Stortinget - Møte onsdag den 15. mars 2006 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 20
Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Robert Eriksson til arbeids- og inkluderingsministeren, er overført til fornyings- og administrasjonsministeren som rette vedkommende.
Robert Eriksson (FrP) [14:41:43]: Jeg tillater meg å stille statsråden følgende spørsmål:
«I KLP-avisen nr. 1 2006 pekes det på «pensjonsgapet» som oppstår for de arbeidstakere som arbeider mindre enn 14 timer pr. uke i offentlig sektor. De er ikke medlem av en offentlig pensjonskasse og får heller ikke adgang til obligatorisk tjenestepensjon som kun gjelder i privat sektor. Gruppen omfatter bl.a. mange som ufrivillig går i små deltidsstillinger og som i tillegg mister adgangen til samme pensjonsrettigheter som andre arbeidstakere.
Vil statsråden sørge for at gruppen kan opparbeide rett til tilleggspensjon?»
Statsråd Heidi Grande Røys [14:42:25]: Som presidenten var inne på, er spørsmålet frå representanten Eriksson retta til arbeids- og inkluderingsministeren, men då tenestepensjonsordninga i staten ligg under mitt departement, vil eg gjerne få svare på spørsmålet.
Representanten Eriksson peiker på at ein arbeidstakar i offentleg sektor med mindre enn 14 timar pr. veke ikkje har rett til offentleg tenestepensjon. Dette følgjer av lov om Statens Pensjonskasse og gjeld òg for kommunal sektor. Den nye obligatoriske tenestepensjonsordninga i privat sektor gir arbeidstakarar med meir enn 7 timar i veka rett til ein obligatorisk tenestepensjon. Det er difor ein skilnad mellom pensjonsrettane i offentleg og privat sektor, noko eg er einig med representanten Eriksson i er uheldig.
Årsaka til dette ligg i at privat sektor har ei nettoordning, medan offentleg sektor har ei bruttoordning. I nettoordninga vert ikkje tenestepensjonen samordna med folketrygda. Det vil seie at pensjonen kjem uavkorta til utbetaling i tillegg til pensjonen frå folketrygda. I offentleg sektor derimot er det ei bruttoordning, der pensjonen i etterhand vert samordna med folketrygda. Arbeidstakarar med mindre enn 14 timar pr. veke ville fått samordna vekk tenestepensjonen om dei hadde vore medlemer av t.d. Statens Pensjonskasse.
Ved tariffoppgjeret i 2000 la tenestemannsorganisasjonane fram krav om at arbeidstakarar med meir enn 7 timar pr. veke skulle verte medlemer av Statens Pensjonskasse. Kravet vart den gongen gitt opp, då det viste seg at dei ikkje ville få auka samla pensjon ved å verte medlemer i ordninga.
I statleg sektor er det om lag 4 300 arbeidstakarar som har mellom 7 og 14 timar pr. veke. I kommunal sektor er det nok fleire, utan at eg kan talfeste det.
No er vi i gang med å sjå på heile pensjonssystemet gjennom oppfølginga av pensjonsforliket, som Stortinget vedtok i fjor vår. Dei offentlege tenestepensjonane er såleis òg i støypeskeia. Eg vil seie det vil vere naturleg å ta denne problemstillinga med i det arbeidet som mitt departement i lag med m.a. Arbeids- og inkluderingsdepartementet no gjer med pensjonsordningane, for nettopp å sjå på om dette forholdet vil vere annleis ved endringar i dei offentlege tenestepensjonane.
Robert Eriksson (FrP) [14:44:44]: Ifølge samme artikkel i KLP-avisen er det spesielt ansatte ved botilbudene for psykisk utviklingshemmede, ansatte ved eldresentrene osv. som blir rammet av dette.
Ifølge tall jeg har fått fra KS – og da er Oslo kommune og lærerne holdt utenom – gjelder det 44 000 ansatte. Mener statsråden at dette er å anse som et betydelig problem, og kan statsråden i så fall være mer konkret på hvilke mulige løsninger hun ser for seg?
Statsråd Heidi Grande Røys [14:45:32]: Det er jo eit problem for dei det gjeld. Nesten same kor mange det er, er det eit problem for dei det gjeld, at dei ikkje får pensjonsopptening. Så der vil eg absolutt slutte meg til representanten sitt syn. Men, som eg sa, når det gjeld dei offentlege tenestepensjonane, har problemstillinga vore at om ein var medlem og i jobb over 7 timar pr. veke, så ville det verte samordna vekk med folketrygda. Ein ville ikkje få ein auka samla pensjon om ein likevel var medlem. Men det kan jo endre seg når vi no går gjennom heile pensjonssystemet, inkludert dei offentlege tenestepensjonane. Då må vi igjen sjå på om dei som ligg på mellom sju og 14 timar, vil ha ein gevinst av å verte medlemer, for då er det jo naturleg å ta det opp.
Dette er jo òg eit viktig likestillingsspørsmål, for det er jo som regel kvinnene som har desse stillingane som representanten tek opp. Dette bør altså vere viktig òg for å sikre kvinnene. Helst burde dei få større stilling, men i mange turnusar er det vanskeleg å få til, og då vil det vere viktig òg å sikre dei pensjonsrettar.
Robert Eriksson (FrP) [14:46:41]: Regjeringen har jo også i diverse media sagt at man står overfor betydelige utfordringer når det gjelder å inkludere både funksjonshemmede og uføre i arbeidslivet. Mange av dem har en arbeidsreserve som er på under 40 pst.
Når Regjeringen og statsråden skal sette seg ned og se på de nye reglene, er det da slik å forstå at statsråden kan signalisere at man ønsker å gå gjennom samordningsreglene, slik at den enkelte i større grad får beholde sin opptjente pensjon, at også denne gruppen vil komme bedre ut, og at offentlig og privat sektor blir likestilt?
Statsråd Heidi Grande Røys [14:47:28]: No står eg i fare for å gå inn på det som er arbeids- og inkluderingsministeren sitt område, og det skal eg passe meg for, men når det gjeld det som låg i pensjonsforliket i Stortinget i fjor vår – no var verken representanten Grande Røys eller representanten Eriksson med i det forliket – så var det, uavhengig av kva som låg til grunn, å gi styrkt arbeidsincentiv. Iallfall var vi veldig opptekne av å gi arbeidsincentiv til dei som har lågast løn, og til dei som har deltidsstillingar, for det er jo dei som har ein reserve som vi ynskjer å utnytte i arbeidslivet. Samla sett vil eg òg tru at det å få det til ligg hos alle partar i arbeidet med pensjonsforliket, og at modellen og oppteninga gir incentiv til å stå i arbeid, det vere seg så mykje som folk klarar.
Som eg har sagt, vi skal sjå på om dei som no ligg på under 14 timar – altså om ein skal gjere endringar i offentlege tenestepensjonar for dei som ligg på under 14 timar – vil ha gevinst av å verte med i ei pensjonsordning. Det er heilt opplagt at vi må sjå på det.
Presidenten: Da går vi til spørsmål 29.