor er det òg aktuelt å følgje opp vedtaket frå Narvik i forhold til bygging av ei bru når me no vurderer kva tiltak som skal inn i Nasjonal transportplan, og dermed eventuelt òg i den samanheng vurdere Narvik lufthamn, Framnes. Det er så langt ikkje gjort noko vedtak på det, men det er jo eit av dei tiltaka som ein vurderer i forhold til å sjå heile situasjonen i samanheng. Me har halde oppe Narvik lufthamn, Framnes i tråd med Stortinget sitt vedtak i samband med førre Nasjonal transportplan, og me følgjer opp Soria Moria-erklæringa sitt prinsipp om at lufthamnene vert haldne oppe med mindre det lokalt er ynske om å leggje ned. Det er ein meir relevant diskusjon enn å diskutere om staten skal gå ytterlegare inn med kjøp på dei store flyplassane i området.