Stortinget - Møte onsdag den 17. november 1999 kl. 10
President: Lodve Solholm
Spørsmål 26
Marit Nybakk (A): Jeg har tillatt meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Ifølge avtale har elever i videregående skole rett til fri et gitt antall timer for å drive organisasjonsarbeid eller politisk arbeid. Flere skoler regner imidlertid dette fraværet som en del av de 15 pst. som er grense for å få standpunktkarakter i et fag.
Mener statsråden en slik tolkning er riktig?»
Statsråd Jon Lilletun: Reglane om føring av fråvær er fastsette i forskrift til opplæringslova.
Det fylgjer av forskrifta at det ikkje skal førast fråvær for opp til i alt 14 dagar i året når eleven har teke del i arbeid som tillitsvald i landsdekkjande organisasjonar eller elevorganisasjon på regionalt plan eller på landsplan. Forskrifta opnar òg for at eleven kan utføre organisert eller sjølvstendig studiearbeid, deriblant skuleadministrative gjeremål etter avtale med faglærar eller rektor, utan at dette vert rekna som fråvær. Alt anna fråvær skal førast, men eleven kan då be om at grunnen til fråværet vert merka av på vitnemålet.
I forskrifta er det inga maksimumsgrense på 15 pst. for fråvær for å kunne få standpunktkarakter i eit fag. Det er heller ikkje mogleg å fastsetje ei slik grense frå sentralt hald. Det avgjerande er om eleven har vore til stades tilstrekkeleg til at læraren har grunnlag for å setje standpunktkarakter. Eg er kjend med at einskilde skular har fastsett ei slik 15 pst. fråværsgrense i skulereglement og/eller ordensreglement. Dei 14 dagane som det ikkje skal førast fråvær for, vert i slike høve ikkje rekna inn i denne prosenten.
Sjølv om eleven har vore fråværande utover ein eventuell 15 pst. fråværsprosentgrense fastsett av skulen, kan han eller ho ha krav på standpunktkarakter.
Eg ser det som viktig at skulen legg til rette for at elevar i den vidaregåande skulen tek del i organisasjonsarbeid og politisk arbeid. Det sentrale både ved praktiseringa av fråværsregelen i forskrifta og ved eventuell prosentgrense for fråvær fastsett i skulereglementet eller ordensreglementet, er om eleven har vore såpass mykje til stades under undervisninga at læraren har grunnlag for å setje karakter i faget. Dette må avgjerast konkret i kvart enkelt tilfelle, m.a. med omsyn til korleis opplæringa er organisert og til kva tid eleven har vore borte.
Eg vil avslutte med å framheve at ein elev har krav på standpunktkarakter dersom læraren har tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere eleven i faget.
Marit Nybakk (A): Jeg vil takke for svaret og presisere at det er forskjell og må håndteres forskjellig når en elev har fravær på grunn av sykdom eller andre grunner, og når en elev tar ut fravær i henhold til disse bestemmelsene. Formuleringen i § 4-28 i forskrift til opplæringsloven kan ikke være til å misforstå. Det fraværet en elev i videregående skole tar ut for å drive politisk arbeid, avgrenset oppover til i alt 14 dager, skal for det første ikke føres som fravær, og for det andre søkes kompensert ved egeninnsats fra eleven som skal tilrettelegges av skolen. Det vil si at skolen faktisk har ansvaret for å påse at eleven får de samme kunnskapene selv om han eller hun har vært borte av organisasjonsmessige årsaker. Det betyr også at man ikke kan si at eleven ikke skal få standpunktkarakter om han eller hun har tatt ut de 14 dagene. Jeg vil be om at statsråden gjør dette klart både for fylkeskommunene og de enkelte skolene. Det finnes skoler, bl.a. i Oslo, som praktiserer dette.
Statsråd Jon Lilletun: Eg deler heilt ut den tolkinga som representanten Nybakk gav av denne paragrafen. Dersom det er slik at ein praktiserer dette på den måten som representanten Nybakk no sa, skal eg syte for at vi ved neste naturlege høve i samband med informasjon ut til skulane skal ta med ei presisering i forhold til dette.