Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 7. november 2007 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 24

Odd Einar Dørum (V) [13:24:38]: Jeg har følgende spørsmål til kunnskapsministeren:

«For tiden finnes det ikke noe undervisningstilbud i urmakerfaget i Norge.

Hvilke tiltak vil statsråden igangsette for å sikre urmakerfagets fremtid i Norge?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:24:53]: Urmakarfaget byggjer på hovudmodellen for fagopplæringa, med to år i skule og to år som lærling i bedrift, og det er den enkelte fylkeskommunen som fastset tilbodet innanfor vidaregåande opplæring. Når det gjeld urmakarfag og andre fag med låg søking, har Kommunanes Sentralforbund ordna det slik at tilbod blir etablerte som landsdekkjande kurstilbod gjennom eit samarbeid mellom fylkeskommunane, noko som inneber at elevar frå heile landet kan søkje tilbodet, og at fylkeskommunane betalar for kvar elev som får plass på ein skule med eit landsdekkjande tilbod. I inneverande skuleår er det ikkje oppretta eit eige landsdekkjande tilbod for ur- og instrumentmakarar, fordi det berre var fire søkjarar. Likevel er det opna for at bedrifter, etter godkjenning frå fylkeskommunen, kan ta inn lærlingar utan gjennomført vidaregåande trinn 2 for ur- og instrumentmakarar.

Eg er oppteken av at fylkeskommunane og partane i arbeidslivet sjølve finn løysingar på utfordringane i vidaregåande opplæring. Frå 1. november vart ein ny lovregel teken i bruk, der partane i arbeidslivet gjennom yrkesopplæringsnemnda får meir å seie i samband med opplæringstilbodet i ein fylkeskommune.

Det er viktig å sikre kompetansen i urmakarfaget. Likevel er det ikkje ønskjeleg å utdanne ungdom til yrke dei ikkje kan leve av. Behovet for arbeidskraft er eit sentralt element når vidaregåande opplæringstilbod blir planlagde, og det er derfor viktig at både utdanningspolitikk og næringspolitikk blir sett i samanheng. Eg håpar den nye lovregelen vil medverke til eit godt samsvar mellom talet på elevplassar i vidaregåande skule, talet på lærlingplassar og behovet i arbeidslivet.

Frå hausten 2008 har fylkesutdanningssjefen i Buskerud, med atterhald om finansiering frå dei fylkeskommunane som elevane kjem frå, lagt fram forslag om at Vg2 ur- og instrumentmakar igjen blir oppretta som landsdekkjande tilbod ved Kongsberg vidaregåande skule. Eg kan avslutte med å fortelje at hovudutvalet i Buskerud fylkeskommune i går vedtok forslaget, og at det dermed – med atterhald om finansiering – vil bli oppretta eit slikt tilbod.

Odd Einar Dørum (V) [13:27:00]: La meg først gratulere statsråden med hans nye jobb, siden det er første gang vi møtes i stortingssalen på denne måten.

Så tilbake til svaret som hadde en lykkelig slutt, for statsrådens tilnærming er uklanderlig formell. Kjernen her er at vi har å gjøre med små håndverksfag, som det trengs noen få av. De som holder på med disse håndverkstradisjonene, vet hva som trengs. Denne linjen i Buskerud har vært helt avgjørende. Så svaret som statsråden nå kom med til slutt, at man velger å ta dette ansvaret, synes jeg er bra.

Statsråden bør ta med seg i bagasjen fra denne sal spørsmålet om vi kan få til en landslinje, ikke fordi jeg tror det vil få stor smitteeffekt, men fordi vi har noen håndverksfag som er veldig sårbare. Urmakerutdanningen er ett av disse. Det fins mange gamle klokker i Norge, og vi vil gjerne ta vare på dem. Det skal ikke være noe massetilbud. Det er ikke mange som skal få det. Jeg ber bare statsråden ta med landslinjen som en mulighet for å forsterke den viljen han nå fortalte om fra innstillingen i hovedutvalget i Buskerud, som jeg også synes var en gledelig nyhet i hans svar.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:28:06]: Lat meg først få takke for gratulasjonen og seie at eg ser fram til samarbeid med representanten Dørum.

Eg er svært oppteken av at vi skal halde på kompetansen i m.a. urmakarfaget, men sjølvsagt òg på andre viktige handverk i åra framover. Det er ei krevjande oppgåve, sidan det gjeld ein liten arbeidsmarknad og ofte få søkjarar. Men det er då òg bakgrunnen for at vi har innført ein ny lovregel som gjev partane i arbeidslivet større ansvar for det og større moglegheiter for å finne løysingar. Det er derfor òg svært gledeleg at vi no – med atterhald om at finansieringa kjem på plass – får eit tilbod på ein vidaregåande skule. Eg har godt håp om at det skal bidra sterkt til at vi kan halde på den viktige kompetansen som er i urmakarfaget.

Odd Einar Dørum (V) [13:28:54]: Statsråden og jeg deler oppfatningen om at det er noen sårbare fag som det er klokt å ta vare på, kanskje ikke ut fra så stor etterspørsel i arbeidsmarkedet, men for å verne om kulturarv og den allmenndanningstradisjon som jeg er sikker på at vi begge deler, og som vi skal forsvare.

Jeg er, som sagt, glad for det som nå har skjedd i Buskerud. Etter at man ikke hadde linje å tilby denne høsten, så prøver man igjen neste år. Jeg tror det har vist seg tidligere at det har vært sårbart. Det å finne fram til andre finansieringstilskudd er åpenbart nødvendig, og i den sammenheng har landslinjene vært en måte å ordne det på.

Vil statsråden gjennom kreativ tenkning klare å finne andre svar, er ingenting bedre enn det. For min del er jeg opptatt av løsningen, og av at det tilbudet som har vært der, skal kunne videreføres. Så jeg sender bare med statsråden på hans rundtur i Norge – som jeg synes er en klok måte å jobbe på politisk, forresten – det kanskje å tenke på løsninger her også. Kanskje det fins løsninger på en annen måte enn hva jeg har tenkt til nå. Så langt har min fantasi bare strukket seg til landslinjen. Jeg er åpen for at statsråden kan finne løsninger som jeg ikke har klart å finne fram til.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:29:57]: Eg deler til fulle representanten Dørums engasjement for dette spørsmålet, og eg er glad for at det no ser ut til at vi kan få på plass ei løysing for urmakarfaget.

Så tek eg med meg vidare at det er mange fag som er i ein liknande situasjon. For kvart av dei må vi vere kreative og tenkje ut løysingar. Dei kan kanskje vere ulike. Det er bakgrunnen for at vi i dette tilfellet har funnet ei løysing, ved å få ei ny lovregel. I andre tilfelle vil andre løysingar vere aktuelle. Eg lovar at eg skal samarbeide tett med Dørum og Stortinget om å finne liknande løysingar også for andre fag.

: