Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 2008 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 5
Anne Margrethe Larsen (V) [11:58:12]: «Tunnelprosjektet Hidra Landfast i Flekkefjord, Vest-Agder, er nesten fullfinansiert til 284 mill. kr. Prosjektet kan startes opp raskt. Samferdselsdepartementet må snarest avklare ordningen med alternativ bruk av ferjesubsidier, nemlig en utvidelse av perioden for bruk av ferjetilskudd som investeringsmidler og bompengefinansiering, fra 15 til 20 år. Kommunen og fylkeskommunen har i lang tid forgjeves bedt om møte i saken. Viser også til skriftlig spørsmål nr. 1567 for 2007-2008.
Vil statsråden nå sørge for en driftsperiode på 20 år?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:59:03]: Som eg nyleg gjorde greie for i mitt svar på skriftleg spørsmål, nr. 1567, vurderer Regjeringa no ordninga med alternativ bruk av ferjesubsidiar. I den samanhengen vert også lengda på perioden for årleg refusjon frå staten vurdert. Eg vil eventuelt kome tilbake til Stortinget med saka.
Ansvaret for det vesentlegaste av riksvegar elles skal overførast til fylkeskommunane gjennom forvaltningsreforma. Det betyr at fylkeskommunane vil verte ansvarlege for løyvingar til det nedklassifiserte vegnettet frå og med 2010. Midlane må dermed takast frå det generelle rammetilskotet frå staten til fylkeskommunen.
Hidra Landfast må ha fullfinansiering for å starte opp, og dette vil frå og med 2010 vere eit fylkeskommunalt ansvar. Det vert opp til fylkeskommunen å vurdere om det er føremålstenleg å bruke ei ordning med alternativ bruk av ferjetilskot. Refusjonen vil i så fall måtte skje innanfor fylkeskommunen sitt eige budsjett.
Anne Margrethe Larsen (V) [12:00:07]: Jeg takker for svaret, selv om det kanskje ikke var helt slik som jeg hadde ønsket.
Arbeidet med en undersjøisk tunnelforbindelse mellom Hidra og fastlandet har pågått i mange år, og det er tverrpolitisk enighet om dette prosjektet. Men nå synes nok mange av oss at det drar ut med de prinsipielle avklaringene og den videre framdriften, selv om statsråden sier at her kan det bli fylkeskommunalt.
Spørsmålet om bompengesøknad er faktisk avgjørende for om driftstilskuddet gis i 20 år. Kan samferdselsministeren i dag anbefale Statens vegvesen Region sør å sende en bompengesøknad som innebærer netto driftstilskudd i 20 år?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:00:54]: Om ein vil sende ein bompengesøknad frå Statens vegvesen, som då må godkjennast av dei lokale styresmaktene, er ei sak som statsråden ikkje skal meine noko om. Det må ein vurdere der. Og om ein vil leggje inn ei lengre tid enn dei 15 åra som pr. i dag gjeld, som den førre regjeringa stadfesta, og som heller ikkje me har endra så langt, men som no er til vurdering, vert òg ei vurdering som ein må gjere lokalt.
Som elles vil eg ikkje ha noka formeining om korleis ein skal utforme ein bompengesøknad, for det er ei lokal sak, og det må ein avgjere lokalt.
Anne Margrethe Larsen (V) [12:01:48]: Takk for avklaringen.
Jeg er kjent med at statsråden og Regjeringen nå jobber med prosjekter i 2009 i forbindelse med denne såkalte krisepakken. Jeg er sikker på at statsråden får mange spørsmål om dette, men kan det snart ferdigstilte prosjektet Hidra Landfast være et egnet prosjekt for å gi folk sysselsetting i 2009?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:02:15]: No er ikkje eg heilt oppdatert på status for Hidra Landfast. Men slik som det framstår gjennom dei spørsmåla som no har vorte stilte, kan det sjå ut for meg som om den saka ikkje er moden til å verte starta opp i 2009, om ein enno ikkje har fått fram ein bompengesøknad. Men eg må seie det med atterhald om at eg ikkje kjenner saka, for eg har ikkje hatt saka på mitt bord.
Det som er viktig i forhold til ei pakke, er at me har prosjekt som kan setjast i gang raskt, som då kan gi aktivitetsauke og sikre at folk som elles må gå ut i arbeidsløyse, får behalde eit viktig arbeid for både sin region og for landet. Om dette er eit slikt prosjekt, kan eg dessverre ikkje gi noko meir konkret svar på.