Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 2008 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 6
Borghild Tenden (V) [12:03:22]: «Stortinget har over tid prioritert drift og vedlikehold på jernbanen. Allikevel opplever vi store problemer, spesielt i Oslo-området. Dette året ligger an til å bli et nytt rekordår i antallet innstillinger i persontrafikken. I 2001 ble det brukt omtrent like mye til drift og vedlikehold som det legges opp til for 2009, omregnet til 2007-kroner.
Hvilke tiltak vil statsråden iverksette for å snu den negative trenden og intensivere arbeidet med å få orden på driftsproblemene på jernbanen?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:04:07]: Eg viser til mitt svar på skriftleg spørsmål nr. 330 frå stortingsrepresentanten Borghild Tenden i brev av 2. desember d.å. og til mitt svar på spørsmål frå stortingsrepresentanten Arne Sortevik i spørjetimen onsdag den 19. november d.å., der eg gir svar på nokolunde same spørsmål.
Det høge talet på innstillingar i persontrafikken i 2009 kjem m.a. av toginnstillingar for å kunne gjennomføre naudsynt vedlikehald på jernbanelina. Dette gjeld særleg i Oslo-området på grunn av arbeidet med opprusting av Oslotunnelen og det store anleggsarbeidet som går føre seg i Vestkorridoren. Auka kapasitetsutnytting, særleg i rushtrafikken der kapasiteten fleire stader er fullt utnytta på jernbanenettet, har òg gjort det vanskelegare å gjennomføre naudsynt vedlikehald på jernbanelina på ein effektiv måte utan at dette skapar problem for togtrafikken. Eg har god tru på at driftsstabiliteten i togtrafikken vil verte betre etter kvart som utbetringsarbeida i Oslotunnelen vert ferdige, og ikkje minst når anleggsarbeidet i Vestkorridoren er avslutta i 2011.
Dessverre har ikkje skiftande storting og regjeringar over tid hatt prioritet på drift og vedlikehald av jernbana i tilstrekkeleg grad. Det gjer at store delar av jernbanenettet har gamle tekniske anlegg som det er krevjande å vedlikehalde for å kunne sikre driftsstabiliteten i togtrafikken. Dette er òg årsaka til at eg har vore nøydd til å prioritere løyvingar til drift og vedlikehald høgare i planperioden 2006–2009 enn det var lagt opp til i den vedtekne planramma.
Som eg sa i mitt innlegg i budsjettdebatten i samband med handsaminga av 2009-budsjettet, er den største utfordringa å få orden på den daglege drifta som kan sikre ein betre og meir driftsstabil togtrafikk. Den høge alderen på dei tekniske anlegga betyr at det framleis er behov for å ha høg prioritet på vedlikehald og fornying av det eksisterande jernbanenettet, noko eg vil kome tilbake til i samband med Nasjonal transportplan 2010–2019.
Eg har merka meg at stortingsrepresentant Borghild Tenden i sitt spørsmål viser til at løyvinga til drift og vedlikehald i 2009 er om lag på same realnivå som ho var i 2001. Eg veit ikkje kor Tenden har tala sine frå, men denne regjeringa har i statsbudsjettet for 2009 auka satsinga på drift og vedlikehald av jernbanenettet med om lag 550 mill. kr samanlikna med Bondevik II-regjeringa sitt framlegg i 2006-budsjettet omrekna til 2009-kroner. Løyvinga i 2009 er dermed om lag 500 mill. kr høgare enn ei jamn fordeling av planramma i Nasjonal transportplan 2006–2009. Eg er likevel særs glad for at representanten Tenden og fleirtalet i Stortinget har slutta seg til denne naudsynte auken i Jernbaneverket sitt drifts- og vedlikehaldsbudsjett.
Borghild Tenden (V) [12:06:47]: Jeg takker statsråden for svaret. Når det gjelder tallene, er de faktisk hentet fra Regjeringens egne dokumenter.
Så til oppfølgingsspørsmålet. Venstre er opptatt av å få mer vei og jernbane for pengene, og uten at dette skal gå ut over de ansatte – for å ha sagt det, så slipper jeg å bli møtt med det igjen.
Ser samferdselsministeren for seg at man kan legge banestrekninger ut på funksjonskontrakter, slik som det er gjort for vedlikeholdet innenfor vei, for på den måten å kunne stille strengere krav til bl.a. oppetider, slik at man kan få klare ansvarsforhold for de ulike banestrekningene? Jeg vet at man bl.a. på Gjøvikbanen er opptatt av nettopp dette.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:07:42]: Fyrst: Dersom det er slik at vedlikehaldsbudsjettet til Jernbaneverket er det same i 2009 som i 2001, betyr det i så fall at eg har brukt dei siste tre åra på å rette opp att dei kutta som Bondevik II-regjeringa gjorde på sitt drifts- og vedlikehaldsbudsjett i perioden 2003–2006. Den tabellen eg har, kan vel vise at det er riktig. I 2001 var det 3 349 mill. kr, og i 2009 var det 3 801 mill. kr – for å vere nøyaktig på tala, omrekna til 2009-kroner.
Funksjonskontraktar på veg har vore ein blanda suksess. Frå landet rundt har me fått melding om at ein er misnøgd med vedlikehaldet på veg etter at ein starta med funksjonskontraktar, og at standarden har gått ned. Det ser vi no nærare på. Før eg har fått svaret på om inngåing av funksjonskontraktar har ført til dårlegare vedlikehald på veg, ynskjer eg ikkje å gå den vegen med jernbanen. Men no er det òg slik at vedlikehaldskontraktar, ein stor del av dei, òg er på anbod i Jernbaneverket sitt system.
Borghild Tenden (V) [12:08.51]: Jeg takker igjen for svaret. I mitt siste spørsmål ønsker jeg å se framover i tid.
I dagens spontanspørretime ble statsministeren utfordret på den krisepakken som det nå jobbes med i Regjeringen. Statsministeren nevnte bl.a. at det kunne bli aktuelt med grønne strakstiltak for jernbane og kollektivtrafikk. Min bekymring er stor knyttet til Oslotunnelen, som også statsråden var inne på. Bekymringen min knytter seg til at det der jobbes bare 3,5 timer pr. natt, og at de kollektivreisende stadig blir forhindret i å komme til jobb og barnehage på grunn av signalfeil. Samferdselsministeren sier at vi må vente til 2012 for at det skal skje en bedring. Men da tenker jeg: Kunne dette være en del av krisepakken, slik at anleggsbransjen kan sette inn alt de har, for å gjøre noe med Oslotunnelen?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:10:01]: Det er rett at gjeldande ruteplanar gir prosjektet normal sportilgang på 3,5 timar i løpet av døgnet. Nettopp derfor sette eg ned ei eiga prosjektgruppe der både NSB og andre som driv på jernbanen saman med Jernbaneverket har sett på korleis ein kan få ytterlegare tilgang på tid. Derfor har eg no lagt om ruteplanen, som er bindande mellom partane, og som ikkje var tilpassa effektiv framdrift, slik at ein har fått tilgang til meir tid. Den same gruppa vurderer fortløpande korleis ein skal gi meir tilgang til Jernbaneverket for å kunne få opp farten på utbetringane.
Når det gjeld økonomien i dette, har me tilført alle dei midlane Jernbaneverket har etterspurt. Dei har altså fått 100 pst. av dei ynska dei har hatt for nettopp dette prosjektet, som eg ser på som det aller viktigaste for å få gjort noko med dei innstillingane som me har hatt i dette området.