Stortinget - Møte onsdag den 6. februar 2002 kl. 10
President: Jørgen Kosmo
Spørsmål 4
Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Svein Roald Hansen til landbruksministeren, vil bli besvart av kultur- og kirkeministeren som rette vedkommende.
Svein Roald Hansen (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kultur- og kirkeministeren:
«Etter at den nye lov om tomtefeste trådte i kraft fra nyttår, har huseiere som fester tomt av Statskog på Lande i Sarpsborg, fått økt sin festeavgift fra 484 kroner til 8 459 kroner året. Det er i alt 340 huseiere som fester tomt av Statskog på Lande.
Synes statsråden det er en forbilledlig behandling av tomtefesterne at Statskog utnytter de muligheter den nye loven gir til å øke festeavgiften 17 ganger fra ett år til det neste og derved legger en føring som også private tomteeiere kan henvise til?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Saka om oppregulering av festeavgift som representanten viser til, gjeld tomter som Opplysningsvesenets fond er eigar av. I høve til dei festekontraktane som gjeld for fondet sine eigedommar, er det Statskog som står for regulering av festeavgifta. Dette gjer Statskog på vegner av fondet.
Opplysningsvesenets fond, som er å likna med ein stiftelse, femner om pengekapital og eigedommar, medrekna om lag 12 000 festetomter. Fram til 1. januar 2001 vart fondet forvalta i departementet. Frå 1. januar 2001 vart det oppretta eit særskilt forvaltingsorgan, med eit eige styre, med oppgåve å forvalta fondet etter dei overordna retningslinjene som gjeld. Eg nemner dette fordi det følgjer av den forvaltingsordninga som nyleg er etablert for fondet, at styringsrolla til departementet går ut på å fastsetja dei prinsippa og overordna retningslinjene som styret skal forvalta fondet etter. Desse retningslinjene vart seinast drøfta i Stortinget for eit år sidan, i samband med handsaminga av stortingsmeldinga om økonomien i Kyrkja, som Stoltenberg-regjeringa la fram. I meldinga var det med ein grundig omtale av Opplysningsvesenets fond og av dei prinsippa som gjeld for forvaltinga av fondet. Ei viktig side ved dette er at fondet skal forvaltast etter forretningsmessige prinsipp, dvs. at bygningar, skog- og landbrukseigedommar og tomter som er festa bort, skal forvaltast på ein forretningsmessig forsvarleg måte. I dei fleste tilfella vil det dermed vera marknadsverdien av eigedommane som avgjer pris- eller avgiftsnivå, noko departementet, styret for fondet og Statskog må leggja til grunn.
Generelt meiner eg at fondet ved sal eller ved regulering av festeavgifter ikkje skal vera leiande i marknaden. Eg kjenner ikkje den konkrete saka frå Lande i Sarpsborg. Eg kan difor ikkje uttala meg om om den auken i festeavgifta som representanten viser til, er i utakt med prisutviklinga eller marknadsverdien i området. Kva som er korrekt marknadsverdi, vil dessutan kunna vera gjenstand for diskusjon. Dersom den einskilde festar meiner at festeavgifta er for høg i høve til marknadsverdien av tomta, kan festaren krevja eit rettsleg skjøn. Det kan òg vera aktuelt at det blir gjennomført ny taksering av tomta eller tomteområdet.
Eg har ikkje grunnlag for å instruera styret for fondet om å gjera noko konkret i den saka som representanten viser til, men eg vil likevel orientera styret om saka og om det eg har sagt i svaret her i dag. Styret må då vurdera om det er grunn til på ny å vurdera festeavgifta i det aktuelle området.
Svein Roald Hansen (A): Jeg takker for svaret og tolker det positivt, nemlig slik at statsråden vil følge opp overfor styret og se om det er grunnlag for å gjøre en endring.
Den forrige regjeringen tok et initiativ og sendte forslag til en ny tomtefestelov ut på høring. Jeg er kjent med at det ble tatt kontakt med de daværende statsrådene, både for Statskog og Opplysningsvesenets fond, med sikte på om de kunne være tilbakeholdne med å foreta justeringene inntil den nye loven eventuelt var vurdert. Så vet vi at det ble et regjeringsskifte, og også at et forslag fra Arbeiderpartiet her i salen om å utsette iverksettelsen falt. Men jeg er glad for at statsråden vil følge opp overfor styret, og håper at det også kan gi signaler om at statlige grunneiere, selv om de har i oppgave å forvalte kapitalen på best mulig måte, kan være noe tilbakeholdne med å gjøre så spenstige hopp. Jeg vil tro at mange private grunneiere vil bruke det som et argument for at de også skal gjøre det samme.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg har ikkje noko anna å leggja til enn at eg vil ta det opp med styret. Men eg understrekar at nokon instruksjonsrett overfor styret har eg ikkje. Det er opp til aktørane her eventuelt å anka eller til styret sjølv å ta opp saka på nytt.
Presidenten: Da går vi tilbake til spørsmål 3, fra representanten Torstein Rudihagen til finansministeren.