Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 13. april 2005 kl. 10

Dato:
President: Jørgen Kosmo
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Bjørn Jacobsen (SV) [12:03:44]: Eg vil gjerne få stille eit spørsmål til miljøvernministeren:

«Gøteborgprotokollen stiller krav i forhold til NOx. Skal vi innfri våre forpliktelser, må det skje blant anna innenfor kystflåten og oljeindustrien. Overgang til gassdrift og rehabilitering av de eksisterende motorer er to veier å gå. Ny teknologi som skal til for å minske utslippene på eksisterende olje- og dieseldrevne motorer, finnes bl.a. hos et Molde- og Trondheims-basert firma.

Har statsråden konkrete planer for å bidra til å innfri disse forpliktelsene og i tilfelle når, og hvilke tiltak vil bli iverksatt?»

Statsråd Knut Arild Hareide [12:04:30]: Regjeringa vil setja i verk nødvendige tiltak og verkemiddel for at Noreg skal overhalda forpliktingane om utslepp av nitrogenoksid, NOx ,i Gøteborgprotokollen innan 2010. Regjeringa har i St.meld. nr. 21 for 2004–2005, «Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand», gjort greie for kva slags verkemiddel ho vil ta i bruk. Denne meldinga blei lagd fram for Stortinget den 18. mars.

For skip og fiskefartøy vil det vera nødvendig å utvikla nye verkemiddel som kan gi utsleppsreduksjonar utover det som følgjer av IMOs krav til NOx-utslepp frå nye skip. Regjeringa legg opp til å fastsetja eigne utsleppskrav til skip som går i norsk innanriksfart, samt for fiskefartøy. Det vil bli stilt krav både til nye og til eksisterande skip og fartøy.

Sjøfartsdirektoratet har allereie vurdert ei rekkje moglege tekniske tiltak som kan gjennomførast på skip med dieselmotor. I tillegg har Noreg fått erfaring med bruk av gass som drivstoff for skip. Eg er kjend med at det finst fleire norske leverandørar av teknologi for dei løysingane som er vurderte.

For energianlegg på sokkelen og fastlandsindustrien vil det bli stilt krav om bruk av beste tilgjengelege teknikkar i tråd med krava i EU-direktivet om integrert forureiningskontroll. For enkelte av desse verksemdene kan det bli aktuelt å stilla krav som går utover gjeldande beskriving av beste tilgjengelege teknologi. Ifølgje tiltaksanalysar er tiltaka innan petroleumsverksemdene offshore gjennomgåande meir kostnadskrevjande enn tiltaka på skip og fiskefartøy.

Regjeringa arbeider no med å konkretisera utforminga av verkemidla. Regjeringa vil òg sikra ei mest mogleg kostnadseffektiv måloppnåing, og derfor leggja til rette for fleksible løysingar på tvers av sektorar. Dette er aktuelt ved gjennomføring av krav som går utover det som følgjer av EU-direktivet og utsleppsreguleringar som blir sette til skip og fiskefartøy. Verkemidla må hjelpa til å sikra at ein innfrir forpliktingane innan 2010, ein føresetnad for aktørane og gode insentiv på tvers av sektorar.

Miljøverndepartementet har vore i dialog med aktørane i dei maritime næringane og har motteke deira synspunkt på det vidare arbeidet med å konkretisera NOx-verkemidla overfor skip. Me vil lytta nøye til kva dei har å seia.

Bjørn Jacobsen (SV) [12:07:01]: Eg takkar for svaret. Eg er for så vidt fornøgd med innhaldet i svaret, men eg stiller eit spørsmål om tidsplanen her. No gjekk akkurat tidlegare næringsminister Ansgar Gabrielsen ut av salen – han skulle nesten ha vore her og hørt dette, for han lova 10 mill. kr via Sjøfartsdirektoratet i april i fjor. Desse midlane er ikkje blitt tildelte enno. Eg hadde ønskt at Regjeringa kunne ha vore litt meir konkret i forhold til tidsplanen for når ein ville setje inn eit nytt NOx-regime. Der sit jo folk i næringslivet ute og ventar på å komme i gang. Der sit òg kanskje byråkratar i systemet som heller ikkje tør å take laus. Kanskje den største bøygen er vi politikarar, som ikkje sender klare nok signal.

Så eg vil spørje direkte: På kva tidspunkt vil ein kunne klare å innføre eit reelt NOx-regime?

Statsråd Knut Arild Hareide [12:07:51]: No har me lagt fram ei stortingsmelding der me seier tydeleg at me skal gjennomføra krava i Gøteborgprotokollen. Det er ein avtale som er særleg viktig for Noreg, fordi vi lid av den typen forureining spesielt, og da må me greia å oppfylla dei krava som me har, og det gjeld bl.a. NOx. Me har sett at sånn som framdrifta er i dag, vil me ikkje oppfylla den forpliktinga. Derfor har me lagt ein strategi for dette i meldinga om rikets miljøtilstand, der me går inn på ulike tiltak. Skip og fartøy vil bli omfatta av slike tiltak. Me må no sjølvsagt få dette vedteke i Stortinget, og deretter må me klassifisera dei ulike skipa ut frå kva krav som skal bli sette til dei.

Eg synest det er vanskeleg å kommentera det som er næringsministeren sitt ansvar, men me kjenner jo til at problemstillinga her har vore bl.a. EØS-regelverket og dei utfordringane som ligg der. Eg håpar at ein skal finna ei løysing på dette så fort som mogleg, fordi me treng midlane slik at me får gode incentiv, sånn at me får starta utbygginga – for ombygginga, ho må skje.

Bjørn Jacobsen (SV) [12:08:54]: Eg takkar igjen for svaret, og ser at statsråden har tenkt å gjere noko konkret.

Men på kva slags måte ser statsråden for seg at ein frå Miljøverndepartementet si side kan støtte dei som jobbar ute i både forskingsmiljøa og næringslivet med å utvikle endå meir ny teknologi? Vi veit jo at dette også er eit teknologispørsmål. Sjølvsagt veit vi også at når det gjeld NOx, har det noko å gjere med om vi byggjer gasskraftverk, for det er jo der dei verkeleg store utsleppa er. Men det er jo veldig interessant i forhold til å få sett miljøvern ut i praksis, når f.eks. maskinistane på kystflåten, når maskinistane på hurtigruta blir dei som driv med miljøvern i praksis. Men kanskje kunne vi forvente at miljøvernministeren ville setje i verk nokre tiltak og komme med nokre pengar også, sånn at vi rett og slett kunne få sett i gang med ny teknologiutvikling.

Statsråd Knut Arild Hareide [12:09:53]: Eg er heilt einig i det representanten Jacobsen seier i forhold til gasskraftverk. Blant anna utsleppsløyvet som blei gitt på Snøhvit, var jo veldig tydeleg og veldig hardt, nettopp for å sikra minst mogleg utslepp i forhold til NOx. Og det er veldig viktig, skal me kunna oppfylla denne avtalen som ligg her. Dette er her i dag, representanten peiker i sitt spørsmål på nokre miljø. Ja, faktisk òg i mi eiga heimbygd, på Bømlo, finst det teknologi for å utvikla dette. Det er spennande miljø, me ønskjer å oppmuntra til dette, og eg vil seia at signala frå desse da vi la fram meldinga om rikets miljøtilstand, var veldig positive, nettopp fordi ein no ser at det blir teke eit initiativ i forhold til denne problemstillinga. Og det må ikkje vera nokon tvil om at me skal innfri krava i Gøteborgprotokollen, da vil det vera mykje jobb for denne bransjen. Dei vil vera med på å forbetra miljøet, og dei vil gi oss god teknologi.

: