Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 19. februar 2003 kl. 10

Dato:
President: Jørgen Kosmo
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Presidenten: Dette spørsmålet er fra representanten Rune J. Skjælaaen til kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland. Siden statsråden også er idrettsminister, vil presidenten opplyse om at det ble tredobbel norsk seier på tremila i dag.

Rune J. Skjælaaen (Sp): Det var jo en gledelig melding å få!

Så over til spørsmålet:

«Kirkelig fellesråd i Bergen foreslår som ett av flere fellesråd å innføre nye egenandeler ved kirkelige handlinger som vigsel og begravelse. Bakgrunnen i Bergen er den samme som for andre kirkelige fellesråd, en vanskelig kirkeøkonomi.

Hva vil statsråden gjøre for å hindre en slik negativ utvikling i vår folkekirke?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Med den innleiinga som presidenten hadde, er det freistande å ta æra for den tredobbelte sigeren. Eg skal ikkje gjera det, men eg er veldig glad for at det gjekk slik som det gjekk.

Fyrst vil eg seia at eg er glad for den debatten som no går føre seg om den lokale kyrkjeøkonomien, og for det engasjementet for folkekyrkja som her kjem til uttrykk. Men eg er ikkje glad for det som er bakgrunnen for dette engasjementet.

Eg er svært bekymra for utviklinga i den lokale kyrkjeøkonomien slik han har kome til uttrykk den seinare tida, med stengde kyrkjer og vedtak om innføring av betaling ved kyrkjelege handlingar som vigsel og gravferd. Dette har fleire årsaker, bl.a. høge pensjonsforsikringar og straumprisar i eit frå før av stramt budsjett. Som kyrkjeminister tek eg sjølvsagt dette svært alvorleg, og eg vil difor i tida framover arbeida vidare for å finna fram til tiltak og løysingar for å betra kyrkja sin økonomi.

Kyrkjelova opnar for at kyrkjeleg fellesråd kan krevja betaling for bruk av kyrkja til kyrkjelege handlingar som ikkje blir utførde i samband med gudstenester. Men vedtak om betaling krev godkjenning av bispedømmerådet. I innstillinga til kyrkjelova av 1996 peika fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på at medlemmene av kyrkja som er busette i soknet, ikkje bør betala for tenester som gravferd, vigslar og dåp.

Eg ynskjer å gi klart uttrykk for at eg ikkje har sansen for at Kyrkjeleg Fellesråd i Bergen no har vedteke å innføra betaling for bruk av kyrkjene ved vigsel og gravferd. Etter mi meining har bispedømmerådet mange gode grunnar til å seia nei til slik betaling, fyrst og fremst fordi det er kommunane som har ansvar for og plikt til å dekkja utgifter til slike tenester. Drift og vedlikehald av kyrkjene og kyrkjegardane har frå gamal tid vore ei oppgåve for lokalsamfunnet. Innføring av betaling for vigslar og gravferder vil etter mitt syn kunna undergrava kommunane si plikt etter lova til å løyva midlar til dei kyrkjelege tenestene. Å innføra betaling for bruk av eiga soknekyrkje rokkar ved sjølve fundamentet for ei open folkekyrkje. Det er eit trugsmål mot kyrkjelivet generelt og spesielt mot dei som har dårleg råd.

Kyrkja sin arbeidsgjevarorganisasjon har samla inn opplysningar frå dei kyrkjelege fellesråda som syner at situasjonen er nokså ulik rundt omkring i fellesråda. Teikninga er viktig for oss når vi skal styrkja kyrkja sin økonomi. Tiltaka vi eventuelt set i verk, må vera treffsikre i høve til dei lokale forholda.

På lang sikt vil eg arbeida for å styrkja kyrkja sin økonomi gjennom dei ordinære budsjetta. Eg vil òg visa til at spørsmålet om framtidig finansiering av kyrkja si verksemd vil vera eit viktig tema for utvalet som skal greia ut tilhøvet mellom stat og kyrkje.

Rune J. Skjælaaen (Sp): Jeg takker kirkeministeren for svaret og er glad for at hun klart sier at egenandeler knyttet til vigsler og begravelser er en uting, selv om hun ikke akkurat brukte det ordet.

I 2003 er det 125 fellesråd som har fått reduksjon i kroner og øre i forhold til 2002, som også var et vanskelig år. Dette kom fram på den konferansen ministeren viser til, som Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon holdt på mandag.

Statssekretær Berit Øksnes Gjerløw sier i en kommentar i Her & Nå samme dag at vi ønsker Kirken bedre rammeforhold enn dette.

Men det kan jo ikke komme som en overraskelse på kirkeministeren at kirkeøkonomien blir svært vanskelig når kommunene sliter på så mange områder, og 75 pst. av midlene til kirken tildeles gjennom kommunene.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det har kome mange urovekkjande meldingar, som eg òg sa i svaret mitt. Eg arbeider med tiltak for å prøva å bøta på dette på kort sikt. På lang sikt må vi nok tenkja annleis. Eg har i dag ikkje noko svar på kor mykje vi kan finna av nye midlar, men eg synest iallfall at det arbeidet som Kyrkja sin arbeidsgjevarorganisasjon har gjort for å kartleggja problema, er eit godt fundament for oss når vi skal jobba vidare med prioriteringane.

Det som òg er eit spørsmål, er korleis eventuelle nye midlar skal kanaliserast. For meg er det viktig å finna ein måte å gjera det på som viser at vi er treffsikre, og at dei går til fellesråda sitt arbeid. Eg har ein budsjettpost på 100 mill. kr som skal gå til fellesråda. Eg ser vel at dersom vi skal finna løysingar som er treffsikre, må vi på ein eller annan måte gjera oss nytte av denne løyvinga når det gjeld å bøta på ein del av dei kortsiktige problema som fellesråda har.

Rune J. Skjælaaen (Sp): Vi holder på å behandle en sak om dåpsopplæring i Kirken i disse dager. Det handler også om å trappe opp antallet undervisningsstillinger i kirken. Så opplever vi i dag at stillinger som er opprettet ved kirkene opp gjennom årene, faktisk forsvinner fordi kommunene og fellesrådene ikke har råd til å betale egenandel for disse stillingene. Når de skal lyses ut igjen, blir de faktisk ikke lyst ut, fordi en ikke har midler til egenandeler. Jeg skulle ønske at statsråden kunne kommentere noe av dette.

En bygger altså ned tjenestene i kirken, samtidig som statsråden fremmer en melding om dåpsopplæring som går ut på at en skal bygge opp de kirkelige tjenestene og den kirkelige undervisning. Men det er altså kateketstillinger og meninghetspreststillinger rundt omkring i landet vårt som i dag ikke blir utlyst fordi fellesrådene ikke har midler til dette.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er veldig klar over det. Som sagt innleiingsvis, er eg svært glad for det engasjementet, i motsetning til kva eg opplevde ved det første budsjettet eg la fram. Da var bl.a. Skjælaaen med i eit fleirtal her på Stortinget for å kutta i løyvingane til fellesråda. Og desse midlane skulle faktisk gå til ein del av desse stillingane og til å halda ved lag aktiviteten. No ser eg at det er andre tankar både hos representanten Skjælaaen og hos representantar for andre parti her i Stortinget, nemleg at her treng vi faktisk meir.

Eg er glad for det grunnlaget eg har fått gjennom undersøkinga til Kyrkja sin arbeidsgjevarorganisasjon. Eg skal koma tilbake til Stortinget når det gjeld denne, og eg vonar at vi skal klara å finna nokre ekstramidlar til fellesråda. Eg har ikkje nokon sum å koma med i dag, og heller ikkje nokon lovnad, anna enn at eg har veldig høgt trykk på dette, men eg vonar at vi skal kunna koma tilbake med noko meir konkret seinare.

: