Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 6. desember 2006 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland

Dokumenter: 

Sak nr. 2

Innstilling fra utenrikskomiteen om svalbardbudsjettet 2007

Talere

Votering i sak nr. 2

Votering i sak nr. 2

Komiteen hadde innstilt:

I

På svalbardbudsjettet for 2007 bevilges under:

Kap.PostFormålKronerKroner
Utgifter
1Svalbard kyrkje
1Driftsutgifter 3 350 000
2Tilskot til kulturelle formål m.m.
70Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard 960 000
3Tilskot til Longyearbyen lokalstyre
70Tilskot til Longyearbyen lokalstyre 86 954 000
5Sysselmannen (jf. kap. 3005)
1Driftsutgifter 25 800 000
6Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)
1Driftsutgifter 65 700 000
7Tilfeldige utgifter
1Driftsutgifter 4 100 000
9Kulturminnetiltak
1Driftsutgifter 2 100 000
11Bergmeisteren (jf. kap. 3011)
1Driftsutgifter 1 310 000
17Refusjon til Norsk Polarinstitutt
50Refusjon 2 750 000
18Fyr og radiofyr
1Driftsutgifter 3 400 000
19Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen
1Driftsutgifter 5 600 000
20Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)
1Driftsutgifter 10 659 000
45Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast500 000
22Likningsforvaltninga for Svalbard
1Driftsutgifter 2 500 000
Totale utgifter 215 683 000
Inntekter
3005Sysselmannen (jf. kap. 5)
1Diverse inntekter 300 000
3006Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)
1Leigeinntekter 1 100 000
3020Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)
1Inntekter 2 784 000
3030Skattar og avgifter
70Skattar m.m. 83 000 000
71Utførselsavgift 3 500 000
72Utmålsgebyr, årsavgift 1 090 000
3035Tilskot frå statsbudsjettet
70Tilskot 123 909 000
Totale inntekter 215 683 000

II Formues- og inntektsskatt til Svalbard forinntektsåret 2007

§ 1 Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2007 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.

Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2007. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.

§ 2 Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Personleg skattepliktig og dødsbu:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)

  • b) Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.

§ 3 Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Inntekt som blir skattlagt ved likning etter svalbardskattelova § 3-1:

10 pst. av allminneleg inntekt

Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt på kr 10 000

  • b) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2:

12 pst.

§ 4 Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1 000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.

Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5 Skjermingsrenta for fastsetjing av berekna personinntekt for sjølvstendig næringsdrivande

Skjermingsrenta som nemnt i skattelova § 12-12 tredje ledd, jf. svalbardskattelova § 3-1, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

§ 6 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

III Bestillingsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2007 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over den totale løyvinga som er gitt under kap. 5 post 1 på svalbardbudsjettet.

IV Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2007 kan overskride løyvinga under

kap. 5 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005 post 2

kap. 6 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006 post 2.

V Avgift av kol som blir utført frå Svalbard for budsjetterminen 2007

For budsjetterminen 2007 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:

1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,

0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,

0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,

0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,

0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,

0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,

0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,

0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,

0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna.

0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.