Stortinget - Møte onsdag den 24. november 1999 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 17
Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Hva gjør statsråden for å fremme likestilling i det norske skoleverket?»
Statsråd Jon Lilletun: Å fremje likestilling i skuleverket er eit overordna utdannings- og forskingspolitisk mål.
Opplæring og utdanning skal leie til at jenter og gutar, kvinner og menn får same rettar, plikter og moglegheiter i utdanning, familieliv, arbeidsliv og samfunnsverksemd elles.
Arbeidet med likestilling står i dag overfor ei rekkje utfordringar. Dei utfordringane kunnskapssektoren generelt står overfor, gjeld også i stor grad for arbeidet med likestilling. Spesielt kan nemnast
demografiske endringar
ny teknologi og nye medium
endringar i arbeidsmarknaden
endringar i sosiale strukturar og verdiar
internasjonalisering og globalisering
KUF har utarbeidd eit spesielt policynotat for likestillingsarbeidet for perioden 1999-2001. I notatet er skissert problemområde og retningsval, og tiltak er sette i gang på ei rekkje område. Eg kan nemne:
matematikk, realfag, teknologi og likestilling
utradisjonelle utdannings- og yrkesval for jenter og gutar
kvinner i universitets- og høgskulesektoren
likestilling i kompetansereforma
likestilling i grunnskulen og i den vidaregåande opplæringa
Undersøkingar viser at jenter i Noreg ofte vel bort matematikk og andre realfag så fort det er mogleg, og satsar lite på teknologiske fag. KUF har i samarbeid med det kanadiske oljeselskapet Norsk Chevron sett i gang eit landsomfattande prosjekt om jenter og matematikk etter eit kanadisk program, Operation Minerva.
Likestillingspolitiske utfordringar knyter seg også til IKT. Spesielle tiltak for jenter og kvinner vart sette i gang alt i 1997 og har vorte følgde opp heilt sidan da, t.d. etterutdanningstilbod for kvinnelege lærarar og landskonferansar som «D@mer og d@ta». Det gjeld også ei rekkje skuleprosjekt, og det gjeld informasjonsverksemd, m.a. eit inspirasjonshefte om jenter og IKT i grunnskulen. Alle desse tiltaka vil få breiare oppfølging i tida framover.
Noreg har framleis ein sterkt kjønnssegregert arbeidsmarknad. Trass i det høge utdanningsnivået jenter i dag har, vel dei – og for så vidt også gutar – innanfor eit like tradisjonelt yrkesmønster som på 1970-talet. KUF har i fleire år arbeidd for å endre denne situasjonen. Med heimel i mellombels forskrift om opptak til grunnutdanningar ved statlege høgskular har departementet bestemt at kvinnelege og mannlege søkjarar får to tilleggspoeng ved utvalde utdanningar som tradisjonelt har vore manns- eller kvinnedominerte.
Ut frå dei same intensjonane gjennomfører KUF i samarbeid med fire fylke eit treårig prosjekt, «Bevisste utdanningsval».
Kvinner er i dag i fleirtal på universitet og høgskular – som studentar. Men dei er dårleg representerte i faste vitskaplege stillingar. 1997-tal viser at kvinnedelen blant professorane utgjer 11 pst. og blant førsteamanuensane 24 pst. Tala er stort sett dei same i 1999. Departementet vil arbeide hardt for å endre denne uønskte situasjonen. Ein rapport om kvinner i akademia er utarbeidd, og departementet kjem med forslag til endringar.
Forskingsmeldinga drøftar ei rekkje tiltak, som øyremerking av stillingar, og ei eiga undersøking om kvinner i akademia vil no verte gjennomført. Fleire institusjonar har gjennomført særtiltak for å få ein større del kvinner i faste vitskaplege stillingar.
I samsvar med kompetansereforma er innvandrarkvinnene sin situasjon viktig. Mange av desse er analfabetar eller har svært mangelfull utdanning. KUF har no sett i gang ei kartlegging av utdanningsnivået hjå innvandrarkvinnene. Tilpassa opplæringsopplegg skal så følgje denne kartlegginga.
Likestilling er integrert i dei nye læreplanane. Denne tiltenkte gjennomsyringa treng likevel tydeleg synleggjering i dag. KUF utarbeider no ei rettleiing i likestilling for grunnskulen og den vidaregåande skulen. Rettleiinga vil liggje føre til utsending til skulane i mars.
Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil takke statsråden for hans grundige svar. Jeg er glad for at han slår fast at det å fremme likestilling i skoleverket er et overordnet utdannings- og forskningspolitisk mål.
Som statsråden sa, har vi i Norge fremdeles et sterkt kjønnssegregert arbeidsmarked. Selv om jenter i dag tar høyere utdanning, og vi vet at de også kommer ut med svært gode resultat, ser vi at når det gjelder yrkesvalg, er mønsteret veldig tradisjonelt.
Jeg synes det er positivt at KUF vil utarbeide en rettledning som vil gjøre lærerne mye mer bevisst på det å få likestillingsperspektivet inn i skoleverket, og da er det også viktig at skolebøkene fremstår på en slik måte at det blir fokusert på likestilling. Men samtidig er det viktig at det utarbeides materiell som blir målrettet mot de ulike aldersgruppene i skoleverket. Det vil være svært viktig at materiellet som blir brukt, på et vis dekker opp lærere og elever.
Helt til slutt: Jeg mener faktisk også at (presidenten klubber) – ja, det ble ikke tid til det.
Presidenten: Presidenten beklager å avbryte, men tiden tilsier at det nå er på tide at statsråd Lilletun svarer.
Statsråd Jon Lilletun: Statsråden vil berre svare at han er samd i dei utdjupingane som representanten Bekkemellem Orheim gav av mitt svar.
Presidenten: Vi går da til spørsmål 25.