Stortinget - Møte onsdag den 7. november 2007 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 16
Martin Engeset (H) [12:32:06]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«I tråd med et bredt politisk flertall både på kommune- og fylkesnivå i Østfold har Stortinget gjentatte ganger sluttet seg til at det første prosjektet som nå står for tur på Østfoldbanen, skal være jernbaneløsningen i tunnel gjennom Moss. Lokalt er det investert meget store beløp i tillit til at myndighetene ville følge opp sine egne løfter. I statsbudsjettet for 2008 er det ikke foreslått noen midler til det videre arbeid.
Synes statsråden det er akseptabelt å behandle et helt bysamfunn/region på denne måten?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:32:37]: I framlegget til Nasjonal transportplan frå den førre regjeringa var det ikkje inne forslag om oppstart av Haug–Onsøy eller noko anna større investeringstiltak på Østfoldbana sør for Ski. Etter at stortingsfleirtalet, mot røystene frå dei dåverande regjeringspartia, vedtok ein kraftig auke av rammene til både veg og jernbane, vart det rom for å ta Haug–Onsøy inn i planane.
Etter ynske frå Østfold fylkeskommune avgjorde Stortinget i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2006 at Sandbukta–Moss–Såstad skulle prioriterast framfor Haug–Onsøy, sjølv om prosjektet ville koste dobbelt så mykje som Haug–Onsøy, nærare bestemt om lag 1,6 millardar 2006-kroner.
Jernbaneverket saman med Moss kommune har arbeidd med ein ny hovudplan for jernbanetunnelen gjennom Moss, då den planlagde stasjonsplasseringa måtte flyttast på grunn av at forskrift om tryggleik i jernbanedrift no set strengare krav til plasseringa av stasjonar i kurve. Etter det eg er kjend med, er dette arbeidet i ferd med å avsluttast, og det må deretter utarbeidast detaljplanar for prosjektet.
Arbeidet med detaljplanlegginga krev om lag 30 mill. kr, og det er ikkje avsett midlar til dette i statsbudsjettet for 2008. Årsaka er at innafor løyvinga til Jernbaneverket for 2008 har eg valt å prioritere ei vidareføring av satsinga på drift og vedlikehald av jernbanenettet som Regjeringa la opp til i 2007-budsjettet, og i tillegg å ha ei mest mogleg rasjonell framdrift av dei store jernbaneprosjekta som er starta opp.
Eg har stor forståing for at folk og næringsliv i Moss ynskjer fortgang i dette prosjektet. At me no har fått ei regjering som har auka dei årlege investeringane i jernbana med meir enn 50 pst. i høve til den førre regjeringa, og som prioriterer ressursane slik at dei kan nyttast mest mogleg rasjonelt, gjer at dei prosjekta som står for tur, vil kunne startast tidlegare opp. Eg håpar dette kan verte ei kjelde til inspirasjon for representanten Engesets arbeid for Østfoldbana.
Martin Engeset (H) [12:32:52]: Jeg takker statsråden for svaret, som dessverre ikke er så veldig mye å takke for, for jeg må si at den skuffelsen som både jeg og en samlet Østfold-benk følte da vi så at ikke engang disse planleggingsmidlene på 30 mill. kr var på plass, var ganske formidabel.
Jeg har registrert i etterkant av at statsbudsjettet ble lagt frem, at stortingsrepresentant Steinar Gullvåg fra Vestfold har uttalt at han er møkka lei av å forsvare brutte valgløfter. Nå er det nok også ganske mange av oss på Østfold-benken som er ganske lei, selv om ikke vi har gått så langt som til å bruke slike sterke kraftuttrykk. Men når vil statsråden komme til Stortinget med forslag om disse planleggingsmidlene, som tross alt er relativt beskjedne beløp i den store sammenhengen? Dette prosjektet haster.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:35:46]: Som eg sa i mitt førre svar, har eg prioritert å ha ei rasjonell gjennomføring av allereie igangsette prosjekt. Det ville vere veldig enkelt å berre leggje inn nokre planleggingsmidlar til ulike prosjekt rundt omkring, men det betyr at då må ein òg ha ein plan for oppstart.
Årsaka til at det ikkje er lagt inn planleggingsmidlar i 2008-budsjettet, er at ein ikkje ser at det i 2008 er aktuelt med oppstart av dette prosjektet. Når me kjem så langt, skal sjølvsagt planleggingsmidlane stillast til disposisjon. Og som eg sa i mitt hovudsvar: Eg har stor forståing for at ein både i Østfold og i Vestfold er utolmodige etter å få sett i gang planane som ligg føre for jernbana i desse fylka, men me har eit stort prosjekt i vestkorridoren no som må ferdigstillast, og som eg har valt å leggje fullt trykk på, og som betyr mykje for avviklinga i eit folketungt område her i intercity-trianglet.
Martin Engeset (H) [12:36:57]: Jeg tror det er viktig at statsråden tar inn over seg at vi nå har en ganske unik situasjon, der populariteten når det gjelder å reise med tog, er sterkt økende. På Østfoldbanen, f.eks., tror jeg det sist år var 15–16 pst. trafikkvekst, passasjervekst. Det er en situasjon en må ta vare på, for vi ønsker vel alle, ikke minst ut fra et miljøpolitisk perspektiv, at flere skal reise med tog og færre reise med bil. Og da må jeg si det er trist å registrere at statsråden ikke er mer offensiv på dette feltet.
Jeg reiser en del med tog selv, og jeg registrerer at på en del av avgangene i rushtrafikken har ikke engang alle passasjerene sitteplass. Det går ikke an når man skal foreta en togreise på kanskje opp mot én time. Så mitt siste spørsmål er: Vil statsråden ta tak i denne problemstillingen og sørge for at alle passasjerene som nå strømmer til NSB, faktisk får sitteplass?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:38:04]: På vegner av Regjeringa vil eg ikkje ta inn over meg kritikk av denne regjeringa si jernbanesatsing. Me har auka investeringsbudsjettet med 50 pst. Me har auka drifts- og vedlikehaldsbudsjettet, som er særdeles viktig for å oppretthalde ein god regularitet på jernbana. Me har inngått avtalar med NSB, som vil auke kapasiteten med inntil 15 pst. i rushtida. Me slit litt med det i 2008 på grunn av lokførarsituasjonen, men eg håpar at ein får på plass den auken som ligg i våre avtalar. Me har i det heile ein heilt annan offensiv jernbanepolitikk enn det som tidlegare tiders regjeringar – for å snakke i fleirtal – har hatt. Det er på høg tid – eg seier ikkje at det er nok. Difor arbeider me òg fram mot Nasjonal transportplan med å få ytterlegare fart på jernbanesatsinga i Noreg.