Stortinget - Møte fredag den 3. desember 2004 kl. 10
President: Jørgen Kosmo
Dokumenter:
Sak nr 2
Innstilling fra utenrikskomiteen om svalbardbudsjettet 2005
Votering i sak nr. 2
I
På svalbardbudsjettet for 2005 blir løyvd under:
Kap. | Post | Formål: | Kroner | Kroner | ||
Utgifter | ||||||
1 | Svalbard kyrkje | |||||
1 | Driftsutgifter | 3 144 000 | ||||
2 | Tilskot til kulturelle formål m.m. | |||||
70 | Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard | 960 000 | ||||
3 | Tilskot til Longyearbyen lokalstyre | |||||
70 | Tilskot til Longyearbyen lokalstyre | 66 810 000 | ||||
5 | Sysselmannen (jf. kap. 3005) | |||||
1 | Driftsutgifter | 26 240 000 | ||||
6 | Sysselmannen si transporttjeneste (jf. kap. 3006) | |||||
1 | Driftsutgifter | 62 200 000 | ||||
7 | Tilfeldige utgifter | |||||
1 | Driftsutgifter | 4 100 000 | ||||
9 | Kulturminnetiltak | |||||
1 | Driftsutgifter | 2 050 000 | ||||
11 | Bergmeisteren (jf. kap. 3011) | |||||
1 | Driftsutgifter | 1 430 000 | ||||
17 | Refusjon til Norsk Polarinstitutt | |||||
50 | Refusjon | 2 700 000 | ||||
18 | Fyr og radiofyr | |||||
1 | Driftsutgifter | 3 350 000 | ||||
19 | Staten sine bygningar på Bjørnøya og Hopen | |||||
1 | Driftsutgifter | 5 450 000 | ||||
20 | Staten sine bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020) | |||||
1 | Driftsutgifter | 13 756 000 | ||||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 900 000 | ||||
22 | Likningsforvaltninga for Svalbard | |||||
1 | Driftsutgifter | 2 155 000 | ||||
Totale utgifter | 195 245 000 | |||||
Inntekter | ||||||
3005 | Sysselmannen (jf. kap. 5) | |||||
1 | Diverse inntekter | 200 000 | ||||
3006 | Sysselmannen si transportteneste (jf. kap. 6) | |||||
1 | Leigeinntekter | 1 100 000 | ||||
3020 | Staten sine bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20) | |||||
1 | Inntekter | 3 440 000 | ||||
3030 | Skattar og avgifter | |||||
70 | Skattar m.m. . | 50 000 000 | ||||
71 | Utførselsavgift | 3 500 000 | ||||
72 | Utmålsgebyr, årsavgift | 1 090 000 | ||||
3035 | Tilskot frå statsbudsjettet | |||||
70 | Tilskot | 135 915 000 | ||||
Totale inntekter | 195 245 200 |
II Formues- og inntektsskatt til Svalbard
§ 1 Bruksområde for vedtaket
Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2005 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.
Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2005. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.
§ 2 Skatt på formue
Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:
a) Personleg skattepliktig og dødsbu: 0,0 pst. av dei første kr 140 000 av stipulert formue 0,9 pst. av dei neste kr 400 000 1,1 pst. av det overskytande beløpet
b) Selskap og samanslutning som nemnd i skattelova § 2 36 andre ledd, og som ikkje er friteke for formuesskatteplikt etter skattelova kapittel 2: 0,0 pst. av dei første kr 10 000 av stipulert formue 0,3 pst. av overskytande beløp
§ 3 Skatt på inntekt
Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:
a) Inntekt som blir skattlagt ved likning etter svalbardskattelova § 3 1: 10 pst. av alminneleg inntekt Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt på kr 10 000
b) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3 2: 8 pst.
§ 4 Avrundingsreglar
Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1 000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.
Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.
§ 5 Kapitalavkastningsraten for fastsetjing av personinntektsdel av nærings- og selskapsinntekt (deling)
Kapitalavkastningsraten som nemnd i skattelova § 12 13 tredje ledd, jf. svalbardskattelova § 3 1, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.
§ 6 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold
Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5 12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3 1 og 3 2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.
III Bestillingsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2005 kan bestille varer for inntil kr 3 000 000 utover den totale løyvinga som er gitt under kap. 5 post 1 på svalbardbudsjettet.
IV Meirinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2005 kan overskride løyvinga under:
kap. 5 post 1 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005 post 2
kap. 6 post 1 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006 post 2
V Avgift av kol som blir utført frå Svalbard
For budsjetterminen 2005 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:
1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,
0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,
0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,
0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,
0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,
0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,
0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,
0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,
0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna,
0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.
Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.