Stortinget - Møte onsdag den 19. mars 2003 kl. 10
President: Øyvind Halleraker
Spørsmål 2
Britt Hildeng (A): «Mellom 5 000 og 10 000 døve bruker tegnspråk daglig. Norge har forpliktet seg til å anerkjenne at enhver person som tilhører en språklig minoritet, har rett til fritt og uhindret å bruke sitt minoritetsspråk. Tegnspråk er et slikt minoritetsspråk, men de tegnspråklige har ingen slike rettigheter.
Vil statsråden bidra til at Norge får sin egen tegnspråklov, og derigjennom gi døve rett til tegnspråk gjennom hele livsløpet?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Norges Døveforbund har dei siste åra fleire gonger vore i kontakt med Kultur- og kyrkjedepartementet om spørsmålet om å lovfesta norsk teiknspråk som offisielt språk i Noreg. Ei lovfesting vil, slik dei ser det, sikra betre tilgang til informasjon og dermed full deltaking og likestilling for døve i samfunnet.
Eg er oppteken av at døve skal kunna motta informasjon og delta i samfunnsdebatten på lik linje med høyrande. Det er likevel noko uklart om lovfesting av teiknspråket som offisielt språk er beste måten å oppnå dette på, og det vil vera nødvendig med ei nærmare vurdering av dette spørsmålet. Departementet vil greia ut dette og andre spørsmål på området – som eiga lov om teiknspråk, kartlegging av behovet for fulle språklege rettar, sikring av slike rettar i eksisterande lovverk og andre problemområde i samband med dette.
Departementet har bedt Statens senter for arkiv, bibliotek og museum å stå for utgreiinga. Utgreiinga vil bli gjennomført i nært samarbeid med døves organisasjonar. Eg vonar at utgreiinga vil liggja føre dette året.
Eg er òg kjend med at det ligg føre eit forslag i Nordisk Råd om å gjennomføra ei kartlegging av kva som skal til for å kunna innlemma teiknspråk i den nordiske språkkonvensjonen.
Britt Hildeng (A): Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg er i likhet med statsråden opptatt av at døve skal kunne få delta på linje med andre. Men nå er det jo slik at ikke alle døve får det. Vi opplever spesielt at mange døve eldre er fortvilet over sitt møte med hjemmetjenesten og sykehjemstjenesten, der de ofte blir misforstått. De er isolerte og deprimerte fordi ingen kan kommunisere med dem.
Vil ministeren inntil vi får en egen tegnspråklov, i hvert fall bidra til at ansatte i omsorgssektoren har den tilstrekkelige språkkompetansen, og at dette skjer raskt? Det er mange som opplever at de er i en fortvilet situasjon.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Når det gjeld utdanning av dei tilsette, ligg det ansvaret på ein annan statsråd enn meg, og eg er vel ikkje fullt oppdatert heller på korleis situasjonen er. Men eg er heilt einig i grunnlaget for spørsmålet. Eg har òg lyst til å minna om at det var ein debatt om dette i Stortinget i 1991, der m.a. Grete Knutsen, Jon Lilletun og Hallgrim Berg engasjerte seg, og det vart òg sagt at det skulle gjerast utgreiingar då.
Det har vore mange statsrådar sidan den gongen. No er iallfall utgreiingar sette i gang. Vi ventar å få ein rapport i løpet av året, og den vil vi følgja opp. Målet er vi altså einige om. Men kva verkemiddel er best for å oppnå målsetjinga? Vi vil gjera kva vi kan for å klara å oppnå målet, slik at dei som høyrer dårleg, eller ikkje høyrer, kan bli fullt integrerte i samfunnet og få same informasjon som dei høyrande.
Eg vil òg gjera merksam på at vi har eit arbeid på gang med ei stortingsmelding om politikk for personar med nedsett funksjonsevne, og der har vi ei oppsummering av resultat og erfaringar med m.a. handlingsplanen for funksjonshemma. Her vil Utdanningsdepartementet gi innspel til omtale av dei mange tiltaka som er sette i verk knytt til anerkjenning av teiknspråket som eige språk og oppfølging av den lovfesta retten til opplæring på teiknspråk.
Britt Hildeng (A): Det er riktig at spørsmålet, og det jeg også skal stille nå, kanskje er litt på siden, men det handler om språk. Jeg føler at vi i mangel av en egen språklov for tegnspråk og i mangel av egne rettigheter på dette området møter en rekke situasjoner hvor nettopp språk blir en hindring, og mangel på språk blir en vanskelighet for døve.
Jeg har hatt flere saker i forbindelse med kommuner som ikke vil kjøpe plasser for sine døve eldre på institusjoner som er egne institusjoner for døve, eller i sykehjem der hvor man har egne avdelinger for døve. Blant annet er det knyttet en sak opp til Conrad Svendsens institusjon.
Jeg vet det faller utenfor saksområdet, men allikevel, det handler om språk, og i så måte vil jeg spørre om det er noe ministeren kan bidra med i forhold til å finne løsninger på dette.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er litt forbausa over oppfølgingsspørsmålet, for eg har ikkje kunna førebu meg på å svara på det spørjaren stiller spørsmål om. Det er òg område som eg ikkje har ansvar for.
Men for å seia det sånn: Eg takkar for engasjementet i saka. Hernes vart oppfordra til å gjera noko i 1991. Det vart ikkje gjort særleg mykje. No har vi iallfall sett i gang eit arbeid. Eg er òg glad for det engasjementet som spørjaren har i Nordisk Råd, for å kartleggja det same. Så får vi då etter kvart som eg får informasjon, og vi får ein gjennomgang av saka, sjå kva vi kan gjera frå vårt departement. Men eg er òg overtydd om at det med engasjementet i både Kommunaldepartementet, Sosialdepartementet, Utdanningsdepartementet – eg trur det var fleire departement som var involverte i spørsmålsstillinga – ligg til rette for at vi skal løfta fram denne gruppa og visa tydeleg dei rettane dei skal ha. Og som sagt, det vil òg bli gitt innspel i forhold til grunnskule og vidaregåande skule når det gjeld opplæring i teiknspråk, i den stortingsmeldinga som kjem snart.
Presidenten: Presidenten minner om at statsråden har full anledning til å reservere seg mot å svare, hvis spørsmålet ikke er relevant.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg har lyst til å minna presidenten om at han kan òg avvisa spørsmål.