Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 11. oktober 2006 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Per Roar Bredvold (FrP) [12:19:55]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Nissen i Norge holder til på Savalen i Hedmark, noe dessverre ikke alle vet. Derfor har det vært behov for skilting, noe som Vegvesenet ikke er interessert i skal forekomme.

Kan statsråden være behjelpelig med at nissen (og andre næringsdrivende) får sette opp skilt, slik at både unge og gamle finner frem, ifølge TV 2-nyhetene 3. oktober 2006?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:20:24]: Det er i dag god skilting til staden Savalen frå rv. 3. Dei som ynskjer å besøkje nissen sin bustad i Savalen, kan følgje skilting til Savalen og finne nissen sin bustad når dei kjem til Savalen.

Skilting til nissen og andre næringsdrivande må avgrensast for ikkje å ta merksemda til trafikantane vekk frå trafikken til skade for trafikktryggleiken. Dette gjeld særleg langs viktige hovudvegar som rv. 3. Nissen har òg andre bustader i Noreg. Eg ser ikkje at det er ei prioritert oppgåve for samferdslestyremaktene å lære born og vaksne om nissens forskjellige bustader rundt om i landet.

Eg kan likevel ikkje ta stilling til den konkret saka. Dersom nissen eller nokon av hjelparane hans i ei travel førjulstid ynskjer det, kan dei bringe saka inn for Vegdirektoratet, som då vil kunne gjere ein meir omfattande gjennomgang.

Per Roar Bredvold (FrP) [12:21:24]: Jeg takker statsråden for svaret, som jeg synes var mindre seriøst enn jeg kunne ønske. Som jeg skriver, gjelder dette også andre næringsdrivende.

Så vidt jeg vet, er statsråden fra et parti som heter Senterpartiet, som har distriktspolitikk som en av sine fanesaker. Fremskrittspartiet og undertegnede mener i alle fall at det i distriktspolitikken skulle være et mål at man skal kunne bo i distriktene og leve av et eller annet man produserer, så sant det er mulig. Mange næringsdrivende prøver det, blant annet langs rv. 3. Men når man ikke får sette opp skilt til den aktiviteten man bedriver, blir det vanskelig å fortsette denne for å leve av den og for å bo ute i distriktene, slik Fremskrittspartiet ønsker. En god distriktspolitikk går ut på at folk kan bo der og leve av det man produserer.

Selvfølgelig er ikke vi for at alle og enhver skal sette opp skilt. Men det er viktig at man har en mulighet til å sette opp skilt som forklarer hva man driver med og hvor man holder til.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:22:32]: Eg meiner eg gav eit både godt og seriøst svar. Dette handlar om trafikktryggleik. Dette handlar om at det òg i distrikta finst hundrevis, for ikkje å seie tusenvis, av bedrifter som meir enn gjerne skulle hatt eit skilt langs vegen som viste vegen til nettopp deira bedrift. Som distriktsforkjempar skulle eg meir enn gjerne gitt dei lov til det, om det ikkje var for at me ville fått ein jungel av skilt langs hovudvegane våre som peika til alle dei hundre- og tusenvis av flotte distriktsbedrifter som gjerne ville vist seg fram og fått vegfarande til å kome innom nettopp deira bedrift. For å vere heilt seriøs, handlar dette om ei avgrensing – som òg representanten er inne på – og korleis me skal sikre trafikktryggleik, at vegen er i fokus, og at me har plass til vegskilt og informasjonsskilt som er knytte til det å reise langs vegen, og ikkje til alle dei bedriftene som eg skjønar meir enn gjerne skulle marknadsført seg med eit skilt langs vegen.

Representanten kan meir enn gjerne stille eit spørsmål til Vegdirektoratet, som har fått delegert ansvaret for skiltproblematikken i Noreg. Om han ynskjer eit meir inngåande svar på dette, kan me gjerne kome tilbake til det. Men det er dette som er hovudgrunnen til at ein gjennom lang tid har hatt ein slik politikk i Noreg.

Per Roar Bredvold (FrP) [12:23:51]: Jeg takker statsråden nok en gang for svaret.

Den 8. januar 2003 stilte jeg et lignende spørsmål til daværende statsråd Torild Skogsholm, som svarte følgende:

«Det vil alltid kunne diskuteres hvor grensen skal trekkes for den lokale vegvisningen til ulike bedrifter og virksomheter. Vegmyndighetene skal ikke være mer restriktive enn nødvendig, og må derfor fortløpende vurdere om dagens praksis ligger på et riktig nivå. Vegdirektoratet starter i år en fullstendig gjennomgang av det tekniske regelverket for bruk av offentlige trafikkskilt, og retningslinjene for vegvisningsskilting vil da på ny bli vurdert.»

Det vil si at dette er en sak som har versert i mange år, og den er viktig nettopp for distriktene. I og med at statsråden nå nevnte at rv. 3 er en trafikkfarlig vei, er jeg litt forundret over at ikke rv. 3 fikk mer penger, slik at det kunne blitt en tryggere vei, og slik at man kanskje kunne få satt opp skiltet. Jeg er ikke for at vi skal sette opp skilt alle steder, men viktige bedrifter – i dette tilfellet jeg nevnte, og som også TV 2 tok opp – må få lov til å vise hva man driver med og ikke minst hvor man holder til.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:25:02]: Når det gjeld rv. 3 og prioriteringar, følgjer statsråden dei prioriteringane som Oppland og Hedmark har gjort i si såkalla lottorekkje. Når det gjeld skiltproblematikken, har denne statsråden vore oppteken av det. Eg var m.a. oppe og avdekte eit skilt til Den Gyldne Omveg i Trøndelag, fordi eit heilt område her har utvikla eit veldig spanande prosjekt – reiseliv, turisme, næringsutvikling – og difor fekk eit skilt på hovudvegen. Men det skal ganske mykje til for at ein skal avvike frå det som er normalen, og setje opp skilt langs hovudvegen til næringsbedrifter og enkeltbedrifter. Eg står fast på at for meg er trafikktryggleik det overordna. Faktisk òg overordna det at bedrifter gjerne skulle hatt ein vegvisar langs hovudvegen. Kven i alle dagar skal setje avgrensingane for bedriftene? Berre i mitt eige nærområde kunne eg sikkert talt opp 50 bedrifter som kunne ha tenkt seg skilt på E16. Korleis vil det ta seg ut i forhold til at me skal ha ein veg som skal vere trygg for dei vegfarande?

For å gå tilbake til det dette starta med, nemleg lokalvegvisingsskilt til nissen, vil eg òg seie at det ikkje er skilta med lokalvegvisingsskilt til nissen i Drøbak, der enkelte òg meiner nissen held til. Eit vanleg fareskilt med nissesymbolet er sett opp ca. 250 m før ein kjem til Drøbak sentrum. Det er ikkje sett opp skilt langs E6 som viser nissen i Drøbak. Men dei som besøkjer nissen i Drøbak, følgjer skilting til Drøbak, og så finn dei der ut kvar nissen held til. Det kan ein òg sjølvsagt gjere i Hedmark.

: