Stortinget - Møte onsdag den 11. oktober 2006 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 11
Borghild Tenden (V) [12:27:09]: Jeg har gleden av å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«Ifølge innstillingen fra Lavutslippsutvalget står transportsektoren for en vesentlig og økende del av klimagassutslippene. I lys av dette er satsing på kollektivtrafikk svært viktig. En forutsetning for videre utvikling på Fornebu er en god kollektivløsning.
Hva vil statsråden gjøre for å oppfylle løftet fra staten om nyinvestering for kollektivløsning til Fornebu?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:27:43]: Fornebu vart nedlagd som flyplass i 1998, og eit område på nær 3 400 dekar vart frigjort for utvikling. I St.meld. nr. 46 for 1999-2000 Nasjonal transportplan 2002–2011 la dåverande regjering opp til statleg medfinansiering av baneløysing til Fornebu innanfor Jernbaneverket sine rammer til dobbeltspor på strekninga Skøyen–Sandvika. Saka vart følgd opp i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan 2006–2015. I St.meld. nr. 24 for 2003-2004 Nasjonal transportplan 2006–2015 er baneløysing til Fornebu omtalt på følgjande måte:
«Samferdselsdepartementet legger til grunn et statlig bidrag på inntil 600 mill. kr begrenset til et gitt kronebeløp over ordningen med alternativ bruk av riksvegmidler.»
Ansvar for bygging, drift og statleg bidrag til prosjektet er omtalt i dei årlege budsjettproposisjonane. Bane til Fornebu vil verte ein del av det sekundære banenettet i Oslo-området. Som omtalt i St.prp. nr. 1 for 2004-2005 har Akershus fylkeskommune vedteke løysing med automatbane og har teke på seg det totale driftsansvaret. Ansvaret for å skaffe midlar til bygging og drift ligg såleis på Akershus fylkeskommune.
Liksom representanten Borghild Tenden er eg oppteken av å minske klimagassutsleppa i transportsektoren. Å betre tilhøva for kollektivtrafikken vil vere eit viktig verkemiddel i den samanhengen, spesielt i byar og bynære område som Fornebu. Som omtalt i St.meld. nr. 24 for 2003-2004 har staten forplikta seg til å hjelpe til med midlar til investering i infrastruktur. Det er difor innarbeidd 600 mill. kr i handlingsprogrammet for investeringar på resten av riksvegnettet i Akershus i perioden 2006–2015.
Eg er kjend med at det framleis er ein del som er uklart ved det planlagde prosjektet. Akershus fylkesting har i møte 21. september 2006 vedteke at det skal utgreiast andre alternativ enn automatbane. Alternativa er bybane med Snarøyabuss, buss/bybane og bussbetening av Fornebu. Statens vegvesen er invitert til å delta i utgreiingsarbeidet. Inntil Akershus fylkeskommune har gjort desse utgreiingane, held eg meg til dei vedtaka som er fatta, og til dei økonomiske prioriteringane som er gjorde i samband med Nasjonal transportplan 2006–2015.
Borghild Tenden (V) [12:30:17]: Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg kjenner godt til hva de ønsker i Akershus fylkeskommune. En ny utredning som regjeringspartiene der – de har jo snudd i saken – pluss Fremskrittspartiet nå ønsker, virker som en trenering av hele saken. Dette kan i verste fall føre til full stopp i utviklingen på Fornebu. En bussløsning, som da er et alternativ midlertidig, på lang sikt eller på hel sikt, kan føre til 70–80 busser i rushtiden. Det vil si et stort miljøproblem og et framkommelighetsproblem på E18.
Hva vil statsråden gjøre for å løse dette problemet?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:31:05]: Som eg sa, er eg til liks med representanten Tenden oppteken av å auke kollektivandelen på transportnettet. Spørsmålet er òg nemnt i innstillinga frå Lågutsleppsutvalet. Der er jo den same målsetjinga heilt klar.
Men eg vil gjenta det eg sa i svaret mitt: Det er Akershus fylkeskommune som sit med initiativet her. Det er Akershus fylkeskommune som må gjere sin del av jobben før statsråden kan ta tak i denne saka. Eg har respekt for lokale og regionale styresmakter. Eg innser at ein i denne saka treng litt tid lokalt for å gjere eit utgreiingsarbeid, som er antyda å skulle vere avslutta i januar 2007. Dersom det fører til ei betre løysing for Fornebu, kan det vere verdt å vente på. Det får me kome tilbake til når utgreiingsarbeidet er avslutta.
Borghild Tenden (V) [12:32:18]: Jeg takker igjen statsråden for svaret.
Jeg har også full tillit til lokaldemokratiet. Men bakgrunnen for dette spørsmålet er at denne saken nå faktisk står helt i stampe. Alle utredninger ligger på bordet. Det er snakk om driftsansvaret og en mer rettferdig fordeling av de driftsmidlene som Fornebu vil generere i framtiden. Det er det eneste som kan løse denne floken. Og floken er mellom SL og NSB, det vet jeg at samferdselsministeren kjenner til, det går på en mer rettferdig fordeling mellom NSB og SL.
Jeg spør igjen: Vil samferdselsministeren se på dette og løse denne floken på Fornebu?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:33:09]: Akershus fylkeskommune har heile tida vore kjend med dei rammene som gjeld frå staten si side i denne saka. Det er ikkje nokon nye moment som har kome opp etter statsrådsskiftet. Det er ikkje nokon nye moment som har kome opp i dei seinare år, etter at vedtaket om Fornebubanen vart gjort.
Eg vart ganske tidleg kjend med at ein meinte at ein trong betre grunnlagsmateriale enn det som no ligg føre. Det gjaldt både kvalitetssikring, kostnadsoverslag, trafikkgrunnlag og driftsopplegg. Det er Akershus fylkeskommune som har ansvaret for å leggje fram endeleg kostnadsoverslag og finansieringsplan for prosjektet og gjere dei grunnleggjande vedtaka som må vere på plass før prosjektet kan kome opp og stå. Eg gav òg det same svaret til representanten Jan Tore Sanner på eit skriftleg spørsmål – det var vel i oktober i fjor.
Eg har ikkje meir å føye til i denne saka enn at eg har respekt for dei vurderingane som fleirtalet i Akershus fylkesting gjer. Eg har ein god dialog med Akershus om saka, og vil følgje ho opp på beste måte frå min plass.