Stortinget - Møte onsdag den 17. november 1999 kl. 10
President: Lodve Solholm
Spørsmål 34
Torbjørn Andersen (Frp): Jeg vil få lov til å stille sosialministeren følgende spørsmål:
«Ifølge opplysninger fra politiet i Arendal finnes det rundt 300 brukere av hårdere narkotiske stoffer i politidistriktet. Dette er meget høye tall. Dette er langt høyere enn landsgjennomsnittet sett i forhold til folketallet. Narkotikaproblemet synes nå å ha rammet denne regionen meget hardt.
Finner statsråden det på denne bakgrunn nødvendig å se nærmere på narkotikaproblemet i Aust-Agder og komme med tiltak som kan bidra til å hjelpe til med å stoppe denne dramatiske narkotikautviklingen i Arendal?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Utviklinga av narkotikaproblema i landet vårt dei siste åra er allment kjenneteikna av auka ulovleg innførsel og omsetjing av narkotiske stoff og av geografisk spreiing av misbruket til heile landet. Det er klar samanheng mellom tidleg debutalder for alkohol, med påfylgjande fare for skadar, og utprøving av narkotiske stoff. Eg ser særs alvorleg på situasjonen, og har òg merka med tilhøva i Arendal. Eg vil nytta høvet til å fortelja at eg i helga var i Arendal. Der vitja eg m.a. T5, eit tiltak for dei tyngste rusmiddelmisbrukarane. Eg vitja òg Aust-Agder klinikken.
Ei rekkje tiltak er naudsynte dersom vi skal lukkast i å snu utviklinga. Tollvesenet og politiet sin innsats er viktig for å bremsa den ulovlege tilgangen på narkotika. Skulane har ei stor utfordring i å syta for at elevane får gode kunnskapar om rusmiddel og vert i stand til å velja sunne alternativ til rusmiddelbruk. Sosial- og helsetenesta i kommunane og fylkeskommunane har ansvaret for at det finst hjelp og behandling for dei som likevel råkar ut i misbruket. Lat meg òg understreka kor avgjerande viktig det er for å hindra nyrekruttering til rusmisbruk at foreldra, friviljuge organisasjonar, skule og nærmiljø står saman om trygge, inkluderande oppvekstmiljø.
Regjeringa har dei to siste åra styrkt både den førebyggjande innsatsen mot rusmiddelmisbruk og behandlings- og etterverntiltak. Handlingsplan for redusert bruk av rusmiddel og Handlingsplan for styrking av sosialtenesta si fyrstelinje har begge som viktige mål å stimulera kommunane til auka innsats på dette området. Ei handbok i førebygging og ein rettleiande mal for dei kommunale rusmiddelpolitiske planane vart sende kommunane no i haust.
Nokre av dei større bykommunane får i tillegg særskilde tilskot til tiltak for dei tyngste rusmiddelmisbrukarane. Arendal kommune høyrer frå og med 1997 med til desse og har i 1998 og 1999 fått 600 000 kr pr. år til T5 dag- og aktivitetssenter. Under møtet på T5 i helga vart eg informert om prosjektet ved senteret, som eg elles har vitja ein gong før. Eg fekk sjå ein godt utvikla, lokalt forankra modell, som ser ut til å vera vellukka. T5 har gått inn i – med deira eigen ordbruk – «alliansar» med politiet, ei rekkje friviljuge organisasjonar, t.d. Rotary, Lions, Frimurarlosjen, næringslivet i Arendal og ulike kyrkjesamfunn. For neste år, fekk eg høyra, vert det vidare satsing, denne gongen òg i skuleverket. I T5 sitt «prosjekt 2000» vert samarbeidet vidareutvikla, og eg har tru på at dette er vegen å gå. Gjennom bevisstgjering av skuleelevane, lærarane og ikkje minst foreldra i høve til bruk av rusmiddel, er det satsa på kartlegging og vidare innsats der problema verkar mest prekære.
Regjeringa har i det førebyggjande arbeidet peika på at det lokale engasjementet er viktig, og T5 har truleg vist oss ein mogleg modell i den vidare kampen mot den auka rusmiddelmisbruken. Eg tek sikte på å føra støtta til dette tiltaket vidare.
Aust-Agder er no òg dekt av tilbodet om legemiddelassistert rehabilitering. Fylkeskommunen har i år fått ei løyving på 900 000 kr til drift av det tilbodet. På møtet ved Aust-Agder-klinikken måndag vart eg informert om dei tenestene klinikken tilbyr. Eg møtte einskildmenneske som hadde fått ny von om ein betre kvardag. Eg sit att med eit inntrykk av eit differensiert og tilrettelagt tilbod retta mot den enkelte rusmiddelmisbrukaren.
Regjeringa vil framleis arbeida for redusert rusmiddelmisbruk og for betre hjelpetilbod til misbrukarane. Som det går fram av budsjettproposisjonen til Sosial- og helsedepartementet for 2000, gjer vi der framlegg om ei styrking på 33,4 mill. kr til tiltak for rusmiddelmisbrukarar, og det kjem i tillegg til ein auke i 1999 på 52 mill. kr. Rusfeltet er eit viktig satsingsområde!
Torbjørn Andersen (Frp): Jeg takker statsråden for et greit og godt svar, men jeg etterlyser allikevel enda mer handling.
På tross av totalforbud og kriminalisering av alle typer narkotiske stoffer, eksploderer jo nå bruken av slike stoffer over hele landet. Og de forholdene som er avdekket i Arendal i den senere tid, er høyst alarmerende. Tendensen der er at stadig flere unge får et forhold til stoff, samtidig som tiltakene som skal til for å hjelpe folk ut av dette igjen, ikke står i forhold til den dramatiske utviklingen vi nå er vitne til. Å drive forebyggende arbeid er ikke nok. Samfunnet må nå innse at vi må være villig til å bruke langt mer ressurser i arbeidet for å øke både bredden og kapasiteten innen behandlingstilbudene for å hjelpe dem som er kommet opp i stoffproblemer, og hjelpe dem ut av dette.
Jeg ber derfor statsråden være villig til å følge spesielt med på situasjonen i Arendal, og ber henne være villig til å komme tilbake med eventuell hjelp for å bedre på de uheldige forholdene som nå er under rask utvikling i denne ellers så idylliske sørlandsbyen.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg kjem til å følgja nøye med på situasjonen i Arendal. Vi har ein gjennomgang av det førebyggjande arbeidet for å sjå på korleis vi kan styrkja det lokale nivået endå meir. Det er der førebygginga kan føregå, med eit tverretatleg og tverrfagleg samarbeid og med organisasjonar osb. på plass. Og der er Arendal inne i eit godt spor.
På behandlingsområdet er det slik at på rusfeltet totalt har det faktisk over ein 5-årsperiode vore ei fordobling av dei midlane som blir sette inn frå kommunar, fylkeskommunar, storting og regjering si side, frå 700 mill. kr til 1,6 milliardar kr.
Lat meg understreka: Forsking viser klår samanheng mellom alkohol og narkotika. Og det er ein samanheng når det gjeld klåre grenser i alkoholpolitikken. Eg appellerer til tverrpolitisk semje om å setja visse grenser der – og der kan ikkje minst Framstegspartiet òg bidra!