Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Elisabeth Røbekk Nørve (H) [13:13:45]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kunnskapsministeren:

«Innenfor videregående opplæring er det et stort og voksende problem at mange elever velger å avbryte opplæringen før skolegangen er gjennomført.

Hvilke tiltak vil Regjeringen sette i gang for å stoppe frafallet i den videregående skolen?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:14:08]: Som både forgjengaren min og eg har peika på fleire gonger, er fråfall i vidaregåande opplæring eit problem Regjeringa er særs merksam på. Dette var eit av hovudområda i St.meld. nr. 16 for 2006-2007, og det har vore eit satsingsområde i budsjettet. Når vi veit at ein av fire ikkje fullfører på normert tid, er dette ikkje berre eit skuleproblem, men òg eit problem for heile samfunnet.

For å gjere noko med problemet har det vore sett i gang fleire konkrete tiltak, og lat meg nemne nokre.

For det første tidleg innsats i grunnskulen. Vi veit at ein stor del av dei som ikkje fullfører vidaregåande opplæring, har gått ut av grunnskulen utan å tileigne seg nok kunnskapar. Alle som skal begynne i vidaregåande skule, må ha nok kompetanse til å gjennomføre opplæringa. Vi må derfor auke timetalet i barneskulen - som vi gjer no, med 5 timar i år - og leggje vekt på dei grunnleggjande ferdigheitene, som lesing, skriving og rekning.

Vi jobbar òg med betre rådgiving. Vi veit at mange av dei som avbryt utdanninga si, seier dei valde feil og var umotiverte. Mange veit ikkje kva dei går til når dei begynner i vidaregåande opplæring. Gode utdanningsval er avhengig av kvalifisert rettleiing. For å styrkje rådgivinga vil vi ved forskrift dele henne inn i ein sosialpedagogisk del og ein yrkes- og utdanningsdel. Vi vil lage rettleiande kompetansekrav og starte forsøk med individuelle utviklingsplanar. I tillegg har vi i 2008 løyvd 27,5 mill. kr til at rådgivarar i vidaregåande skule skal hjelpe rådgivarar i ungdomsskulen, og 10 mill. kr til satsing på partnarskap i fylka.

Mange etterlyser kortare og meir praksisretta løp som gir ein kompetanse arbeidslivet etterspør. Vi har i haust derfor sett i gang eit utviklingsprosjekt der partane i arbeidslivet arbeider saman med tre fylkeskommunar. Dei gir eit tilbod om ei toårig utdanning der hovuddelen av opplæringa går føre seg i bedrifta - altså eit praksisbrev.

Så er det programmet «Kunnskapsløftet - fra ord til handling». Det er ei satsing som skal setje fleire skular i stand til å skape eit betre læringsmiljø og god fagleg og sosial utvikling for elevane. For 2007 var auka gjennomføring av vidaregåande opplæring eitt av tre tema i programmet.

Til slutt vil eg peike på talet på læreplassar. Det er ei stor utfordring at ein del elevar ikkje har fått læreplass når dei har skulla ut i lære. Gjennom vedvarande vekt på samarbeid med bransjane og Samarbeidsrådet for yrkesopplæring, SRY, kampanjar og pålegg til statleg sektor har vi i år fått ein betydeleg auke i formidlingstala. Men framleis er det mange som ikkje får den læreplassen dei treng, så det arbeidet må halde fram i åra framover.

Så ja, eg kan stadfeste at vi kontinuerleg arbeider med å få fleire elevar og lærlingar til å fullføre opplæringa si, og at tiltak knytte til dette står høgt på prioriteringslista mi.

Elisabeth Røbekk Nørve (H) [13:16:56]: Jeg vil takke statsråden for et utfyllende og godt svar.

Høyre er opptatt av å gi all ungdom en god start i livet, og vi snakker også her om viktig arbeidskraft for framtiden. Høyre har, som statsråden vet, derfor fremmet forslag om å igangsette en rekke tiltak for å redusere frafallet i den videregående skolen. Jeg er veldig glad for at statsråden her viser til at det allerede er satt i gang prosjekter, og at han tar på alvor dette med kvalifisert rådgivning og samarbeid mellom videregående skole og ungdomsskolen, da det er et av de forslagene som Høyre tidligere har fremmet.

Jeg mener at statsråden her nevnte at det var snakk om tre fylkeskommuner som var kommet i gang med dette. Jeg lurer på om det er mulig at resten av landet kan få komme i gang med prøveprosjekter på nettopp dette området. Jeg vet det er stort behov for det.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:17:54]: Ja, vi har mange viktige spørsmål når det gjeld rådgiving. Eitt av dei er altså samarbeid mellom den vidaregåande skulen og grunnskulen. Der vil vi sjølvsagt sjå på kvar vi skal gå vidare med den prøveordninga som er.

Så vil eg vise til at òg det generelt å heve kompetansen på rådgivinga i grunnskulen knytt til høgare utdanningsval og knytt til arbeidssøkjande er ei stor og viktig utfordring i åra framover. Vi veit at mange av dei som har fråfall, men òg mange av dei som elles slit i arbeidslivet seinare, oppgir at det er på grunn av lite motivasjon og feil val.

Elisabeth Røbekk Nørve (H) [13:18:42]: Takk for svaret.

Høyre er opptatt av at unge som allerede har droppet ut av skolen, skal få en ny sjanse. Statsråden var så vidt inne på problemstillingen. Høyre har foreslått å igangsette opplæringsprogram for unge som allerede har avbrutt skolegangen i den videregående skolen, og jeg vil stille følgende spørsmål til statsråden: Hvordan vil statsråden tilrettelegge for og bidra til at unge som allerede har droppet ut, kan komme raskt tilbake til et opplæringsprogram der en f.eks. også vurderer å benytte elevbedrifter?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:19:22]: Det er ei viktig problemstilling. Å hindre fråfall er det aller viktigaste, men så lenge fråfallet er så stort, må vi òg sjå nøye på korleis vi kan hjelpe mange av dei som har falle ifrå i vidaregåande opplæring. Der er eg interessert i gode innspel og idear, men ikkje minst i å vurdere korleis vi kan finne tilbod i overgangen mellom læring og praksis som treffer det mange av dei som har falle ifrå, ikkje har klart å få til å fungere med skulegangen sin. Eg synest det er positivt med alle initiativ og forslag i den retning.

: