Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 9. mai 2007 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Arne Sortevik (FrP) [12:02:09]: «I forbindelse med nyheten om at ytterligere 6 tunneler på E18 i Vestfold må stenges for å gjennomføre nødvendig sikringsarbeid, fremkommer det også at etterslep i vedlikehold på veitunneler over hele landet er omfattende. Det er anslått at over 2 mrd. kr må til for å reparere alarmtelefoner, lys- og ventilasjonsanlegg samt dårlig veidekke. På riksveinettet er det ca. 800 tunneler.

Hva vil statsråden gjøre for at veitunnelene i Norge ikke bare blir rassikre, men også driftssikre?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:02:51]: I ein rapport frå Statens vegvesen frå februar 2003 er det totale etterslepet på riksvegane rekna til å vere 14 milliardar kr pr. 1. januar 2007. Dette er eit etterslep som er opparbeidd gjennom mange år under ulike regjeringar. Tunnelane sin del av dette er rekna til om lag 2 milliardar kr.

Regjeringa har auka innsatsen til riksvegvedlikehald, men eit så stort etterslep må nødvendigvis takast igjen over fleire år. Dette er eit spørsmål som vil verte grundig handsama i Nasjonal transportplan for perioden 2010–2019.

Det er no sett av 170 mill. kr pr. år for å oppgradere tunnelane ved å fornye gammalt og utdatert utstyr. I tillegg kjem den årlege drifts- og vedlikehaldsinnsatsen.

Innanfor all drift og alt vedlikehald prioriterer Statens vegvesen dei oppgåvene som har direkte innverknad på tryggleiken. For tunnelar tyder dette at dei tiltaka som er naudsynte for at trafikken kan avviklast på ein sikker måte, vert gjennomførte. Det omfattar òg dei installasjonane som er nemnde i spørsmålet.

Arne Sortevik (FrP) [12:03:59]: Takk for svaret.

Det har lenge vært kjent at det er et stort vedlikeholdsetterslep på norske veier, totalt ca. 45 milliarder kr. Det tallet som statsråden refererer til for riksveinettet, ca. 14 milliarder kr, har også vært kjent. Men det har vært mindre kjent hvor stor del av vedlikeholdsetterslepet på riksveinettet som faktisk gjelder veitunnelene, hvor de trafikkerende er i en ganske spesiell situasjon.

Hva er statsrådens plan for å dekke opp etterslepet? Jeg ber ikke om noen lekkasje fra revidert budsjett eller fra budsjettet for neste år, men om signaler på om man vil se på muligheten for få programmer for å rydde opp i etterslepet når det gjelder vedlikehold av veitunnelene, der de veifarende er i en spesiell situasjon. De er i en tunnel, og det er en helt spesiell situasjon som skaper utrygghet i utgangspunktet, når vi har et rassikringsproblem. Nå har vi et tilleggsproblem, nemlig mangel på vedlikehold.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:05:08]: Eg kan nemne at Statens vegvesen for fleire år sidan tok i bruk eit eige datasystem for å halde oversikt over oppgåvene som skal gjerast i samband med den tekniske tryggingsutrustinga i tunnelane. Systemet gjev òg dokumentasjon på om oppgåvene er utførte. Eg har tillit til, som eg sa i mitt hovudsvar, at ein prioriterer tryggleik, og at ein gjer fyrst dei oppgåvene som må gjerast for at tryggleiken i heile vårt omfattande tunnelsystem skal haldast oppe på ein god måte.

Carl I. Hagen hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Arne Sortevik (FrP) [12:05:51]: Til VG 12. april i år sier utbyggingsdirektør Aksnes i Statens vegvesen:

«Etterslepet kan gjøre at tunnelene ikke er driftssikre, men det utgjør ikke fare for den enkelte bilist.»

Deler statsråden dette synet? Erfaringene til mange trafikanter er dessverre ikke slik. De er faktisk motsatt. Jeg skal bruke et ganske ferskt eksempel fra Bergen. I en tunnel som statsråden sikkert kjenner til, Damsgårdtunnelen, som går mellom Fyllingsdalen bydel og Bergen sentrum, var det i går en kjedekollisjon med åtte biler, tre ble skadet. Det var ikke mulig, ikke engang for politiet, å åpne rømningsdørene som skal gjøre det mulig for en ambulanse å komme inn i tunnelen. Når ikke engang politiet klarer å bruke nødutstyret og evakueringsutstyret, viser det at vi har et problem. Når vi i tillegg har alarmtelefoner som ikke virker, og dårlig belysning, er det klart at den enkelte trafikant har grunn til å føle seg utrygg.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:07:00]: Eg kjenner ikkje den saka frå Bergen som det vert referert til. Eg må be om forståing for at eg ikkje kan kommentere ho. Men det er klårt at dersom ein ikkje kan opne rømmingsdørene, er det ein svikt i systemet. Det må i så fall takast opp.

Eg må, som kvar statsråd, støtte meg på at me har eit system som tek vare på tryggleiken. Me har gode datasystem, eit eige datasystem for å halde oversikta over dette. Det er opp til Statens vegvesen heile tida å gjere dei prioriteringane som dei seier til meg at dei gjer, og som eg lit på at dei gjer, nemleg å ta dei viktigaste oppgåvene fyrst, dei som sikrar tryggleik for folk når dei køyrer i tunnelar.

Eg har ikkje noko anna svar å gi enn det eg alt har gitt, nemleg at dette området, innanfor drift og vedlikehald, er eit område som har prioritet. Ein har eit eige overvakingssystem, og det har sjølvsagt kome endå meir i fokus etter dei hendingane som har vore med tunnelane i Vestfold.

: