Stortinget - Møte onsdag den 5. desember 2007 kl. 10
President: Sigvald Oppebøen Hansen
Dokumenter:
Sak nr. 2
Innstilling fra utenrikskomiteen om svalbardbudsjettet 2008
Talere
Votering i sak nr. 2
Presidenten: Under debatten har Morten Høglund sett fram eit forslag på vegner av Framstegspartiet og Høgre.
Komiteen hadde tilrådd:I
På svalbardbudsjettet for 2008 bevilges under:
Kap. | Post | Formål | Kroner | Kroner | ||
Utgifter | ||||||
1 | Svalbard kyrkje | |||||
1 | Driftsutgifter | 3 600 000 | ||||
2 | Tilskot til kulturelle formål m.m. | |||||
70 | Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard | 960 000 | ||||
3 | Tilskot til Longyearbyen lokalstyre | |||||
70 | Tilskot til Longyearbyen lokalstyre | 88 800 000 | ||||
5 | Sysselmannen (jf. kap. 3005) | |||||
1 | Driftsutgifter | 26 250 000 | ||||
6 | Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006) | |||||
1 | Driftsutgifter | 67 600 000 | ||||
7 | Tilfeldige utgifter | |||||
1 | Driftsutgifter | 4 100 000 | ||||
9 | Kulturminnetiltak | |||||
1 | Driftsutgifter | 2 100 000 | ||||
11 | Bergmeisteren (jf. kap. 3011) | |||||
1 | Driftsutgifter | 1 310 000 | ||||
17 | Refusjon til Norsk Polarinstitutt | |||||
50 | Refusjon | 2 800 000 | ||||
18 | Fyr og radiofyr | |||||
1 | Driftsutgifter | 3 450 000 | ||||
19 | Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen | |||||
1 | Driftsutgifter | 5 950 000 | ||||
20 | Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020) | |||||
1 | Driftsutgifter | 11 100 000 | ||||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 600 000 | ||||
22 | Likningsforvaltninga for Svalbard | |||||
1 | Driftsutgifter | 2 627 000 | ||||
Totale utgifter | 221 247 000 | |||||
Inntekter | ||||||
3005 | Sysselmannen (jf. kap. 5) | |||||
1 | Diverse inntekter | 250 000 | ||||
3006 | Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6) | |||||
1 | Leigeinntekter | 1 100 000 | ||||
3020 | Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20) | |||||
1 | Inntekter | 2 820 000 | ||||
3030 | Skattar og avgifter | |||||
70 | Skattar m.m. | 69 000 000 | ||||
71 | Utførselsavgift | 3 500 000 | ||||
72 | Utmålsgebyr, årsavgift | 1 090 000 | ||||
3035 | Tilskot frå statsbudsjettet | |||||
70 | Tilskot | 143 487 000 | ||||
Totale inntekter | 221 247 000 |
II Formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2008
§ 1 Bruksområde for vedtaket
Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2008 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.
Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2008. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.
§ 2 Skatt på formue
Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:
a) Personleg skattepliktig og dødsbu:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)
b) Selskap og samanslutning som nemnd i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.
§ 3 Skatt på inntekt
Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:
a) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2: Låg sats: 8 pst. Høg sats: 22 pst.
b) Anna inntekt: 16 pst.
Personlege skattytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattas av b) på 20 000 kroner
§ 4 Avrundingsreglar
Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1 000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.
Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.
§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold
Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.
III Bestillingsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2008 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over den totale løyvinga som er gitt under kap. 5 post 1 på svalbardbudsjettet.
IV Merinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2008 kan overskride løyvinga under
kap. 5 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005 post 2
kap. 6 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006 post 2.
V Avgift av kol som blir utført frå Svalbard for budsjetterminen 2008
For budsjetterminen 2008 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:
1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,
0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,
0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,
0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,
0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,
0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,
0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,
0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,
0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna,
0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.
Presidenten: Til § 3 under II ligg det føre eit alternativt forslag frå Framstegspartiet og Høgre. Forslaget lyder:
«Stortinget slutter seg til Regjeringens forslag til vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2008 med følgende endringer:
§ 3 skal lyde:
§ 3 Skatt på inntekt
Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:
a) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2: 8 pst.
b) Anna inntekt: 10 pst.
Personlege skattytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som vert omfatta av b) på 20 000 kroner.»
Det blir først votert over komiteens tilråding med unnatak av II § 3. Deretter blir det votert alternativt mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet og Høgre til II § 3.
Votering:1. Tilrådinga frå komiteen – med unnatak av II § 3 – vart samrøystes vedteken.2. Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen til II § 3 og forslaget frå Framstegspartiet og Høgre vart tilrådinga vedteken med 66 mot 34 røyster.(Voteringsutskrift kl. 15.43.37)