Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 17. november 1999 kl. 10

Dato:
President: Lodve Solholm
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 25

Synnøve Konglevoll (A): «Ifølge Dagbladet 8. november 1999 sier statssekretær Marit Totland: «En av grunnene til at vi har fått flere kristne, private grunnskoler, er nok at foreldrene har vanskelig for å godta det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL).»

Er dette en vurdering statsråden deler, og hvilke konsekvenser vil eventuelt dette få?»

Statsråd Jon Lilletun: Opplæringslova gjev foreldre rett til å velje å gje borna sine alternativ opplæring til tilbodet i den offentlege grunnskulen. Retten er m.a. forankra i eit folkerettsleg prinsipp om at dei skal kunne sikre borna opplæring i si eiga tru eller sitt eige livssyn. Dette kan m.a. realiserast gjennom oppretting av private skular. Samstundes gjev folkeretten staten rett til å stille minstekrav til slik alternativ opplæring.

Representanten Synnøve Konglevoll siterer i spørsmålet sitt statssekretær Marit Totland, som har uttala til Dagbladet at enkelte foreldre vel å sende borna sine til private kristne skular på grunn av misnøye med det nye KRL-faget, og at dette har ført til fleire nye kristne grunnskular. Eg deler denne vurderinga. Eg har registrert, slik statssekretær Totland gjev uttrykk for, at ein del foreldre er så negative til det nye faget at dei dreg slike konklusjonar. Vi kan likevel ikkje seie at dette er hovudgrunngjevinga for nye søknader om rett til å starte nye kristne skular.

For meg er det viktig å arbeide for ein offentleg skule som alle elevar skal kunne kjenne seg heime i og vere trygge i, og som foreldra ynskjer å sende borna sine til. Etter mitt syn gjev skulen solid og verdiforankra oppseding og opplæring, med forankring i kristne og humanistiske verdiar og i nær kontakt og forståing med heimen. Nettopp i respekt for foreldra og det dei står for, har eg lagt stor vekt på dialog med heimen når det gjeld planlegging og praktisering av KRL-faget, med liberale fritaksordningar og vide rammer for lokal tilpassing.

Eg viser til at det er sett i gang evaluering av KRL-faget. Resultata er venta hausten 2000. Fram til evalueringsrapportane ligg føre vil eg halde fram gjeldande romslege praksis i forhold til faget. Eg ynskjer sterkt at dei aller fleste foreldra kan seie seg nøgde med det og delta i ein god dialog om innhald og metode i opplæringa. Samstundes har eg respekt for at einskilde foreldre kan kome til at dei ikkje vil gjere seg nytte av det nye fagtilbodet, og at dei m.a. av den grunn ynskjer private kristne skulealternativ for borna sine, i samsvar med det foreldrerettsprinsippet som finst i internasjonale konvensjonar.

Synnøve Konglevoll (A): Dette var et svar som må tolkes. For det første sier statsråden at han er enig i vurderinga av at dette nye faget er en årsak til at mange flere ønsker private skoler, men samtidig argumenterer han med at det er såpass liberal praksis at det ikke skulle være noen grunn til det. Jeg vil ta meg den frihet å påstå at en av årsakene til at det nå er så stor søkning om å få etablere private skoler, er at Regjeringa står for en annen og langt mer privatiseringsvennlig politikk enn det de foregående regjeringer har gjort.

La meg stille spørsmålet litt annerledes: Kan statsråden bekrefte at Regjeringa ønsker flere private skoler? Og er statsråden enig i at det i denne uttalelsen som statssekretæren kom med, om at mange kristne foreldre har vanskelig for å godta KRL-faget, ligger en kritikk av KRL-faget, siden mange foreldre ifølge statssekretæren ikke ønsker at barna skal få undervisning i dette faget?

Statsråd Jon Lilletun: Eg er ikkje samd med representanten Konglevoll i at det ligg ein kritikk av KRL-faget i denne utsegna. Det som statssekretær Totland har gjort, er å omtale den realiteten at det er ein del foreldre – ikkje mange, men ein del – som har brukt KRL-faget som grunngjeving for at dei ynskjer å etablere ein kristen skule. Så det er ikkje noko standpunkt, det er ei registrering, og eg prøvde i mitt første svar å gjere nokså god greie for at eg ikkje er samd i den vurderinga. Eg meiner at det nye faget ivaretek foreldra sine interesser på ein god måte i forhold til respekt for deira livssyn. Men når nokre få av dei til sjuande og sist vurderer dette annleis enn statsråden gjer, så respekterer eg at dei etter den lova som vi har, skal få høve til å etablere eit privat tilbod.

: