Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2008 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 17
Olemic Thommessen (H) [12:44:20]: «Det er en hovedutfordring at det mangler kvalifisert personale i norske barnehager. Mangelen på førskolelærere er stor, særlig i Oslo og Akershus. I 2006 ble det innvilget 1 523 dispensasjoner på landsbasis. I grunnskolen jobbet det i 2005 ca. 7 200 førskolelærere.
Hva vil statsråden gjøre for å få førskolelærere som jobber i skolen, tilbake til barnehagen for å sikre at barnehagene innehar den kvalitet de er pålagt å ha?»
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:44:57]: I dag jobbar om lag 20 000 førskulelærarar i norske barnehagar, men vi treng fleire. Om lag 3 000 stillingar som pedagogiske leiarar og styrarar i barnehagen er dekte av personar utan førskulelærarutdanning. Det problemet er svært ujamt fordelt over landet. Det er ei svært stor utfordring i Oslo og Akershus, men i store delar av landet elles er delen som arbeider på dispensasjon, heldigvis betydeleg mindre.
Regjeringa har utarbeidd ein strategi for å rekruttere fleire førskulelærarar til barnehagen for perioden 2007-2011. Å få førskulelærarar som arbeider i andre sektorar, tilbake til barnehagen, er eitt av hovudmåla i strategien. Fokuset fram til no har vore å auke studiekapasiteten på førskulelærarutdanninga og på rettleiing og oppfølging av nyutdanna førskulelærarar.
Vi har sett ned ei arbeidsgruppe med sentrale aktørar i sektoren som skal kome med innspel til tiltak for å auke rekrutteringa av førskulelærarar til barnehagen. Ei av hovudutfordringane dei skal sjå på, er korleis vi skal få førskulelærarar som arbeider i andre sektorar, tilbake til barnehagen. Om lag 40 pst. av alle førskulelærarar arbeider faktisk i andre yrke.
Opplæringslova opnar for at førskulelærarar kan arbeide frå 1.-4. trinn i grunnskulen. Dei siste åra har det vore ein nedgang i delen førskulelærarar som arbeider i skulen. I 2000 arbeidde 26 pst. av dei yrkesaktive førskulelærarane i grunnskulen, mens i 2005 var delen redusert til 19 pst. Førskulelærarane utgjer i dag om lag ein fjerdedel av utførte årsverk i dei fire første trinna i grunnskulen. Dei fleste av desse har vidareutdanning retta inn mot undervisning på barnetrinnet og utgjer eit viktig supplement til kompetansen i grunnskulen.
Eg trur at det viktigaste tiltaket for å få fleire førskulelærarar tilbake til barnehagen først og fremst er at barnehageyrket vert framstilt positivt. I tillegg er det viktig at barnehagen tilbyr eit godt og inspirerande arbeidsmiljø og gode arbeids- og lønsvilkår, men dette er ei sak mellom partane i arbeidslivet.
Regjeringa si sterke fokusering på barnehage dei siste åra har medverka til at fleire ønskjer å bli førskulelærarar. Dei siste åra har det vore sterk auke i søkninga til førskulelærarutdanninga, og fleire av dei nyutdanna startar med å arbeide i barnehage.
Kvalifisert personale i barnehagen er ein viktig faktor for å sikre god kvalitet i norske barnehagar. Eg har stor tru på at satsinga vår på rekruttering av førskulelærarar til barnehagen vil bere frukter, og at vi om nokre år vil ha god dekning av førskulelærarar i norske barnehagar.
Olemic Thommessen (H) [12:47:28]: Rekruttering eller det å ha et kompetent personale er en veldig viktig del av kvaliteten i barnehagene. Nå har hovedfokuset i barnehagepolitikken vært å bygge ut kapasitet. Neste rekke av utfordringer bør handle om hvordan vi styrker kompetansen, og hvordan vi styrker kvaliteten når det gjelder innholdet.
Statsråden nevnte i sted at ca. 3 000 av barnehagepersonalet i dag ikke er utdannet. Hadde det vært en idé å se på om man skulle styrke etterutdanningsmulighetene eller ha tilpassede utdanningsmuligheter for dem som er i en yrkessituasjon i denne gruppen? Det er tross alt en gruppe som er i arbeid i barnehagene, og som burde kunne fortsette å være der.
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:48:30]: Eg vil nok seie at for SV og Regjeringa har det vore viktig å fokusere veldig sterkt på kvalitet samtidig som vi byggjer fleire plassar og set ned prisen. Det er klart at det har vore krevjande med den veldige utbyggingstakten vi har hatt, men då bør vi leggje merke til at den delen av dei tilsette som er førskulelærarar og som jobbar i barnehagane, faktisk har vore stabil trass i ein veldig vekst i talet på tilsette dei siste åra. Ved ei utflating av utbyggingstakten har vi eit godt håp om at den delen stig - ikkje minst fordi søkninga er sterk, fråfallet i utdanninga har gått ned og fleire som gjer ferdig utdanninga, går ut i arbeid. Eit viktig tiltak her er det som representanten Thommessen nemner, og det er mange i dag som fokuserer på det rundt omkring i landet: Korleis skal ein få assistentar og andre som er i barnehagen - i ulike parallelløp mens dei jobbar eller har permisjon - til å ta pedagogisk utdanning for så å halde fram? Det vil vere ei viktig rekrutteringskjelde i åra framover.
Olemic Thommessen (H) [12:49:33]: Nå er det slik at det i alle fall var 7 200 førskolelærere i barneskolen - og fortsatt er det et betydelig antall. Ser statsråden en sammenheng mellom den strategien som jeg regner med at departementet har for at lærere i den norske skolen skal være lærerutdannet, og det at en del av disse førskolelærerne som er i barneskolen, med fordel kanskje kunne gått tilbake til barnehagene, hvor deres spesialkompetanse ville få full uttelling? Er det noen sammenheng med hensyn til hvordan statsråden håndterer disse spørsmålene?
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:50:24]: Dei førskulelærarane som jobbar i grunnskulen, gjer ein viktig og strålande jobb, og vi er heilt avhengige av dei for å ha så mange kompetente lærarar som vi har. I all hovudsak dreiar det seg om personar som har vidareutdanning retta inn mot undervisning på barnetrinnet. Dei utgjer dermed eit viktig supplement til den kompetansen vi har dei første åra.
Så er det slik at denne delen har gått ein god del ned, som tidlegare nemnt, mens vi har halde oppe delen førskulelærarar blant tilsette i barnehagen. Det er nødvendig for oss å sjå på korleis fleire av førskulelærarane går til barnehagen og jobbar der, men det er viktig å merke seg at svært mange med førskulelærarutdanning verken jobbar i barnehagen eller i skulen. Det er også ei betydeleg utfordring å ta tak i.