Stortinget - Møte onsdag den 17. november 1999 kl. 10
President: Lodve Solholm
Spørsmål 27
Rolf Reikvam (SV): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Skolens formålsparagraf slik den er formet i dag, er ikke i pakt med en forståelse av skolen som enhetsskole for barn av alle religioner og livssyn. Det er biskop Gunnar Stålsett som uttaler dette på en konferanse i regi av Verdikommisjonen.
Er statsråden enig med biskop Stålsett, og vil han ta initiativ til en debatt om en ny formålsparagraf som sikrer skolen et verdimessig og oppdragende grunnlag, og som heller ikke kan tolkes som et signal om avkristning?»
Statsråd Jon Lilletun: Formålsparagrafen i skulen har vore drøfta i Stortinget ved ulike høve dei seinare åra, fyrst og fremst i samband med behandlinga av grunnskulereforma, Innst. O. nr. 95 for 1996-97, og av forslag til ny opplæringslov, Innst. O. nr. 70 for 1997-98. Eit hovudspørsmål i vurderingane og debattane var forholdet mellom formålsparagrafen og viktige folkerettslege plikter. Sentralt i samanhengen stod ei utgreiing frå folkerettseksperten Erik Møse, som etter ein grundig gjennomgang av saka konkluderte med at formålsparagrafen «neppe i seg selv strider mot menneskerettighetskonvensjonene».
Fleirtalet i Stortinget slutta seg ved begge høve til denne vurderinga og gjekk inn for å føre vidare gjeldande formålsparagraf, seinast ved behandlinga av ny opplæringslov våren 1998. Slik eg tolkar det, har altså fleirtalet lagt til grunn at formålsparagrafen ikkje er i strid med forståinga av skulen som einskapsskule for barn av alle religionar og livssyn.
Eg deler desse vurderingane og meiner at vi gjennom gjeldande formålsparagraf sikrar skulen ei trygg verdiforankring og eit solid grunnlag for oppseding og opplæring. Eg legg til grunn at praktiseringa av formålsparagrafen skal skje i nær forståing med heimen. Skulen skal vere inkluderande og vise respekt for ulike kultur-, trus- og verdioppfatningar. Opplæringa skal gje kristen og moralsk oppseding, forankra i kristne og humanistiske verdiar. Kristendomen utgjer ein djup straum i soga vår og er ein sentral del av den norske og europeiske kulturarven. Samtidig er dei humanistiske verdiane, representerte ved demokratiske og menneskerettslege prinsipp, ein naturleg og integrert del av verdigrunnlaget i skulen.
Spørsmålet om formålsparagrafen i skulen har i det siste ofte vorte knytt opp mot diskusjonen om faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Eg viser til at det er sett i verk eit arbeid med å evaluere dette nye faget, og at sluttrapporten frå evalueringsarbeidet er forventa klar hausten 2000. Ikkje minst på grunn av dei nære koplingane mellom formålsparagrafen og KRL-faget er det etter mitt syn både uklokt og urett å reise ein debatt om formuleringane i gjeldande formålsparagraf no, i forkant og uavhengig av den debatten som vil kome om KRL-faget på grunnlag av evalueringa.
Rolf Reikvam (SV): Jeg takker for svaret. Statsråden og jeg er nok stort sett enige om kristendommens plass i det norske samfunn, slik vi ønsker den skal være. Men jeg er litt skuffet over at han stort sett bruker tiden på historien – hva som har skjedd, og de debattene vi har hatt tidligere om den kristne formålsparagrafen i skolen. Jeg skulle ønske at vi hadde en viss vilje og evne til å tenke framover. For vi står overfor en del nye utfordringer i tiden framover, og det er viktig at vi starter debatten om dette ganske tidlig. Sannsynligvis står vi foran en avvikling av statskirkeordningen om ikke så veldig lenge. Kirken foretar selv en utredning, og det er grunn til å anta at det vil skje noe. Vi kan bare se til Sverige, og vi har en del erfaringer fra lignende saker, så det er grunn til å tro at det vil skje endringer. KRL-faget har vært et problem, det er skapt en del konflikter mellom ulike kulturer som vi har tatt med oss og fått inn i skolen og fått demonstrert tydelig der. Så jeg skulle nok ønske at statsråden viste en større vilje til å se fremover og se på utfordringene vi står overfor og de endringene som skjer i samfunnet for øvrig.
Statsråd Jon Lilletun: Eg ser det slik at det var ei svært god grunngjeving for å gje ei kort historisk beskriving her, for det er berre nokre få år sidan akkurat den problemstillinga som representanten Reikvam reiste, nemleg formålsparagrafen kontra internasjonale konvensjonar, var sentral i den debatten, og det var ein vesentleg premiss, slik representanten Reikvam reiste spørsmålet no. Difor meiner eg det var god grunn til det.
Det er klart at eg er samd med representanten Reikvam i at vi skal sjå framover. Vi lever i ei ny tid og i eit meir fleirkulturelt samfunn. Det må òg utleie at vi er i stand til verkeleg å leve opp til den siste delen av den same formålsparagrafen, at vi skal oppdra til åndsfridom og toleranse. Men eg trur at det å ta vare på den tusenårige arven vår, også gjev eit godt grunnlag for å ta vare på forholdet til andre kulturar og til dei nye framtidsutfordringane.