Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 27. februar 2008 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Borghild Tenden (V) [11:58:40]: «Statsråden er stadig ut i media, henviser til Stockholm og sier at hun vil premiere byer som innfører rushtidsavgift. Samtidig roser statsministeren og Samferdselsdepartementet Trondheim kommune, som innfører 60 øre pr. liter miljøavgift på bensin og diesel, og det loves millioner av statlige midler. I bomringen rundt Oslo har man helt siden 1990 betalt bompenger døgnet rundt.

Hvordan stiller statsråden seg til den modellen som praktiseres i Oslo sammenlignet med Trondheim og Stockholm?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:59:16]: Bompengeordninga i Oslo har gjort det mogleg å framskunde utbygginga av ei rekkje veg- og kollektivprosjekt i Oslo-området. Dette har hatt stor verdi både for næringslivet og for innbyggjarane i området.

Gjennom framlegginga av St. prp. nr. 40 for 2007-2008, Om Oslopakke 3 trinn I, har Regjeringa stilt seg positiv til den breie lokalpolitiske semja om å etablere ei Oslopakke 3 for å møte transportutfordringane i hovudstadsområdet. Innføringa av Oslopakke 3 vil gjere det mogleg å nytte bompengar til å styrkje drifta av kollektivtransporten i Oslo og Akershus, i tillegg til å finansiere vidare utbygging av viktige veg- og kollektivprosjekt. Eg vil understreke at bompengeinnkrevjing både i Oslopakke 1 og 2 og i Oslopakke 3 primært er ei finansieringsløysing. Sjølv om den nye bompengeordninga såleis ikkje har reduksjon av vegtrafikken som hovudføremål, kan det likevel bidra til ei viss avdemping av trafikken og medverke til eit betre og meir miljøvenleg transportsystem i Oslo-området ved at det vert lagt til rette for gjennomføring av ei rekkje tiltak. I det tverrpolitiske forslaget frå Oslo og Akershus har partane strekt seg langt for å få til heilskaplege løysingar som inneheld både veg- og kollektivtiltak, inkludert bompengar til drift av kollektivtransporten. Dette har eg stor respekt for.

I transportetatane sitt forslag til Nasjonal transportplan 2010-2019 tek etatane til orde for ein kombinasjon av positive og restriktive tiltak for å handtere trafikkproblema i byområda. Eg meiner dette er rett. Det er behov for eit betre samspel mellom forvaltningsnivåa om tiltak i byområda for å møte dei store miljøutfordringane, og det er behov for tiltak både for å redusere biltrafikken og for å leggje til rette for auka kollektiv- og sykkeltrafikk.

Ein slik kombinasjon av tiltak er innført i Stockholm. I Stockholm har trengselsskatten på 20 kr i rushtida redusert biltrafikken gjennom betalingssnittet med om lag 20 pst. Stockholm har samtidig bygd ut kollektivtrafikken vesentleg. Eg meiner at erfaringane frå Stockholm viser at køprising kan gje god effekt, og at slike tiltak kan få støtte hjå innbyggjarane lokalt.

I Trondheim har Arbeidarpartiet føreslått ei miljøpakke som omfattar ei rekkje ulike tiltak, m.a. miljøavgift på bensin og diesel, bompengar på E6, lågutsleppsone i Midtbyen, parkeringsavgift ved kjøpesentra og høve til å gje skattefrie tilskot til tilsette som vel å køyre kollektivt.

Det er til no ikkje gjort kommunale vedtak i Trondheim, og eg har såleis ikkje teke stilling til dei ulike tiltaka i det lokale forslaget til miljøpakke for Trondheim enno. Eg vil understreke at eg ser svært positivt på alle lokale initiativ for å møte miljøutfordringane frå trafikken i byområda. Regjeringa vil presentere sin transportpolitikk for byområda i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan for perioden 2010-2019, inkludert økonomiske rammer for både Oslopakke 3 og ei eventuell miljøpakke for Trondheim.

