Stortinget - Møte torsdag den 3. april 2003 kl. 10
President: Kjell Engebretsen
Sak nr. 4
Interpellasjon fra representanten Magnhild Meltveit Kleppa til sosialministeren:
"Dagboka frå ein pasient ved Risenga Bo- og Omsorgssenter i Asker, slik ho er presentert i VG 10. mars d.å., har med rette vekt sterke reaksjonar. Det er nærliggjande å setja søkjelyset på kommunane si rolle og deira ansvar for leiaropplæring og krav til bemanning. Det handlar utan tvil også om kva rammer kommunane har til dei oppgåvene dei skal løysa. Denne gongen gjeld det tilhøva ved Risenga Bo- og Omsorgssenter. I fjor vart graverande forhold ved Hovseterhjemmet avdekte. Begge desse institusjonane har fått tildelt anbod etter konkurranseutsetjing. I Sverige ser ein no at fleire kommunar reverserer konkurranseutsetjing og privatisering av omsorgstenester.
Vil statsråden føreta seg noko for å hindra at eit einsidig fokus på kostnadseffektivitet medverkar til ei lite verdig eldreomsorg?"
Talere
- Hovedinnlegg
- Hovedinnlegg
- Hovedinnlegg