Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 19. desember 2007 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Borghild Tenden (V) [12:38:05]: Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til statsråden:

«NTB melder den 13. desember at i juni vil det mangle enda flere flygeledere enn sommeren 2006, da mangel på flygeledere, konflikter og sykdom skapte store problemer for flytrafikken. Det betyr at reisende må belage seg på nye problemer til våren. Formann i Norsk Flygelederforening, Rolf Skrede, sier til NTB at «hvis vi ikke klarer å tenke nytt, er dette en situasjon vi vil ha til evig tid».

Deler statsråden denne oppfatningen, og hva vil hun i så fall gjøre?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:38:45]: Då me overtok regjeringsmakta hausten 2005, var Avinor prega av uro og interne motsetjingar. Bakgrunnen var at ein under den førre regjeringa sterkt hadde undervurdert behovet for flygeleiarar og stansa utdaninga av nye flygeleiarar over fleire årskull. Dette var ein situasjon som eg måtte rydde opp i då eg overtok som samferdsleminister. Som kjent trekte den administrerande direktøren seg på slutten av 2005 for å medverke til å skape ro i selskapet, og ny administrerande direktør tok til i april 2006. Vidare oppnemnde eg ny styreleiar i ekstraordinær generalforsamling i mai 2006.

Desse tiltaka medverka til at det vart ro i selskapet. Problemet med mangelen på flygeleiarar er likevel ikkje noko som let seg løyse over natta. Avinor har sett inn ressursar for å utdane fleire flygeleiarar. Det tek likevel tid å utdane nye flygeleiarar og sertifisere dei for dei stadene der dei skal arbeide. Så lenge det er mangel på flygeleiarar, er Avinor avhengig av ein ekstra innsats frå dei flygeleiarane ein har i dag.

Eg ynskjer i denne samanhengen å gi ros til flygeleiarane som stiller opp i den vanskelege bemanningssituasjonen flygekontrolltenesta er i for tida. Dei tilsette viser stor vilje til å ta på seg meirarbeid, noko som Avinor også er avhengig av. Avinor er likevel òg merksam på negative effektar av overtidsbruk, og har i denne samanhengen opplyst at selskapet har fokus på HMS-arbeidet, og då spesielt sjukefråvær og oppfølging av andre negative effektar av høg overtidsbruk. Ifølgje Avinor vil behovet for meirarbeid vere størst gjennom 2008, men situasjonen vil betre seg frå starten av 2009.

Bemanningssituasjonen for flygeleiarar pr. 1. juli 2007 var 462 tilsette – altså ikkje årsverk, men tilsette. Bemanningssituasjonen pr. 1. juli 2008 er forventa å vere auka til 470 tilsette. Ut frå desse tala ventar ikkje Avinor større problem med trafikkavviklinga gjennom våren og sommaren 2008 enn det ein hadde sommaren 2007. Likevel må det understrekast at det er behov for eit godt samarbeid med flygeleiarane og deira organisasjonar når det gjeld det meirarbeidet som trengst for å oppretthalde naudsynt kapasitet ved mange flygekontrolleiningar. Avinor opplever også at det for tida er god dialog mellom leiinga i selskapet og flygeleiarane sine tillitsvalde og eit godt samarbeidsklima i verksemda. Trafikken har då også gått relativt smertefritt ei tid trass i bemanningssituasjonen.

For å redusere effektane av underbemanninga og for å løyse utfordringane med flygeleiarbemanninga prioriterer som nemnt Avinor utdaning av nye flygeleiarar særs høgt. For tida er 70–80 elevar under utdaning, og i 2008–2009 er det rekna med at 46 nye flygeleiarar vil verte sertifiserte og sette i operativ teneste. I tillegg er det rekruttert eit titals røynde flygeleiarar frå våre naboland, og fleire flygeleiarar som flytta ut for å jobbe som flygeleiarar i andre land, er komne heim igjen. I same perioden vil 17 flygeleiarar nå operativ aldersgrense, som er 60 år. Sjølv om det vil vere både naturleg og statistisk avgang av flygeleiarar framover, vil bemanningssituasjonen ifølgje Avinor verte betre år for år, slik at me vil ha ein flytrafikk i Noreg som er basert på normal bemanning av flygeleiarar i 2011.

