Stortinget - Møte onsdag den 20. oktober 1999 kl. 10
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Spørsmål 22
Reidun Gravdahl (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til sosialministeren:
«En kvinne med et sykdomsforløp fra 1990 har gjennom en saksbehandling med gjentatte forsøk på attføring, søknader om uførepensjon, avslag og nye attføringstiltak, endelig fått sin pensjon. Men grunnlaget for trygdeutbetalingen er satt til inntektsåret 1998.
Hvorfor tar noen slike saker så lang tid, og hvorfor synker beregningsgrunnlaget når årsaken til den lavere inntekten er lang behandlingstid, og at søkeren i denne tiden har lav inntekt på grunn av sin sykdom?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Når det gjeld den konkrete saka, har eg ikkje nok opplysningar til å kunna vurdera om kvinna i dette tilfellet har fått rett yting innan rimeleg tid. Eg vil derfor gje ein generell omtale av regelverket på dette området.
Det er eit vilkår for rett til uførepensjon at evna til å utføra inntektsgjevande arbeid er varig sett ned med minst halvparten på grunn av sjukdom, skade eller lyte. I vurderinga av kor mykje inntektsevna er sett ned eller kor høg uføregraden er, skal inntektsmoglegheitene i eitkvart arbeid som vedkomande på uføretidspunktet kan utføra, samanliknast med dei inntektsmoglegheitene vedkomande hadde før sjukdomen, skaden eller lytet oppstod.
Det er eit krav i lova at høveleg attføring skal ha vore prøvd før uførepensjon kan ytast. Dette er nødvendig for å vurdera om arbeidsevna er varig sett ned og for å prøva alle moglegheiter for å kunna halda fram i arbeid. Det er ikkje uvanleg at eit attføringsopplegg strekkjer seg over fleire år.
Etter det eg forstår, har attføringa i dette tilfellet ikkje ført fram, og kvinna er til sist innvilga uførepensjon. Uførepensjon består som kjent av grunn- og tilleggspensjon. Tilleggspensjon blir rekna ut frå faktiske opptente pensjonspoeng og framtidige pensjonspoeng som blir godskrivne frå det året ein person får inntektsevna varig sett ned med minst halvparten. Dette blir kalla uføretidspunktet.
Uføretidspunktet er avgjerande for kva for pensjon ein får. Dette gjeld særleg fordi ein reknar ut framtidige pensjonspoeng med dette som utgangspunkt. Ein reknar framtidige pensjonspoeng etter det høgste av to alternativ:
anten gjennomsnittet av pensjonspoenga for dei tre siste åra før inntektsevna vart sett ned,
eller gjennomsnittet av dei pensjonspoenga vedkomande har for halvparten av alle åra frå og med det året vedkomande fylte 17 år, og til og med året før inntektsevna vart sett ned. Åra med dei høgste poengtala blir då lagde til grunn.
Dersom inntektsevna trass i attføringstiltak framleis er varig sett ned, kan uføretidspunktet likevel setjast til året før attføring vart prøvt. Føresetnaden er då at vedkomande var minst 50 pst. ufør då attføring vart forsøkt. Framtidige pensjonspoeng blir då rekna frå året før attføringa tok til.
I det aktuelle tilfellet er uføretidspunktet sett til 1998. Fyrst frå dette tidspunktet har trygdekontoret vurdert hennar arbeidsevne for å vera sett ned med 50 pst. eller meir. Eg gjer merksam på at dersom kvinna ikkje er einig i denne avgjerda, kan ho anka til Trygderetten.
Etter gjeldande reglar inngår ikkje rehabiliterings- og attføringspengar i berekningsgrunnlaget for pensjonsgjevande inntekt. Dette har Regjeringa ynskt å gjera noko med. I Ot.prp. nr. 48 for 1998-99 føreslår Regjeringa derfor at rehabiliterings- og attføringspengar blir pensjonsgjevande inntekt. Mottakarane vil dermed få auka høve til å få opparbeidd betre rettar til pensjonsytingar dersom forslaget får fleirtal i Stortinget.
