Stortinget - Møte onsdag den 2. februar 2005 kl. 10
President: Jørgen Kosmo
Spørsmål 17
Øyvind Korsberg (FrP) [12:44:05]: Jeg har følgende spørsmål til miljøvernministeren:
«I Engerdal kommune vil myndighetene verne 130 km2 i rekordfart. De berørte parter føler det skjer uforsvarlig raskt. I Østlendingen 6. januar i år omtales et møte mellom Fylkesmannens miljøvernavdeling i Hedmark og representanter for kommunen. Fylkesmannens representant innrømmet at det går fort grunnet tidspresset, og at normale arbeidsmetoder blir lagt til side. Det utelukkes utsettelser i arbeidet, fordi det må eventuelt komme fra øverste myndighet.
Vil statsråden sikre at arbeidet skjer i et forsvarlig tempo?»
Statsråd Knut Arild Hareide [12:44:55]: Det er brei politisk støtte for å auka skogvernet i Noreg og for at offentleg eigde skogareal skal brukast aktivt i dette arbeidet. Dette blei slått fast da Stortinget i november 2003 drøfta skogvernet ved behandlinga av St.meld. nr. 25 for 2002-2003, Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.
For å følgja opp dette har landbruks- og matministeren og eg i nært samarbeid sett i gang eit systematisk arbeid for skogvern på statsgrunn. Me meiner vern på statsgrunn er viktig både for å sikra verneverdig skog og fordi det kan redusera behovet for vern av privat skog.
Eg håper òg representanten Korsberg ser det som positivt om vern på statsgrunn kan redusera behovet for vern på privat grunn.
Som eit ledd i arbeidet blei det i sommarhalvåret 2004 gjort kartleggingar av Statskog-areal m.a. i Sør-Noreg, og det er identifisert viktige verneverdige område.
Eg understrekar at det ikkje er teke stilling til omfanget av vernet, men at dette må avklarast gjennom den vidare saksbehandlinga. Det skal no gjennomførast omfattande høringar der kommunar og andre partar kan komma med innspel om sine synspunkt og interesser. Tidsfristane for høringane vil gi godt rom for innspel frå partane.
Innspel frå høringane vil bli grundig gjennomgått og vurderte. Mellom anna vil det ut frå verneverdiar og andre interesser bli vurdert om det er grunnlag for å endra verneforskrifter eller avgrensing av område, eller eventuelt å ta heile område ut av verneprosessen.
Eg kan forsikra representanten Korsberg om at det vil skje ei forsvarleg saksbehandling i vernearbeidet når det gjeld både tempo og kvalitet. Arbeidet har vore gjennomført og vil bli gjennomført i tråd med gjeldande krav til saksbehandling. Me legg vekt på å sikra innspel frå kommunar og andre partar.
Eg kan òg informera om at det er avtalt eit møte om kort tid mellom ordføraren i Engerdal kommune og den politiske leiinga i Miljøverndepartementet, der vernearbeidet på statsgrunn er ei av fleire saker som vil bli drøfta.
Øyvind Korsberg (FrP) [12:47:04]: Jeg takker statsråden for svaret.
Når statsråden sier at det er bred politisk støtte for de verneprosessene som skjer, er det for så vidt riktig. Den støtten er her i denne sal. Den er ikke forankret ute i lokaldemokratiet.
Dette er ikke et enestående tilfelle. Vi har hatt liknende saker bl.a. når det gjelder Ytre skjærgård Kristiansand-Søgne-Mandal, Øvre Dividal nasjonalpark, Lyngsalpene, Tillermarka, osv. osv. På hvert av disse stedene og mange, mange flere steder møter man konflikten mellom myndighetene som ønsker å verne, og de lokale både myndigheter og eiere som ønsker at denne prosessen tar litt lengre tid, slik at de får være litt mer med i den prosessen. Ordføreren viser også til frykten for tap av arbeidsplasser i denne saken.
Men spørsmålet til statsråden blir: Hvorfor følger man ikke opp rundskriv som man selv har kommet med? Da tenker jeg på rundskriv T-3/99. Der tar man rett og slett til orde for at dette skal ta så lang tid at alle berørte parter blir en del av prosessen. Det har statsråden svart i skriv til meg.
Statsråd Knut Arild Hareide [12:48:22]: Eg har lyst til å forsikra representanten Øyvind Korsberg om at me legg opp til ein forsvarleg prosess her.
Det som eg òg synest er veldig viktig, er at her set staten òg i verk vern på sin eigen grunn. Nettopp for å sikra at konfliktnivået blir mindre, trur eg det er veldig viktig at staten er med og tek sin del av ansvaret. Både det at me får det som vi kan kalla det normale vernet, som no har vore på privat grunn, det at me òg får eit frivillig vern på privat grunn, og det at staten er med og tek eit ansvar, synest eg legg til rette for at me òg skal få ei større oppslutning ute blant folket i det viktige arbeidet for vernet. Så eg er glad for at det er støtte i denne salen for at det arbeidet som blir gjort, skal bli gjort forsvarleg. Eg er oppteken av nettopp det som no skjer, ved at høringsprosessane no er komne i gang for å høra dei ulike partane. Det er jo for å høra at vi no skal ha høringar.
Øyvind Korsberg (FrP) [12:49:27]: Jeg takker statsråden for svaret. Jeg er også positiv til frivillig vern, men da må det være frivillig vern og ikke bare et teknisk begrep der man registrerer at lokalmiljøet, både det politiske og de som har næringsinteresser, protesterer mot det såkalte frivillige vernet.
Jeg er også glad for at statsråden skal ha møte med ordføreren, og da forventer jeg virkelig at statsråden lytter til det ordføreren har å si, og til de interessene som ordføreren her representerer i form av næringslivet og den type aktivitet.
Det med verneprosesser går jo rundt over hele landet. Nylig har Sametinget uttalt at det skal ha en direkte innflytelse når det gjelder forvaltning og opprettelse av nasjonalparker o.l. i de samiske områdene. Vil statsråden etterkomme det kravet?
Statsråd Knut Arild Hareide [12:50:25]: Eg vil ikkje gå inn på og kommentera det som Sametinget no har teke opp, men eg har òg registrert det innspelet som er komme frå Sametinget, og det vil departementet sjølvsagt vurdera.
Det som eg er oppteken av, er at det i den saka som er teken opp her i forhold til Engerdal, no er ein omfattande høringsperiode som ligg framfor oss, der eg kan lova at alle partar, alle dei som her har synspunkt og innspel, skal varetakast og få komma til orde gjennom høringa. Og så er det jo nettopp dei breie demokratiske prosessane som til slutt fører til den endelege beslutninga med omsyn til vern. Eg er glad for at vi har nettopp slike prosessar som varetek dei ulike omsyna. Det er ikkje slik at alle vil bli fornøgde, men dei prosessane som me no har, meiner eg legg til rette for mindre konfliktar. Og det er ønskjeleg. Det er ønskjeleg med vern, men det er òg ønskjeleg med mindre konfliktar.
Presidenten: Dermed er alle spørsmål i dagens spørretime behandlet.