Stortinget - Møte onsdag den 5. november 2008 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 4
Arne Sortevik (FrP) [11:35:59]: Spørsmålet lyder:
«Stikkprøver Riksrevisjonen har gjort av 25 større veibyggingsprosjekter viser at ti hadde store overskridelser. I tillegg ble det påvist graverende regelbrudd som bl.a. manglende anbud, rot og forsinkelser. Over halvparten av prosjektene ble forsinket. Riksrevisjonen påtaler altså store mangler i gjennomføring og sluttføring av veiprosjekter i regi av Statens vegvesen.
Hva vil statsråden gjøre for å rydde opp i de forhold som er påpekt av Riksrevisjonen, og for å sikre bedre gjennomføring av veiprosjekter?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:36:45]: Denne Regjeringa har satsa på veg – me har ikkje berre prata om veg – me har no meir pengar til å drifte, vedlikehalde og investere i vegnettet vårt.
Me er opptekne av at dei løyvingane som kjem på vårt område, skal gi mest mogleg veg og bane. Regelverket for offentlege kjøp er eitt av fleire tiltak som skal bidra til å sikre dette.
Eg tek Riksrevisjonens kommentarar alvorleg, og me har brukt dei, og vil bruke dei, til å verte stadig betre.
Eg presiserer at Riksrevisjonens stikkprøver på dei oppgitte vegprosjekta fyrst og fremst er knytte til overskridingar på entreprisekontraktar. På større vegprosjekt er det vanleg med mange enkeltkontraktar. Avvik i tid og kostnad på ein enkeltkontrakt treng ikkje føre til tilsvarande avvik på det totale vegprosjektet.
Statens vegvesen nyttar i det alt vesentlege kontraktar med regulerbare mengder. Arten av arbeida er slik at mengdereguleringar alltid vil oppstå, og dei vil kunne føre til avvik i tid og kostnader samanlikna med inngått kontrakt.
Slike reguleringar må ikkje forvekslast med endringar som avbestillingar eller som bestilte tilleggsarbeid til inngått kontrakt. Det kan gjerast større tilleggsbestillingar i ein entreprisekontrakt utan at det er naudsynt å innhente nye anbod på tilleggsarbeida.
Eg er oppteken av at kvaliteten på Statens vegvesen si planlegging, prosjektering og kostnadsstyring er god. Dei forholda som Riksrevisjonen tek opp, viser at det er rom for forbetringar. Til dømes utgjer kostnadene for bestilte tilleggsarbeid i entreprisekontraktane ein for stor prosentdel samanlikna med inngått kontraktsum.
Statens vegvesen har sett i verk ei rekkje tiltak for å betre kvaliteten på styringa av entreprisekontraktane. Statens vegvesen arbeider no målretta med forbetringar på dei områda Riksrevisjonen har peika på. Samferdsledepartementet vil følgje opp dette.
Statistikken for alle avslutta vegprosjekt i 2007 større enn 5 mill. kr viser at samla sluttkostnad på landsbasis ligg 2 pst. lågare enn summen av opphavlege kostnadsoverslag. Dette er eit særs bra resultat.
Arne Sortevik (FrP) [11:39:05]: Jeg takker for svaret.
Innholdet i rapporten fra Riksrevisjonen underbygger langt på vei presseoppslag knyttet til Riksrevisjonens konklusjon, nemlig at vi har veiprosjekter som virker å være ute av kontroll. Riksrevisjonen refser faktisk norsk veibygging. Hvis man skal ha tilleggsarbeid, skal det brukes anbud, slik at hvis man da velger å kjøpe eller gi konkrete oppdrag om tilleggsarbeid, skal det dokumenteres. Hvis veiprosjekt blir forsinket, skal det brukes ulike økonomiske virkemidler hvor entreprenøren skal betale for forsinkelser, og når veiprosjekt avsluttes, skal det gjennomføres en dokumentasjon på avslutning, ikke minst knyttet til etterarbeid og ansvar for mulig etterarbeid.
Er det behov for en større opprydding i Statens vegvesen?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:40:10]: Statens vegvesen gjekk igjennom ei større omlegging for nokre få år tilbake. Det meiner eg Statens vegvesen har takla på ein god måte – sjølv om ei så stor omorganisering set store krav til ein organisasjon – både når det gjaldt regionalisering og utskilling av Mesta, som kom forholdsvis tett på kvarandre i tid. Eg har full tillit til at Statens vegvesen sin organisasjon evnar å gjennomføre prosjektstyring på ein god måte. Den kostnadskontrollen som Statens vegvesen viser til, syner at dei evnar det. Og me ser det i dei årlege årsrapportane som me får.
Eg kunne gått lenger inn i kvart enkelt prosjekt som Riksrevisjonen har teke opp. Tilleggskrav frå entreprenørar som er avviste i retten, er likevel komne med i Riksrevisjonen sin rapport. Så her er det mange ting eg kunne ha sett fingeren på, utan at me skal gå i detalj på det i dag.
Arne Sortevik (FrP) [11:41:03]: Jeg takker igjen for svaret. Like fullt går jeg ut fra at statsråden tar Riksrevisjonens rapport på høyeste alvor og tar de grep som er nødvendig.
Det er ikke første gangen Statens vegvesen kommer i søkelyset for kostnadsstyring. Det er heller ikke første gang det rettes søkelys mot Vegdirektoratet. Vi behandlet i går St.prp. nr. 70 for 2007–2008, om T‑forbindelsen, som koster nesten 1,5 milliarder kr. I Kvalitetssikringsrapporten som vi etter hvert har fått for de ulike prosjektene, og som vi også fikk for det prosjektet jeg refererer til, står det:
«Kvalitetssikringsgruppen vurderer usikkerheten i kostnadsoverslaget til å være større enn det prosjektet selv har konkludert med.»
Dette ser ut til å fortsette. Det fortsetter i helt nye prosjekter – prosjekter i størrelsesorden 1,5 milliarder kr – hvor kostnadsanslagene synes å være vel optimistiske. Det tyder det på at det fortsatt er manglende forståelse for.
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:42:21]: Om ein ser på statistikken for avslutta vegprosjekt større enn 5 mill. kr, som viser sluttkostnader på landsbasis i prosent av opphavleg kostnadsoverslag, så hadde me ein situasjon i 2001 der ein faktisk låg ganske langt over, på 13,2 pst. Det gjekk ned i 2003, til 8,8 pst. Det gjekk vidare ned i 2004, i 2005 og i 2006, og er no på 2 pst. under kostnadsoverslaget i 2007. Det meiner eg viser at i Statens vegvesen har ein hatt ei kontinuerleg fokusering på kostnadsstyring, og at ein i dag har eit system som verkar. Så vil ein nok sjå om ein går inn på dei prosjekta som Riksrevisjonen har teke opp, at det m.a. har skjedd ras, som måtte føre til tilleggskostnader. Det har vore krav frå entreprenørane, men i det materialet ligg at nokon er avviste i retten og nokon er framleis under behandling, så her må ein faktisk gå inn og sjå kva som ligg der. Men det viktige er at eg tek dette på alvor. Eg har teke det opp med Statens vegvesen. Dei jobbar no for å få endå betre styring, både i prosjekta og i avviklinga og avslutting av dei.