Stortinget - Møte onsdag den 27. februar 2008 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 8
Arne Sortevik (FrP) [11:29:14]: Spørsmålet til samferdselsministeren lyder:
«Viktig i arbeidet med ny NTP 2010-2019 er å legge forholdene til rette for at godstransporten i så stor grad som mulig skal gå på sjø og bane i stedet for på veg. For at de enkelte transportformene skal bli så effektive som mulig, må de fungere effektivt sammen i effektive trafikk-knutepunkt. For å få dette til må det gjøres tiltak i infrastruktur, organisatoriske tiltak og økonomiske/finansielle tiltak. Enkelte EU-land gir støtte til intermodal transport.
Hva er Regjeringens plan for å utvikle intermodal transport?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:30:02]: Den nasjonale transportplanen skal leggje grunnlaget for politiske prioriteringar, effektiv verkemiddelbruk og styrking av samspelet mellom transportformene, for på denne måten å bidra til effektive, tryggare og meir miljøvenlege transportløysingar. Regjeringa ynskjer å kome lenger i arbeidet med å uvikle intermodale transportløysingar enn i inneverande nasjonale transportplan.
Dette arbeidet skjer dels innanfor ramma av Nasjonal transportplan-prosessen og dels løpande. Mellom anna er det satsa mykje på å byggje ut jernbaneterminalane gjennom dei siste budsjetta. Noreg er òg med i EUs Marco Polo-program, som kan gje stønad til transportløysingar som bidreg til mindre vegtransport.
For å gjere multimodale transportar meir attraktive er det viktig å leggje til rette for god elektronisk kommunikasjon på tvers av transportsektorane, både for at transportbrukarane skal ha god informasjon om ulike alternativ og gjennom standardisering og forenkling av meldingssystem og -format. Gjennom utviklinga av ARKTRANS som eit nasjonalt rammeverk for multimodal ITS og gjennom aktive samarbeidsfora på tvers av transportsektorane ligg Noreg langt framme på dette området.
I grunnlagsmaterialet til Nasjonal transportplan 2010-2019 har transportetatane og Avinor AS skissert tiltak innanfor ulike område for å overføre gods frå veg til sjø og bane, slik Sortevik nemner i sitt spørsmål. Desse tiltaka vert no vurderte nærare i den vidare NTP-prosessen.
Regjeringa vil leggje fram stortingsmeldinga om NTP for Stortinget i desember i år. I meldinga vil me presentere Regjeringa sin strategi for å utvikle intermodale transportar.
Arne Sortevik (FrP) [11:31:44]: Intermodal transport er et vanskelig uttrykk, vanskelig tilgjengelig for folk flest. Men det handler om å ha et transportnett der de ulike transportmåtene henger godt sammen, og ikke minst at vi har transportknutepunkter der flere transportmåter og transportvirkemidler møtes i felles punkter, slik at overgangen fra den ene transportformen til den andre transportformen blir så god som mulig. Burde ikke et så viktig rammeverk som det å tilrettelegge for bedre transportknutepunkter kanskje vært avklart og avgjort før man kjører en høring om Nasjonal transportplan?
Her snakker vi bl.a. om å omklassifisere stamveier. Det dreier seg riktignok bare om 250 km, men det er viktig for å få vei, bane og havn til å henge sammen på en god måte.
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:32:53]: Det som vert nemnt av representanten Sortevik om omklassifisering av riksveg til stamveg, er eitt grep som vert føreslått frå etatane si side for nettopp å få eit samanhengande nett inn til dei viktige knutepunkta, til dei nasjonale hamnene og til dei viktige terminalane.
Det er klart at t.d. Alnabru og satsinga Regjeringa set i gang der, er avgjerande for at heile navet av godstransport skal fungere tilfredsstillande. Det å knyte både hamn, flyplass, veg og jernbane saman, som ein har gjort i Stavanger-området innanfor ein liten radius - eg trur det kan vere ca 10 km, i alle fall ein veldig liten radius - er eit eksempel til etterfølging for planlegging òg for andre delar av landet. Der er ein no faktisk i ferd med å få eit skikkeleg knutepunkt som er intermodalt.
Arne Sortevik (FrP) [11:34:02]: Eksempelet fra Stavanger er et godt eksempel, men der har gode aktører snakket godt sammen. Slik er det dessverre ikke alle steder. Vi har utfordringer mange andre steder, bl.a. fordi det er mange aktører som kanskje ikke snakker like godt sammen.
Et av tiltakene på det organisatoriske plan er ikke minst å få en sterk og tydelig, aktiv statlig aktør, som kan ta et overordnet grep for å få på plass disse transportknutepunktene. Mangel på slike er å ligne med flaskehalser i et nasjonalt transportsystem. Etter mitt og Fremskrittspartiets syn bør det være et sterkere statlig engasjement for å få bort flaskehalsene. Vi må se på avgiftsstruktur, se på engasjementet i terminalstruktur, men ikke minst må vi se på oppstartstøtte til å få på plass slike nødvendige transportknutepunkter.
Hvor er Regjeringens aktivitet for å få dette til før vi får planen på plass?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:35:05]: Sjølv om det er to ulike departement som har ansvar for ulike delar av desse strukturane - dvs. Fiskeri- og kystdepartementet og Samferdsledepartementet - har me ein særdeles god dialog på tvers av departementa, nettopp for å sikre den samanhengen som er viktig.
Me jobbar godt saman ikkje minst i dette området som me er i no når det gjeld Alnabru og hamnestrukturen i Austlandsområdet. Me jobbar òg godt i andre delar av landet. Det skal me fortsetje med i den prosessen som skal gå gjennom heile dette året for å få på plass ein god nasjonal transportplan, som òg skal vareta dei behova me har for intermodale transportar. Eg trur at me har eit samla storting bak oss i at det er særdeles viktig å sikre gode transportkorridorar inn i framtida.