Eg vil òg vise til det såkalla klimaforliket, Innst. S. nr. 145 for 1907-1908 om klimapolitikk, der òg representanten sitt parti har slutta seg til at «Byområder som ønsker å utprøve veiprising, differensierte bompengesatser eller andre trafikkregulerende tiltak, skal prioriteres» ved tildeling etter belønningsordninga, som etter same innstilling skal doblast i 2009.

Eirin Faldet hadde her overtatt presidentplassen.

Borghild Tenden (V) [12:02:45]: Jeg takker statsråden for svaret.

Statsråden nevnte trengselsskatten i Stockholm. I Stockholm var kollektivtilbudene svært godt tilrettelagt før man innførte trengselsskatt - eller på norsk: rushtidsavgift. Synes statsråden at kollektivforholdene i Oslo er gode nok i dag til å innføre rushtidsavgift, som hun ønsker seg aller mest? Hvis ikke, hvilke konkrete tiltak vil hun eventuelt foreta i dette folkerike området?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:03:27]: Dersom Oslo kommune gjer vedtak om innføring av rushtidsavgift, eller ei utgreiing av det, er det naturleg at staten i ein slik prosess set seg ned saman med Oslo kommune og ser på kva som må til av forsterkingar i kollektivsystemet. Det er ikkje mogleg med den kollektivtrafikken me har i dag å tenkje seg køprising i Oslo. Kollektivtilbudet må styrkjast betydeleg. Ei slik styrking vil bety både ei satsing på togtrafikken, som me strir med i dag grunna manglande investeringar og driftsløyvingar gjennom mange år, og ei satsing på kollektivtilbodet elles i Oslo.

Regjeringa har vore tydeleg på at staten skal vere med på å finansiere ei slik satsing dersom ein vel å gå for køprising. Men det er ei avgjerd som må takast lokalt. Det har òg Regjeringa vore særdeles tydeleg på.

Borghild Tenden (V) [12:04:38]: Jeg hører at samferdselsministeren sier at det ikke hadde vært mulig slik som det er i dag. Det er jeg helt enig med henne i. Det hadde faktisk ikke vært mulig slik som forholdene er i Oslo pr. i dag. Etter å ha hørt det forrige svaret tror jeg det kan bli lenge til det er mulig i det hele tatt, for det er mye som må gjøres for at det gode kollektivtilbudet er på plass i Oslo-regionen. Da er det vanskelig for Oslo å tilrettelegge for rushtidsavgift nå, selv om mange politiske partier ønsker det.

I Oslo skal man nå betale 25 kr i bomringen. I vestregionen skal man betale ekstra 37,50 kr. Hvis man skulle innføre rushtidsavgift i Norge - i Sverige betaler man 10 kr, 15 kr eller 20 kr alt etter når man passerer bomringen i løpet av dagen - hvor mye tenker samferdselsministeren seg at man måtte betale for at det skulle ha en trafikkdempende effekt?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:05:51]: Det er ingen tvil om at når Oslopakke 3 begynner å verke, vil ho truleg òg ha ein trafikkdempande effekt, spesielt mot vest, med tanke på dei nye satsane som eit breitt fleirtal i Oslo og Akershus har gått inn for, og som vi no har lagt fram for Stortinget til vedtak.

Kva satsar ein måtte ha dersom ein skulle ha køprising, må ein sjå i samanheng med kva tid ein ville setje ned satsane, for poenget med køprising er nettopp at det skal vere billegare på visse tider av døgnet. Det er jo ikkje kø ut mot Sandvika midt på dagen, så då kunne ein eventuelt redusere satsane for å spreie litt utover dagen den trafikken som ikkje nødvendigvis må gå i rushtida. Men det har eg ikkje sett meg ned og rekna på. Det er jo eit ganske stort arbeid som måtte gjerast dersom ein valde å gå den vegen, å utgreie ei køprising i Oslo-området.

: