Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 9. mai 2007 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Per Roar Bredvold (FrP) [12:27:45]: Mitt spørsmål går også til vår samferdselsminister:

«Langs riksvei 3 i Hedmark har Statens vegvesen nylig kjøpt en eiendom for riving for at trafikksikkerheten skal bedres. Dette er bra!

Er slike tiltak noe statsråden vil prioritere i framtiden, bl.a. langsetter denne veien, nettopp for å øke sikkerheten for våre trafikanter?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:28:07]: Å fjerne bygningar som står nær inntil vegen, kan føre til betre trafikktryggleik, trafikkavvikling og miljø og vil kunne gi fordelar ved drift og vedlikehald av vegen. Derfor er dette tiltak som vert prioriterte, m.a. av omsyn til trafikktryggleiken. I rundskriv frå Vegdirektoratet er det gjort klart at regionvegkontora kan bruke drifts- og vedlikehaldsmidlar for å løyse inn slike bygningar. I rundskrivet er det òg presisert at slike kjøp kan gjerast utan å gå vegen om reguleringsplan.

Statens vegvesen vil ikkje løyse inn slike bygningar utan at etaten vert einig med eigaren. Den heimelen Statens vegvesen har til å oreigne, vert altså ikkje nytta i slike høve. Innløysing skjer gjerne i samband med at eigedomane vert lagde ut for sal. Det er derfor viktig at Statens vegvesen følgjer med på eigedomsutlysingar. Det er òg nyttig å varsle eigedomsmeklarar om at ein er interessert i å løyse inn denne typen eigedomar. Ofte er det slik at eigaren sjølv tek kontakt med Statens vegvesen og tilbyr eigedomen.

Per Roar Bredvold (FrP) [12:29:15]: Jeg takker statsråden for et positivt svar.

Jeg valgte et positivt spørsmål til statsråden, for jeg tror statsråden ser denne problematikken. Før gikk jo veiene langsmed bebyggelsen, det var lite trafikk, og trafikken var annerledes enn den er i dag. Langs denne spesielle veien, rv. 3, går det mye tungtransport. Når et uthus eller et hus ligger langsmed veien, er det klart at trafikksikkerheten blir redusert. Jeg hørte at statsråden sa at saken vil bli prioritert. Da er mitt spørsmål: Hvor mye vil dette bli prioritert? Har statsråden noen plan? Har Vegvesenet noen plan for dette? Har man f.eks. reist oppover langs rv. 3 og sett at dette huset kanskje kan kjøpes og rives? Men selvfølgelig skal det være helt frivillig for selger.

Men tilbake til spørsmålet mitt: Hvor mye prioritert er dette? Har man en plan?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:30:19]: Ut frå talet på hus som årleg vert innløyste, er det vel ikkje rett å seie at dette er eit viktig trafikktryggleikstiltak. Når slike innløysingar i mange tilfelle er fornuftige, er det fyrst og fremst ut frå totaleffekten. Trafikktryggleiksgevinsten ligg fyrst og fremst i at ein får sanert avkøyrsler. Det kan ein sjølvsagt òg gjere på andre måtar, gjennom avkøyrselsregulering, altså lage felles avkøyrsler og tilkomstvegar. Samanlikna med midtdelar, breiddeutviding m.m. må nok innløysing av hus seiast å vere eit mindre viktig trafikktryggleikstiltak. Likevel er det eit tiltak som i enkelte tilfelle både bør og skal nyttast, og det er Statens vegvesen og deira fagfolk som må gjere dei vurderingane i det enkelte tilfellet.

Per Roar Bredvold (FrP) [12:31:12]: Jeg takker statsråden for svaret, som kanskje var litt mindre positivt nå. Jeg skjønner nå at dette ikke vil bli prioritert noe særlig, og at man heller ikke har noen plan. Det synes jeg er veldig synd.

Som sagt er det mye gammel bebyggelse langs mange veier, bl.a. langs denne veien. Mange av takene er slik at når det blir store snømengder og snøen faller, så faller den ned på veien. Det skaper selvfølgelig farlige situasjoner. Så jeg håper at statsråden vil se enda mer på dette, og at det vil bli avsatt penger til dette. Dette er viktig, og samtidig er det en billig investering for å øke trafikksikkerheten.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:31:55]: Som eg sa, kan me ikkje fronte det som eit trafikktryggleikstiltak åleine, men som eit tiltak som kan vere fornuftig etter ei heilskapleg vurdering, der bl.a. omsynet til trafikktryggleik inngår. Eg kan ikkje seie eksakt kor mange hus som er rivne dei siste åra, men når det gjeld rv. 3, verkar det som om ein her har vore meir aktiv med omsyn til innløysing. Truleg gjeld det Hedmark generelt i forhold til resten av landet. Det er innløyst ca. 40 hus dei siste 10–15 åra i Hedmark. Halvparten av dei er langs rv. 3, og det skulle tilseie eit gjennomsnitt på eitt–to hus pr. år langs denne vegen. Det er av omsynet til betre trafikktryggleik, betre sikt, rydding av sideareal, redusert behov for gang- og sykkelvegutbygging og betre miljø. Sjølvsagt er òg økonomi inne i biletet ved at ein kan få betre planløysingar ved framtidige utbyggingar. Så dette tiltaket inngår i ei heilskapsvurdering saman med andre trafikktryggleikstiltak, som f.eks. midtdelar og breiddeutviding.

: