Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte torsdag den 20. november 2008 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland

Dokumenter: 

Sak nr. 6 [13:23:26]

Innstilling fra næringskomiteen om representantforslag fra stortingsrepresentantene Torbjørn Hansen, Elisabeth Røbekk Nørve, Bent Høie, Peter Skovholt Gitmark og André Oktay Dahl om et styrket tilsyn med offentlige anskaffelser

Talere

Votering i sak nr. 6

Votering i sak nr. 6

Presidenten: Under debatten er det sett fram seks forslag. Det er

  • forslaga nr. 1 og 2, frå Kåre Fostervold på vegner av Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre

  • forslag nr. 3, frå Kåre Fostervold på vegner av Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre

  • forslaga nr. 4–6, frå Ingebrigt S. Sørfonn på vegner av Kristeleg Folkeparti

Presidenten: Det blir votert over forslaga nr. 4–6, frå Kristeleg Folkeparti.

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber Regjeringa snarast fremma forslag som sikrar at ideelle verksemder som yter helse‑ og omsorgstenester, herunder barnevernstenester, vert unnatekne frå kravet om anbod i lov om offentlege anskaffingar.»

Forslag nr. 5 lyder:

«Stortinget ber Regjeringa snarast sikra at Helse Sør‑Øst følgjer den avtalepraksisen for helse‑ og omsorgstenester som dei andre helseregionane følgjer.»

Forslag nr. 6 lyder:

«Stortinget ber Regjeringa om snarast å fremma forslag som sikrar at den kommunale eigenandelen på ideelle rushandsamingsplassar vert fjerna, slik at kommunane vert stilt overfor den same økonomiske situasjonen uavhengig av om kommunen nyttar ein ideell eller ein statleg institusjon.»

Votering:Forslaga frå Kristeleg Folkeparti vart med 89 mot 7 røyster ikkje vedtekne.(Voteringsutskrift kl. 18.45.10)

Presidenten: Det blir så votert over forslag nr. 3, frå Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Forslaget lyder:

«Stortinget ber Regjeringen gjennomføre en evaluering av hvilke konkurransemessige konsekvenser hevingen av den nasjonale terskelverdien for utlysing av offentlige anskaffelser fra 200 000 kroner til 500 000 kroner som ble gjennomført i 2005, har fått.»

Votering:Forslaget frå Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre vart med 62 mot 34 røyster ikkje vedteke.(Voteringsutskrift kl. 18.45.36)

Presidenten: Det blir så votert alternativt mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga nr. 1 og 2, frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre.

Forslag nr. 1, lyder:

«Stortinget ber Regjeringen etablere en tilsynsordning for offentlige anskaffelser og nedsette et utvalg for å utforme forslag til en mer effektiv håndhevelse av regelverket for offentlige anskaffelser.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber Regjeringen om å innføre plikt til forenklet kunngjøring ved innkjøp under den nasjonale terskelverdien for anbudsplikt, og legge til rette for en effektiv, ubyråkratisk nasjonal web‑basert struktur for dette.»

Komiteen hadde tilrådd:

Dokument nr. 8:123 (2007–2008) – representantforslag fra stortingsrepresentantene Torbjørn Hansen, Elisabeth Røbekk Nørve, Bent Høie, Peter Skovholt Gitmark og André Oktay Dahl om et styrket tilsyn med offentlige anskaffelser – bifalles ikke.

Votering:Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre vart tilrådinga vedteken med 49 mot 47 røyster.(Voteringsutskrift kl. 18.46.27)