Reidun Gravdahl (A): Jeg takker for svaret, som var en gjennomgang av gjeldende regler.
Jeg vil også nevne for sosialministeren at jeg har lest det som står i utjamningsmeldinga om folk som er langtidssjuke, dvs. har varig nedsatt arbeidsevne, som av helsemessige grunner i første omgang ikke er berettiget til uførepensjon. Det er jo slik at de får en klientkarriere, og for mange av dem vil det bety sjukmelding, behandling, rehabilitering, attføring, litt arbeid og ny sjukmelding. Den onde sirkelen er i gang. Man har forskjellige stønadsordninger som er lavere enn lønn, og klienten blir derfor ofte også sosialklient. I tillegg påfører sjukdom utgifter som en må betale sjøl, f.eks. egenandeler og også en del utgifter til andre nødvendige medikamenter.
Jeg vil spørre sosialministeren om man for å få fastsatt et uføretidspunkt faktisk må gå rettens veg. Og tror sosialministeren at en klient med varige sjukdommer, og etter gjentatte trygdekontorbesøk som etter hvert føles ubehagelige, har krefter og penger til å sette i gang et slikt apparat?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Lat meg fyrst understreka at Regjeringa ynskjer at den tida som vi her snakkar om som utgangspunkt når det gjeld saksbehandling, skal vera så kort som mogleg, og i dei seinare åra har Trygdeetaten sjølv fokusert spesielt på dette. Saksbehandlinga er korta ned.
For det andre ynskjer vi å prøva ut nye ordningar for at fleire skal ha større moglegheiter til å fungera i eit arbeid. Derfor føreslår vi både lønnstilskot, kommunal formidling og lågare uføregrad og forsøk med det. Men i tillegg vil eg seia meg einig med representanten Reidun Gravdahl i at gangen og tidsbruken i denne saka synest ikkje å vera rimeleg. Men eg kan ikkje gå inn i ei sak eg ikkje kjenner.
Reidun Gravdahl (A): Jeg takker for svaret om dette med lønnstilskudd, kommunal formidling og forsøk. Det er gode tiltak, men hvis en er sjuk og for sjuk til å arbeide, hjelper jo ikke det. Da vil en uansett gå tilbake til en sjukmelding hele tida. Vi må vel akseptere at noen faktisk er så sjuke at de skal ha uføretrygd, og det er mulig at noen kanskje blir prøvd for mye før de faktisk blir tilkjent den. Vi har også hørt fra arbeidsmarkedsbedrifter at de får klienter som faktisk ikke egner seg til å være der i det hele tatt, men egentlig bare burde vært satt på uførepensjon.
Problemet for disse klientene er egentlig: Hvor skal de til slutt henvende seg? De føler at det blir plagsomt for dem å gå på trygdekontoret, de føler til slutt at de verken får støtte eller hjelp og vet egentlig ikke sin arme råd. Så da blir spørsmålet: Hvor skal klientene henvende seg i slike tilfeller?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Etter dagens regelverk skal altså trygdekontoret hjelpa til med råd og rettleiing. I fyrstninga er dette sjølvsagt eit samarbeid mellom den enkelte pasient som dette er aktuelt for, lege og trygdekontor. I ei uførepensjonssak er det ofte aktuelt å prøva attføring før uførepensjon kan tilståast. Dette kan strekkja seg over fleire år, det kan vera tilbakefall, og det kan endatil vera ein endra medisinsk tilstand, som igjen krev ventetid osv. Målet vårt er at både sosialkontoret, trygdekontoret og arbeidskontoret skal arbeida betre saman om den enkelte, i samarbeid med den enkelte sjølv og legen, og ikkje minst få fleire inn på aktiv sjukmelding, slik at kontakten med den aktuelle arbeidsplassen kan haldast oppe i ein sjukdomsperiode.