Stortinget - Møte onsdag den 19. desember 2007 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 13
Per Roar Bredvold (FrP) [12:31:28]: Jeg ønsker å stille samferdselsministeren følgende spørsmål:
«På nytt skaper vinterværet kjempeproblemer på riksvei 3 i Hedmark, og resultatet blir kilometerlange køer, materielle skader og menneskelige tragedier.
Hva kan og vil statsråden gjøre for å minimalisere dette årlige problemet?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:31:48]: Det er ikkje fyrste gongen representanten Bredvold stiller spørsmål om rv. 3, og sikkert heller ikkje den siste. Eg skal prøve å svare så godt eg kan.
Det er rett at ved fleire høve i vinter har vogntog køyrt av vegen på rv. 3 gjennom Østerdalen. Difor har vegen vore stengd i periodar. Slik skal det ikkje vere, og det er fleire årsaker til at dette skjer.
Vintervêr er eit tilbakevendande faktum kvart år i Østerdalen, og rv. 3 vert drifta som vinterveg. Difor godtek Statens vegvesen at det er snø og isdekke på vegen. Somme stader er vegen smal og svingete, noko som gjer det særskilt krevjande for trafikantane når det snør eller regnar på frosen vegbane. I tida mellom haust og vinter er det oftare vêrendringar med store temperatursvingingar på kort tid.
Kontrakten Statens vegvesen har med entreprenøren, tilseier at vegen skal vere strødd innan to timar når forholda krev det. Eg har ikkje grunnlag for å seie at dette ikkje er gjort. Slik krava er utforma, vil det seie at det i periodar kan vere glatte vegar. Dette er krevjande, særleg for sjåførar som har lita røynsle med glatte vintervegar og ikkje tek omsyn til dei vanskelege tilhøva. Når nokre vogntog i tillegg har dårleg dekkutrusting, vert dessverre resultatet at utforkøyringar og ulukker kan oppstå.
Eg vil be Statens vegvesen følgje opp denne strekninga ekstra godt for å sikre at entreprenøren leverer, slik kontrakten krev. Eg vil òg be Statens vegvesen om å auke kontrollane med vogntog som trafikkerer denne vegen, for å stanse dei som ikkje er i samsvar med gjeldande krav.
Per Roar Bredvold (FrP) [12:33:34]: Jeg takker statsråden for et godt svar.
Det er riktig at jeg har hatt spørsmål om dette før, og jeg kommer helt sikkert til å ha det i fortsettelsen. Grunnen til at jeg kommer til å ha det i fortsettelsen, er at jeg ikke har full tillit til at veien blir så bra som den bør være.
Når man ser på hvilken type vei dette er, velger 90 pst. av vogntogene Østerdalen framfor Gudbrandsdalen. Stortinget har bestemt at rv. 3 skal være stamvei. For eksempel: Mellom 1990 og 2000 ble det drept 38 mennesker langs denne veien, og flere har blitt drept etter 2000.
Jeg hadde spørsmålet oppe den 1. mars 2006. Da fikk jeg som svar fra statsråden at de vil bruke mer salt
«for å gjere det lettare å tilfredsstille friksjonskrava. Tiltaket har som føremål å betre trafikktryggleiken og skal evaluerast etter sesongen».
Hvor er evalueringen når det gjelder salting? Og hvorfor bruker man ikke mer salt?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:34:35]: Statens vegvesen har sjølvsagt evaluert dei erfaringane dei har gjort.
Årsaka til at ein ikkje bruker meir salt, har med vårt felles klima å gjere – eller felles miljø, er kanskje rettare å seie. Det er ikkje nødvendigvis klimautfordringa, men miljøet som tilseier at Statens vegvesen forsøkjer å redusere bruken av salt. Det vert jo brukt noko salt på denne vegen, men i og med at ein har klassifisert vegen som såkalla vinterveg, betyr det at ein i større grad aksepterer snø og isdekke og i større grad strør vegen for å sikre den friksjonen som skal vere der, etter dei reglane som gjeld.
Per Roar Bredvold (FrP) [12:35:33]: Jeg takker nok en gang for svaret.
I flere media, bl.a. i avisen Østlendingen lørdag den 8. desember 2007, er det en artikkel med overskriften «Skumle kjøreforhold». Der står det bl.a.:
«Det var både dårlig brøytet og dårlig strødd i området i går.»
Når vi ikke skal salte så mye på grunn av miljøet, og resultatet er flere ulykker med menneskelige tragedier og mennesker som dør, må vi i hvert fall ha god brøyting og god strøing for å redusere antall ulykker. Om det blir ulykker med materielle skader, eller om det blir ulykker med menneskelige tragedier, får nå så være. Men når vi har salt som vi ikke kan bruke, og vi har sand som vi kan bruke – og sand er billig – må det brukes sand, og det må brøytes på en så pass stor og viktig vei.
Når statsråden sier at hun skal følge ekstra godt med, skal jeg følge ekstra godt med på om statsråden følger ekstra godt med. Og det håper jeg hun gjør.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:36:36]: Når eg sender mine meldingar til Statens vegvesen, går eg ut frå at dei vert følgde opp. Det trur eg òg dei vert i dette tilfellet. Eg er sjølvsagt heilt samd med representanten Bredvold i at det må både brøytast og strøast tilstrekkeleg for å sikre tryggleiken på vegen. I tillegg er det viktig at Statens vegvesen har fått eit brev frå statsråden om å skjerpe kontrollen med tunge vogntog, om å skjerpe krava når det gjeld djupleiken på dekkmønsteret, og at Statens vegvesen skal sende på høyring fleire forslag, bl.a. om å halde tilbake vogntog, om å fjerne vogntog frå vegen for eigars risiko, dersom ein ser at dei ikkje er godt nok skodde. Eg har òg bede dei om å konsentrere kontrollane til område der det er mykje ulukker og uhell. Slik dette framstår, vil nok rv. 3 vere ein veg som bør ha spesiell merksemd, som eg òg sa i mitt hovudsvar.