Stortinget - Møte onsdag den 9. mai 2007 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 8
Jan Sahl (KrF) [12:08:17]: Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«Situasjonen som har oppstått på E18 i nordre Vestfold, krever strakstiltak for å forhindre kaos og køer ved avvikling av helge- og ferietrafikk i vår og sommer. Ved å overføre trafikk fra privatbiler til kollektive transportmidler kan trafikken på veistrekningen avlastes. Dersom tog- og busstilbudet gjennom Vestfold trappes opp og kapasiteten økes, vil antallet biler på veien kunne reduseres.
Hva vil statsråden gjøre for å hindre køer og kaos, av hensyn til sikkerhet, effektivitet og miljø?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:08:56]: Eg vil fyrst seie meg lei for dei problema stenging av E18 fører til for trafikantane og for busetnaden langs omkøyringsvegane.
Statens vegvesen har saman med politi og lokale styresmakter fokusert sterkt på dette og følgjer nøye utviklinga i trafikken på omkøyringsvegane. Mange tiltak er alt gjennomførte: informasjon om alternative køyreruter, betre skilting og oppmerking, fysiske utbetringar, medrekna asfaltering, nedsett fart for å få betre flyt i trafikken og auka overvaking frå politi. I tillegg er ferjekapasiteten i sambandet Moss–Horten auka.
Til no har trafikkavviklinga på omkøyringsvegane gått utan store problem. I dei største utfartshelgane, som pinsa, kan me venteleg ikkje unngå kø. Me veit òg at døgntrafikken er aukande, og at han normalt er 25 pst. større i juli enn gjennomsnitt for året. Difor har det vore særs viktig å kunne få opne E18 att før fellesferien. Det er no lagt opp til opning den 6. juli.
Me veit at trafikantane er flinke til å tilpasse seg ved store og mellombelse endringar i tilbodet, både ved å reise mindre, ved å endre tidspunkt for reisa, ved å endre reiserute og ved å endre reisemiddel. Det såg me seinast ved avviklinga av påskeferien. Døgntrafikken på rv. 313, gamle E18, er no noko mindre enn han var på E18 før raset i Hanekleivtunnelen.
Me veit òg frå den nasjonale reisevaneundersøkinga i 2005 og anna materiale at reiser gjennom Vestfold i svært stor grad er besøksreiser og ferie- eller fritidsreiser, at nær halvdelen av all trafikk gjennom veka er på fredag og søndag, og at om lag 70 pst. av alle reiser er med eigen bil. Det vil sjølvsagt vere positivt om fleire nyttar offentleg transport, slik representanten Jan Sahl peikar på. Det er likevel slik at med den samansetjinga som er av trafikken, er det spesielt utfordrande å overføre nettopp slike reiser til offentleg transport.
Måndag den 30. april hadde eg eit møte med m.a. dei transportselskapa som står for store delar av kollektivtrafikken gjennom Vestfold. I dette møtet vart det presentert ulike forslag som kan bidra til å leggje betre til rette for forsterka kollektivtrafikk. Enkelte forslag vert no gjennomførde, medan nokre vert vurderte fortløpande opp mot dei faktiske problema som vil kunne oppstå når trafikken aukar framover mot sommaren. Det vil så snart som råd verte etablert kollektivfelt ved Bergsenga, der trafikken frå nord vert ført over på gamle E18. Det vil lett danne seg kø ved innsnevringa, og med kollektivfelt vil kollektivtrafikken sleppe forbi denne køen.
Jan Sahl (KrF) [12:11:33]: Jeg merket meg at statsråden i veldig stor grad gjentar svarene som er gitt til de to foregående spørrerne, og de går i all hovedsak på de tiltakene som er gjort på veisystemene. Det er veldig bra. Statsråden skal ha ros for å ha vært særdeles aktiv med å legge til rette for at man skal kunne avvikle veitrafikken på en god og effektiv måte.
Dessverre er det nå av ulike årsaker gått ganske lang tid siden spørsmålet ble stilt. Derfor må jeg si at jeg synes det er skuffende at statsråden melder tilbake at en i prinsippet ikke har gjort noen ting for å øke kollektivtrafikken. Miljø er jo veldig høyt oppe på banen for tiden, og vi vet at de områdene som nå får ekstra trafikk, får en ekstra miljøbelastning.
Mitt spørsmål er: Hva er årsaken til at en ikke har fokusert mer på å få økt kollektivtrafikken?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:12:38]: Når spørsmåla som vert stilte til statsråden, er tilnærma like, er det naturleg at òg svara må verte tilnærma like.
Det har vore gjort ei god marknadsføring frå kollektivselskapa si side, men som eg sa, er samansetjinga av trafikken slik at det er vanskeleg å fange opp all den auka trafikken i kollektivsystemet. Det handlar for tog sin del rett og slett om å ha kapasitet på dei aktuelle tidspunkta, når ein får ein så stor, komprimert trafikk på fredag ettermiddag og søndag kveld. Busselskapa, som er meir fleksible, har marknadsført sine tilbod ekstra godt. Vi jobbar òg saman med dei for ytterlegare å forsterke marknadsføringa av eksisterande kollektivtilbod.
Jan Sahl (KrF) [12:13:31]: Så vidt jeg kjenner til, er det en betydelig pendlertrafikk på Vestfoldbanen, og som statsråden selv var inne på, viser det seg jo at nettopp i slike situasjoner som vi nå er inne i, er folk villige til å endre reisemønster. Når det blir hindringer i veitrafikken, er det flere som velger kollektive transportmidler. Derfor er det fra Kristelig Folkepartis side forventet at man har en økt fokusering nettopp på det.
Med den situasjonen som nå har oppstått, vil jeg spørre statsråden om hun til slutt vil gjøre noen vurderinger og se på hvor stor økning i kollektivtrafikken en har fått, og trekke noen konklusjoner med hensyn til i hvor stor grad trafikantene er villige til å endre sitt handlingsmønster. Dette kunne også være en ypperlig anledning til å se om noen kanskje ville endre sitt reisemønster totalt sett.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:14:36]: Slike trafikkteljingar har jo kollektivselskapa. På det nemnde møtet 30. april fekk eg opplyst at det er vekst både for NSB på persontransport og for busselskapa. Ein registrerer vekst. Det vert registrert, så eg skal få tala på det. Dei kan sjølvsagt representanten Sahl òg få tilgang til.
Eg er heilt samd med representanten Sahl i at dette er ein interessant «case», også fordi eg har teke til orde for m.a. vegprising. Alle erfaringar frå andre land viser at dersom ein skal få folk til å gå over frå bilkøyring til kollektivtransport, er det ikkje nok med ei gulrot, sjølv om me må ha kapasitet på kollektivfeltet. Ein må òg ha restriksjonar på bilbruken. Slik sett er dette eit spennande døme å granske òg i ettertid for å sjå kva effekt dette har på folk sin kollektivbruk. Eg håpar at svært mange no tek kollektive reisemiddel, både gjer det for ettertida og prøver ut den moglegheita, noko som eg trur vil tene alle.