Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 19. desember 2007 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Presidenten: Dette spørsmålet, frå representanten Dagrun Eriksen til kunnskapsministeren, vil bli teke opp av representanten Line Henriette Holten Hjemdal.

Line Henriette Holten Hjemdal (KrF) [13:25:31]: «Kunnskapsløftet vektlegger betydningen av internasjonalisering i videregående opplæring. Utdanningsdirektoratet har imidlertid sendt ut brev til alle fylker og bedt dem på bakgrunn av opplæringsloven § 3-1 å avskjære muligheten til egenandel på turer i skolens regi. Dette til tross for at paragrafen ikke tar stilling til hvem som skal dekke kostnader ved skoleturer. Problemstillingen er heller ikke drøftet i lovens forarbeider.

Vil statsråden klargjøre gratisprinsippet, slik at dagens reisepraksis kan fortsette?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:26:11]: Først vil eg presisere at Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å tolke gjeldande regelverk når det er behov for klargjering på nasjonalt nivå. Det var på denne bakgrunnen at direktoratet nyleg sende brev til fylkesmennene og fylkeskommunane med ei juridisk fortolking av om opplæringslova gir heimel for at fylkeskommunane kan krevje at elevar, lærlingar og lærekandidatar skal betale utgifter til skoleturar.

Det vart vist til opplæringslova § 3-1, som slår fast at opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller lærebedrift er gratis. Etter endringa i føresegna i 2007 fekk fylkeskommunen ansvaret for å halde elevane med nødvendig læremiddel og digitalt utstyr. Føresegna i § 3-1 slår fast at opplæringa på vidaregåande trinn er gratis, og føresegna er etter endringa i hovudsak lik for grunnskolen og for vidaregåande opplæring.

Lovendringa for grunnskolen kom som følgje av ei utvikling der fleire og fleire skolar tok elevane med på skoleturar med høgare og høgare eigenbetaling. Slike turar skapte skilnader mellom dei elevane som kunne vere med på turane, og dei som ikkje hadde økonomi til å vere med. For mange av familiane som såg seg råd til å la barna vere med på turane, var dette òg ei stor økonomisk belastning. Derfor var det brei semje i Stortinget om at skoleturar skulle vere gratis for elevane, og lovendringa let dette også gjelde for opphald på leirskole. Stortinget stod samla bak den endringa. Det vil òg gjelde for gratisprinsippet i vidaregåande opplæring.

Formålet er ein inkluderande skole der alle skal kunne delta på lik linje, uavhengig av personleg økonomisk bakgrunn. Det følgjer derfor av føresegna at dersom ein skoletur vert rekna som ein del av den vidaregåande opplæringa, kan ikkje skolen krevje at kostnaden for turen vert dekt av elevane eller dei føresette. Dette vil gjelde alle aktivitetar og turar som går føre seg i regi av skolen.

Eg er samd i at skolen skal vere gratis for elevane, og i at skolen ikkje skal skape skilnad mellom elevane på grunn av økonomien i familiane deira. Samtidig er eg oppteken av at skolen skal kunne nytte dei moglegheitene som ein har til å finansiere skoleturar. Eg vil presisere at det framleis er eit stort rom for frivillig innsats i høve til turar som kostar meir enn det fylkeskommunen i utgangspunktet kan betale for. Dette er òg presisert i Utdanningsdirektoratets brev, som viser til eit rundskriv frå departementet om praktiseringa av føresegna i høve til finansiering av tematurar. Slik frivillig innsats kan verte ytt i form av gåver, dugnad o.l.

Representanten Eriksen viser til at Kunnskapsløftet legg vekt på internasjonalisering i den vidaregåande opplæringa, og spør om eg vil føreta ei klargjering med omsyn til gratisprisnippet slik at «dagens reisepraksis» kan halde fram. Brevet til direktoratet datert 15. november i år er nettopp ei klargjering av kva det betyr i praksis at retten til opplæring i offentleg vidaregåande skole eller lærebedrift er gratis.

Eg vil likevel vurdere om føresegna slik ho er vedteken, fungerer etter intensjonen. Eg er oppteken av at vi skal få til ein fornuftig lokal praksis innan den ramma at opplæring skal vere gratis.

Eg vil òg leggje vekt på verdien av at elevane gjennom skolen får kjennskap til forskjellige land og kulturar. Internasjonalisering i opplæringa er nødvendig for å gi barn og unge den kompetansen dei har krav på for å lukkast i samfunnet av i dag og i morgon, og for å kunne medverke til ei ansvarleg og solidarisk utvikling i verda. Målet om å byggje internasjonal forståing hos barn og unge i skole og opplæring kjem òg klart til uttrykk i opplæringslova og i generell del av læreplanen.

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for å leggje opplæringa til rette slik at elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring får høve til å utvikle internasjonal kompetanse og medansvar. Eg er positiv til at skolar vel å gi delar av tilbodet i form av t.d. ein studietur til utlandet.

Line Henriette Holten Hjemdal (KrF) [13:30:06]: Jeg takker for statsrådens svar.

Jeg synes det er positivt at statsråden nå kommer med denne presiseringen, som jeg opplever som en positiv tilnærming til hele saken. Jeg deler engasjementet til statsråden når det gjelder gratisprinsippet. Det skal ligge i bunnen. Men jeg er også opptatt av at gratisprinsippet ikke må tolkes for rigid, slik at man ikke gis de mulighetene som man tross alt har.

Vi vet at Hvite busser er en av de aktørene som arrangerer reiser for skolene. Opplegget er anerkjent, og det er et viktig bidrag i forhold til toleranse og historieløshet. Vi vet også at flere aktører melder om at flere turer nå blir avlyst.

Mitt spørsmål blir da: Hva vil statsråden gjøre for å sikre at det budskapet han i dag gir til Stortinget, blir formidlet ut til skolene, slik at man kan rydde av veien den usikkerheten som råder innenfor disse typer turer?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:31:10]: Som eg sa i stad, er sjølve prinsippet om gratisopplæring vedteke av eit samla storting. Eg registrerer òg at representanten klart gir uttrykk for at vi står samla bak det.

Eg kan ikkje her ta stilling til dei enkelte aktørane og korleis dei opererer. Men eg er, som eg sa, oppteken av at vi skal få til ein fornuftig lokal praksis innanfor den ramma at opplæring skal vere gratis, som òg sikrar at mange av dei fornuftige aktivitetane – reiser og andre ting som er knytte til målet om internasjonalisering – kan fungere godt. Eg vil derfor vurdere om føresegna, slik ho er vedteken, fungerer etter hensikta.

Line Henriette Holten Hjemdal (KrF) [13:32:00]: Jeg trenger da ikke flere oppfølgingsspørsmål.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:32:02]: Eg treng heller ikkje å svare.

Presidenten: Da er dagens kart ferdigbehandla.

Presidenten ønskjer alle som er til stades, ei riktig god jul og eit godt nytt år.

Forlanger nokon ordet før møtet blir heva? – Møtet er heva.

: