Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 12. mars 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål10

Thore A. Nistad (FrP) [12:16:39]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Flere og flere bomstasjoner blir nå uten mulighet for kontant betaling ved passering. Betalingsgiroer helt ned i 15 og 20 kroner blir sendt ut, og overholdes ikke betalingsfrist, er straffegebyret 350 kroner.

Hvorfor kan ikke staten opprettholde et mer publikumsvennlig system der bruker betaler med mynt eller kort ved passering?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:17:07]: Eg ser det som viktig at kostnadene ved innkrevjing av bompengar vert haldne så låge som mogleg. Statens vegvesen arbeider difor på fleire område for å effektivisere innkrevjinga, og eit av dei viktigaste effektiviseringstiltaka i denne samanhengen er å utnytte teknologiske nyvinningar for å automatisere innkrevjinga.

Ved å innføre automatiske bomstasjonar, m.a. i Oslo, sparar ein fleire millionar kroner både i investeringar, til utstyr, nye innkrevjingsbuer og til drift av bomstasjonane. Dette er midlar som i staden kan nyttast til investeringar på veg. Det er sjølvsagt viktig at ein òg held oppe ein god kundeservice ved innføring av ny teknologi. Bilistar som passerer ein automatisk bomstasjon utan å ha ein avtale og ei elektronisk brikke, har difor høve til anten å betale på ein servicestasjon i nærleiken eller få ein faktura i posten. Dersom ein får faktura i posten, har ein tre vekers betalingsfrist. Dersom ikkje denne fristen vert halden, vert det gitt ei påminning utan gebyr med nye tre vekers frist. Dersom det heller ikkje no vert betalt, vil ei tilleggsavgift på 300 kr verte ilagd.

Dersom ein passerer ein bomstasjon som har myntautomat og ein ikkje har pengar, kan avgifta betalast innan tre dagar. Dersom ikkje dette vert gjort, vil det verte gitt tilleggsavgift umiddelbart.

Etter mitt syn er ordninga i automatiske stasjonar minst like god som i bomstasjonar med manuell betaling. Det er viktig at bomstasjonane vert drivne så effektivt som mogleg, slik at meir midlar kan nyttast til det føremålet bomstasjonane er oppretta for.

Hans Frode Kielland Asmyhr hadde her overtatt presidentplassen.

Thore A. Nistad (FrP) [12:18:43]: Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg er selvsagt enig i at bompengestasjonene skal drives så effektivt som mulig, men det var ikke det jeg spurte om. Jeg spurte om de kunne drives mer publikumsvennlig.

På en henvendelse til Fjellinjen, som driver bomstasjonene i Oslo, svarer de at det er 30 kr ved første gangs purring. Ved annen gangs purring er det 350 kr. Nå sier statsråden at det er tre ukers betalingsfrist uten gebyr. Jeg går ut fra at det er statsråden som har det riktige svaret, og ikke Fjellinjen, som driver denne innkrevingen. Jeg lurer på hvem jeg egentlig skal stole på?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:19:23]: Dei opplysningane eg har fått, er dei eg har gitt. Det er heilt i samsvar med det eg sjølv har opplevd ved bompasseringa i Bergen, der eg har fått krav, og der eg òg ein gong har gløymt å betale - og fekk 300 kr ekstra for det. Så eg har kjent på kroppen at det svaret som her er gitt, iallfall er gjeldande i Bergen.

Dersom Fjellinjen har andre reglar her, beklagar eg at eg ikkje har fått teke høgd for det i mitt svar. Men det er vel knapt hovudsaka. Hovudsaka er at ein er nøydd til å ha moglegheit for sanksjonar eller tilleggsgebyr dersom ein ikkje får betaling for passeringane. Elles er eg redd for at veldig mange rekningar vil verte liggjande veldig lenge.

Thore A. Nistad (FrP) [12:20:17]: Jeg har ingen anelse om hva slags system man har i Bergen. Men de jeg spurte, og som jeg henvendte meg til, var Fjellinjen. De har da tydeligvis en helt annen praksis enn i Bergen.

Vil det da bli slik at det er forskjellig praksis? Hvis en reiser rundt i Norge på en ferietur, vil en da ha et hav av forskjellige betalingsinnkrevinger i postkassen når man kommer hjem? Skulle man da være borte mer enn tre uker, har man gebyrer på 350 kr. Synes ikke statsråden at dette er lite publikumsvennlig?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:20:55]: Til liks med dei fleste andre innkrevjingar kjem jo ikkje dette kravet på dagen. Det går ei tid frå passering til du får rekninga. Normalt vil det i alle fall vere minst ein månad før betalingsfristen er ute. Innan den tid vil eg tru at dei fleste normalt vil ha kome heim frå ferieturen.

Det som eg beklagar, er at dei opplysningane som eg har gitt i mitt hovudsvar, ikkje ser ut til å vere i samsvar med det som Fjellinjen praktiserer. Eg må få lov til å gå tilbake til mine folk og sjekke ut kva som er årsaka til det. Det er det som eg har referert her, som er hovudregelen, så det er då tydeleg at Fjellinjen nok har ein annan praksis for dette.

: