Stortinget - Møte onsdag den 18. mai 2005 kl. 10
President: Inge Lønning
Spørsmål 11
Rolf Terje Klungland (A) [12:06:15]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til miljøvernministeren:
«I VG 10. mai kan vi lese at en grunneier går rettens vei for å forby allmennheten tilgang til den siden av Thorsholmen som er synlig fra grunneierens eiendom. Han føler seg beglodd og offer for uønsket innsyn og utsyn. Rikfolk utnytter en dårlig kommuneøkonomi for å ta seg til rette i skjærgården. Regjeringen har fjernet ordningen med juridisk bistand til kommunene i forbindelse med konflikter om bruk av strandsonen og om allmennhetens rettigheter.
Vil statsråden vurdere å gjeninnføre denne ordningen?»
Statsråd Knut Arild Hareide [12:06:54]: Ordninga med ei løyving for å kunne gi juridisk hjelp i saker som gjeld konfliktar i strandsona, gjaldt i perioden 2000-2002 og var ein del av det såkalla strandsoneprosjektet som vart gjennomført av Direktoratet for naturforvaltning. Prosjektet er avslutta, og eg ser ikkje grunnlag for å innføra ordninga på nytt.
Ordninga var ei prøveordning med juridisk hjelp til 15 utvalde kystkommunar. Dette gav moglegheit for kommunane til å få tilgang på kvalifisert juridisk ekspertise til vurdering av aktuelle saker. Denne ordninga var nyttig for mange av kommunane.
Ordninga sin karakter av å vera ein del av eit prosjekt blir understreka av at ho ikkje omfatta alle kommunar.
Delvis basert på prøveordninga med juridisk hjelp blei det i regi av prosjektet utarbeidd handbøker om juridiske og planfaglege spørsmål, m.a. om korleis plan- og bygningslova og friluftslova skal praktiserast og følgjast opp i høve til kommunane sitt ansvar i strandsonespørsmål. Dette har gjort vedtaksgrunnlaget klårare og auka kjennskapen til regelverket som gjeld bruk og vern av strandsona. Rettleiinga har med andre ord ført til at kommunane sitt arbeid kan utførast med større fagleg sikkerheit.
Prosjektarbeidet la dermed eit grunnlag for at kommunane og fylkesmennene si sakshandsaming når det gjeld dispensasjonar og ulovlege stengsel, kan effektiviserast.
Slik eg ser det, er strandsoneprosjektet avslutta, men strandsonearbeidet skal halda fram. Regjeringa har gjort greie for sitt arbeid i strandsona i St.meld. nr. 21 for 2004-2005 Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.
Regjeringa ønskjer ei offensiv og framtidsretta strandsoneforvalting. Det er derfor naudsynt med ei vedvarande fokusering på strandsona og på på nytt å utfordra kommunane til ein streng praksis ved handsaming av plansaker og dispensasjonar. Statlege og regionale myndigheiter har viktige roller i arbeidet med å gjennomføra ein aktiv strandsonepolitikk.
Departementet vil følgja byggjeaktiviteten i 100-metersbeltet nøye framover. I lys av rapporteringa vil departementet ta initiativ til spesiell oppfølging av fylke der utviklinga ikkje er tilfredsstillande.
Ulovlege stengsel som hindrar ferdsle langs sjøen, er eit stadig problem, og kommunane har ei viktig oppgåve med å rydda opp i slike tilhøve.
Me vil òg halda fram arbeidet med å sikra og tilretteleggja dei mest attraktive områda i strandsona. Eg viser til at me i revidert nasjonalbudsjett har foreslått å sikra betydelege forsvarseiegedomar til friluftsføremål.
Me vil òg etablera eit landsdekkjande nettverk for kystsoneforvaltinga for å auka merksemda om desse problemstillingane i heile landet.
Me har ein aktiv strandsonepolitikk. Eg veit òg at representanten Klungland er sterkt engasjert i desse spørsmåla. Sjølv om me ikkje vil ta opp den ordninga han her stiller spørsmål om, kan eg forsikra om at me vil føra politikken innafor strandsoneområdet aktivt vidare i tråd med dei føringane me har lagt i stortingsmeldinga.
Rolf Terje Klungland (A) [12:09:51]: I budsjettet for i år foreslo Arbeiderpartiet å opprette en ordning med juridisk bistand på 60 mill. kr. Det gjorde vi fordi vi ser en skremmende utvikling når det gjelder strandsonen.
Etter hvert som rikfolk får mer penger på grunn av Regjeringens skattelettepolitikk, og etter hvert som kommunene får mindre penger fordi det blir gitt skattelette til de rikeste her i landet, får kommunene mindre muligheter til å følge opp juridisk de inngrepene som blir gjort i strandsonen, ofte betalt av rikfolk som har god råd til å sikre seg de beste advokatene. Det går på bekostning av velferdstilbudet i kommunene dersom de skal bruke pengene på å følge opp dette istedenfor å bruke dem på velferdsoppgaver. Er ikke statsråden opptatt av at kommunene skal settes i stand til å følge opp slike saker?
Statsråd Knut Arild Hareide [12:10:55]: Eg er heilt einig med representanten Klungland i at det er viktig at kommunane blir sette i stand til å kunna vareta strandsona på ein god måte. Det er det me gjennom vår politikk ønskjer å leggja til rette for, bl.a. kystsonenettverket er eit eksempel på det. Me trur at nettopp gjennom eit slikt nettverk vil kommunane bli sikra dette. Men det er ein heilskap i denne politikken. Det er viktig – og der har eg vore tydeleg både i forhold til fylkesmenn og dei som forvaltar dette – at det blir gjort innvendingar i dei sakene som er i strid med den nasjonale politikken når det gjeld strandsona. Så i dei aktuelle sakene her må det gjerast innvendingar, og me jobbar for at kommunane skal bli sette betre i stand til å vareta den oppgåva. Så eg er einig med Rolf Terje Klungland i denne saka. Men eg trur ikkje at dette prosjektet, som skulle vera eit kortvarig prosjekt, og som me allereie hentar nytte av når me vidarefører kunnskapen, er det riktige verkemidlet no for å forbetra strandsonepolitikken.
Rolf Terje Klungland (A) [12:12:07]: For hver dag som går, ser vi nå en utvikling av bebyggelse i strandsonen som er helt uakseptabel. Jeg er glad for at Regjeringen kommer med forslag om å sikre forsvarseiendommer for allmennheten, men det er bare et plaster på såret i forhold til de tiltakene som vi i Arbeiderpartiet er opptatt av burde vært gjort i forhold til sterkere statlig styring når det gjelder bygging i strandsonen.
Nå har to miljøvernministere i denne regjeringen pratet om at vi skal ha en sterkere styring og en sterkere vilje til å bevare strandsonen for allmennheten. Vi har hatt en periode på fire år der det har vært mye prat, men lite handling. Jeg må spørre statsråden: Hvis han er veldig opptatt av å bevare strandsonen mest mulig for allmennheten, hva slags tiltak har han tenkt seg nå for å stoppe den utviklingen som vi ser også i år i forhold til nye bygg og privatisering av strandsonen?
Statsråd Knut Arild Hareide [12:13:12]: Det er ikkje korrekt at me ikkje har det verkemiddelapparatet som me treng, allereie i dag. I konkrete saker har fylkesmannen god moglegheit til å komma med innvendingar. I min dialog med fylkesmennene har eg vore tydeleg på at eg kunne ønskt ein streng praksis. Og det ser eg no blir følgt opp av fylkesmennene.
Eg hadde møte med fylkesmiljøvernsjefane i førre veke der eg tok opp denne problemstillinga. Det vil seia at i konkrete saker vil dette bli følgt opp. Når det gjeld plansaker, er òg representanten Klungland godt kjend med at dei kjem inn til Miljøverndepartementet. I den tida eg har vore statsråd, har eg i alle sakene eg har hatt på mitt bord, valt å følgja fylkesmannen si tilråding. For meg er det viktig med ein streng praksis, og me har i dag verkemiddelapparatet til å føra ein slik streng politikk. Det ønskjer eg å gjera, det har òg vore tydeleg i forhold til kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn, som på mine vegner kan utføra det arbeidet i konkrete saker.