Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 2008 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 7
Torbjørn Hansen (H) [12:11:18]: Jeg vil stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«Vedtak fra Post- og teletilsynet av 17. november 2008 betyr at mobilaktører mister et viktig incentiv for utbygging av nytt mobilnett. Det har vært et politisk mål å få på plass et tredje nett av hensyn til konkurransen og økt mobildekning i hele landet. Hvis planlagt utbygging av nett bortfaller kan dette bety tap av hundrevis av jobber, noe som i krisetider bør unngås.
Vil statsråden stå ved målet om et nytt nett, og sørge for en rask avklaring slik at utbyggingen kan ta til og tap av jobber forhindres?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:11:56]: Føremålet med reguleringa av den norske marknaden for elektronisk kommunikasjon er å sikre brukarane i heile landet gode, rimelege og framtidsretta elektroniske kommunikasjonstenester gjennom effektiv bruk av samfunnet sine ressursar ved å leggje til rette for berekraftig konkurranse og stimulere til næringsutvikling og innovasjon. For å leggje til rette for konkurranse peiker Post- og teletilsynet ut tilbydarar med sterk marknadsstilling i ei rekkje førehandsdefinerte marknader og pålegg spesialtilpassa regulatoriske plikter som skal bidra til å bøte på identifiserte konkurranseproblem i marknadene. Ein av marknadene som vert regulert, er marknaden for mobil terminering. Bakgrunnen for denne reguleringa er at tilbydarane i praksis har moglegheit til å fastsetje monopolprisar på avslutting av samtalar, såkalla terminering, i eige nett, og at det er konkurrentane sine kundar som vert fakturerte for termineringsprisen.
Post- og teletilsynet fatta i 2007 vedtak som medførte at Telenor ASA og NetCom AS frå 1. juli i år har eit symmetrisk nivå på termineringsprisane sine. Termineringsprisane til dei to selskapa vil via ein trappetrinnsmodell verte sette ned til 45 øre i 2010. Størsteparten av trafikken i Noreg vert terminert i desse to netta. Tilsynet påla også Tele2 å redusere sine termineringsprisar i denne vedtaksrunden. Vedtaket om NetCom og Tele2 sine prisar vart påklaga til departementet som klageinstans. Den delen av vedtaket som gjaldt NetCom, vart halde ved lag av departementet. På bakgrunn av at Tele2 fremma nye opplysningar i saka om at selskapet saman med Network Norway AS hadde konkrete planar om å byggje ut eit felles mobilnett, vart det avgjort at Tele2 sine termineringsprisar ikkje skulle reduserast før styresmakta hadde fått oversikt over den nye situasjonen. Tele2 si sak vart derfor send tilbake til Post- og teletilsynet for ei ny vurdering.
Når det gjeld det nye vedtaket frå tilsynet, legg dette opp til at også andre tilbydarar enn Telenor og NetCom frå neste år trinnvis skal redusere termineringsprisane sine. Samferdsledepartementet er klageinstans for vedtak fatta av Post- og teletilsynet. Klagefristen var 8. desember i år, og departementet har registrert at det har kome inn sju klager. Dersom Post- og teletilsynet etter å ha sett seg inn i klagene, finn å ville halde ved lag vedtaket sitt, skal tilsynet i tråd med rettleiande saksbehandlingsreglar for klager på vedtak sende klagene saman med innstillinga si til departementet innan 8. februar 2009. Klagene vil deretter verte handsama i departementet. Departementet er oppteke av føreseielege rammevilkår i mobilmarknaden. Departementet er òg oppteke av å utføre ei grundig og forsvarleg sakshandsaming. Klagene vil på denne bakgrunnen verte handsama så raskt som mogleg innanfor desse rammene.
Eg har ikkje på det noverande tidspunktet høve til å kommentere saka sine realitetar, i og med at klagesaka ligg hos meg.
Torbjørn Hansen (H) [12:14:56]: Jeg vil takke for svaret.
Dette er en komplisert regulatorisk sak, men konsekvensene av feilgrep her vil jo være ganske enkle og for så vidt alvorlige.
Så vidt jeg forstår, er en del av begrunnelsen til Post- og teletilsynet at man ønsker å tilpasse dette regelverket til utviklingen i EU. Men nå er det jo slik at situasjonen i EU er dramatisk annerledes enn i Norge. De fleste EU-land har god konkurranse på mobilnett – det er mange mobilnett i bruk – mens Norge har et duopol, kun to nett. Det er også slik at en del land i EU ikke går i den retning som Post- og teletilsynet nå foreslår, og Norge har heller ikke forpliktelser pr. i dag til å følge det vedtaket som Post- og teletilsynet har lagt fram.
Ser ikke statsråden at argumentet om EU-tilpasning i denne saken blir nesten meningsløst sett i lys av at vi har et duopol, og at vi trenger reguleringer i en periode nå for å sikre god konkurranse i vårt mobilmarked?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:15:53]: Reint generelt er eg av den oppfatning at me ikkje skal springe beina av oss for å tilpasse oss situasjonen i EU på ulike område. Det betyr at eg i dei sakene som no ligg føre, kjem til å setje meg nøye inn i kva situasjonen er i sakskomplekset, kva som er gjeldande regelverk i EU, og om vi på noko vis er forplikta til å følgje det.
Det er viktig for at me skal få gode tenester i heile landet, at me har ein god konkurranse, og det er viktig at det ligg incentiv til at ein skal fortsetje utbygginga for å få endå betre dekning rundt i heile landet, og ikkje berre ein konkurranse som av og til kan verke som å vere verksam berre i dei aller største byane. Det er òg moment som eg sjølvsagt vil ta med meg på det reint generelle planet, men eg kan altså ikkje gå inn i sjølve sakshandsaminga her i dag.
Torbjørn Hansen (H) [12:16:52]: Jeg takker for det svaret også.
Så vidt jeg forstår, står det nå aktører klar til å bygge ut nett. Det vil medføre aktivitet i bygg- og anleggssektoren, og det vil medføre en motivasjon også for andre aktører til å øke sin grad av dekning over hele landet.
Men det som vi vet nå, er jo at rammebetingelser for å gjøre store investeringer i Norge er veldig eksponert mot finanskrisen, og enhver slik regulatorisk usikkerhet vil skape store problemer i forhold til å få igangsatt denne type investeringer. Derfor vil framdriften i saksbehandlingen her være ekstremt viktig når det gjelder å få igangsatt disse investeringene, og for at disse aktørene skal kunne komme i gang.
Statsråden sa i sitt første svar at departementet først vil få denne saken den 8. februar 2009, så vidt jeg forstod. Ser statsråden noen mulighet for å gjøre dette raskere, slik at vi unngår en unødvendig forsinkelse av bygging av et tredje mobilnett i Norge?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:17:52]: I og med at fristen for klagesaker var 8. desember og Post- og teletilsynet må ha ei moglegheit til å gå igjennom dei klagene som er komne, på ein forsvarleg måte og vurdere om dei skal gjere om vedtaket sitt – noko som det kan hende dei bestemmer seg for å gjere – og vi no har ei julehelg som i år eigentleg strekkjer seg over to veker, meir eller mindre, trur eg det er vanskeleg å gå utover det som er dei normale retningslinjene her, nemleg at Post- og teletilsynet skal ha to månader til å gjere si vurdering. Deretter ynskjer eg at me skal få handtert eventuelle saker som kjem til oss, på ein rask og effektiv måte, og eg skal prøve å medverke til det så godt som eg kan.