Avinor vil også tilnærme seg problemstillingane når det gjeld underbemanninga, ved å vurdere korleis flygekontrolleiningane skal bemannast og drivast. Sentralt i den samanhengen er praksis for opning og stenging av enkeltsektorar, dvs. at det er best mogleg fleksibilitet og dynamikk i bemanninga gjennom heile døgeret. Vidare vil Avinor sjå på behovet for at bemanninga kan planleggjast ut frå rett kapasitetstal, moglegheiter for effektivisering av utdaninga og moglegheiter for å redusere bruken av eigne ressursar gjennom betre samarbeidsgrensesnitt med nordiske tenesteleverandørar, slik at ein får ei betre utnytting av ressursane.

Felles for desse tiltaka er likevel at dei ikkje kan implementerast på kort sikt, men krev utgreiing, førebuing og grundige analysar med omsyn til flytryggleik, og i ein del høve òg teknologiske endringar.

Eg følgjer utviklinga i bemanningssituasjonen for flygeleiarar nøye, og viser til at Avinor tidlegare i år vart peikt ut som leverandør av lufttrafikktenester etter regelverket om eit felles europeisk luftrom, «Single European Sky». Avinor får som utpeikt leverandør av slike tenester som overordna oppgåve å syte for at Noreg har ei lufttrafikkteneste med tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å møte etterspurnaden. Det vert stilt krav om ein årleg kapasitets- og kompetanseplan. Det vert også stilt krav om at Avinor skal binde seg til ein tenestestandard etter å ha konferert med flyselskapa. Dersom Avinor ikkje følgjer opp forpliktinga i utpeikingsvedtaket, kan Luftfartstilsynet gi konkrete pålegg.

Borghild Tenden (V) [12:43:43]: Jeg takker statsråden for svaret.

Nå har statsråden sittet i to og et halvt år, og har følgelig hatt god anledning til å gjøre mye på den tiden. Jeg hører her at hun er i gang med å få flere flygeledere på plass, og det er selvsagt veldig positivt.

Imidlertid er det åpenbart at formannen i Norsk Flygelederforening ikke ser denne nytenkningen som han tar til orde for her. Annerledes kan vel ikke dette utsagnet forstås.

Er statsråden enig eller uenig med formannen i Norsk Flygelederforening i det han sier? Ser han rett og slett ikke hva som skjer, eller hva statsråden har gjort?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:44:32]: I mi tid som statsråd har eg hatt veldig god dialog med Rolf Skrede og med flygeleiarforeininga. Eg har ikkje hatt denne typen innspel frå Rolf Skrede i den dialogen me har hatt. Eg veit òg at dialogen mellom flygeleiarforeininga og leiinga i Avinor no er av ein heilt annan karakter enn det han var under tidlegare regime.

Det har sine sider å kutte 400 mill. kr. Dei kutta som vart gjorde under den førre regjeringa, har gjeve seg mange utslag i Avinor, og eg har sett i gang ei opptrapping når det gjeld flygeleiarar, men òg på andre område der ein etter kvart såg at ein faktisk var underbemanna. Og det tek tid å kome opp igjen på den standarden der ein skulle vore. Eg skulle ynskt at me ikkje var i den situasjonen. Men når den situasjonen har oppstått, føler eg at me er i god dialog med dei tilsette om å finne gode løysingar som skal gje oss den kapasiteten som vi treng når det gjeld flygeleiarar i framtida.

Borghild Tenden (V) [12:45:39]: Takk for svaret.

Nå er det slik at tusenvis av uskyldige passasjerer ble rammet i fjor da flygelederne meldte seg syke, og ansatte i SAS har også nå varslet at de vil melde seg syke dersom SAS selger ut en del av bakketjenesten. Hva synes statsråden om at sykmelding, eller trussel om sykmelding, blir brukt i samferdselssektoren? Og hvilke virkemidler vil hun ta i bruk for å forhindre dette?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:46:20]: Statsråden har ved fleire høve sagt tydeleg frå kva ho synest om den slags. Det er heilt utilbørleg å sjukmelde seg som del av ein aksjon. Det er heller ikkje på nokon måte akseptabelt. Men samferdsleministeren rår ikkje over noko verkemiddel her. Det me har gjort tidlegare, er å opprette ein dialog som har verka når det gjeld å kome med tiltak. Når det gjeld SAS, er det ein annan situasjon. Avinor er eigd av staten med statsråden som generalforsamling. SAS er eit privat selskap, og eigarskapen vert forvalta av Næringsdepartementet, så der har samferdsleministeren endå mindre verkemiddel.

Når det gjeld ulovlege aksjonar, sorterer dei igjen under ein tredje statsråd med tanke på eventuelt å kunne gripe inn dersom ein kan konstatere at det er ulovlege aksjonar. Problemet med denne typen aksjonar er at det er veldig vanskeleg å gå inn og bevise at det som vert gjort, er ulovleg.

: