Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 20. oktober 1999 kl. 10

Dato:
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Rolf Reikvam (SV) : Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Rapporten «Gjeldsslaver med norsk vitnemål» (Tromsø, april 1999) viser at utenlandske studenter som har returnert til sine hjemland etter endt høgre utdanning i Norge, ikke har fått omgjort sine lån til stipend, men sitter med gjeldsbrev til Statens lånekasse for Utdanning. Rapportens grunnlag er studenter fra Ghana. Studentene gikk under den gamle u-landsparagrafen, før den nye kvoteordningen ble innført.

Vil statsråden ettergi lånene?»

Statsråd Jon Lilletun : Før studieåret 1994-95 kunne studentar frå utviklingsland få støtte frå Statens lånekasse for Utdanning etter den såkalla u-landsparagrafen i forskriftene til Lånekassen. Låna vart gjevne på same vilkår som til andre studentar. Alle låntakarar måtte skrive under på eit gjeldsbrev, som m.a. inneheldt opplysningar om tilbakebetaling av gjelda. Det har ikkje vore eigne føresegner om ettergjeving av lån som vart gjevne med heimel i u-landsparagrafen.

Desse studentane er omfatta av dei same reglane som alle andre studentar. Dette inneber at også ordningane med betalingslette av sosiale og økonomiske grunnar gjeld for dei. Det vil t.d. seie at dei som har svært låg inntekt trass i fulltidsarbeid, vil ha rett på rentefritak og betalingsutsetjing, dersom dei opplyser Lånekassen om dette.

Systemet med ettergjeving av studielån for studentar frå utviklingsland vart innført med kvoteordninga frå studieåret 1994-95. For å få ettergjeve lånet må studenten vende tilbake til heimlandet og busetje seg varig der. For studentar som vert verande i Noreg, gjeld dei same reglane som for andre låntakarar i Lånekassen. Det er også ein regel om at vedtaket om ettergjeving kan opphevast dersom studenten igjen buset seg i Noreg før det er gått ti år etter at gjelda vart ettergjeven.

Eg ser klårt at det er eit problem at Lånekassen ikkje har heimel for å skrive av gjelda for studentar som har fått støtte etter u-landsparagrafen, og som har busett seg varig i heimlandet. Eg ynskjer å vurdere om det er mogleg å få til ei liknande ordning for ettergjeving av gjelda for studentar med støtte etter u-landsparagrafen som vi har for kvotestudentane. Ei slik avskrivingsordning må i så fall verte vedteken som ein lekk i budsjetthandsaminga. Eg har derfor bede Lånekassen om å rekne ut den samla gjelda til studentar frå utviklingsland som har reist tilbake og busett seg varig i heimlandet. Når desse tala ligg føre, vil eg ta stilling til korleis vi skal gå vidare med denne saka.

Rolf Reikvam (SV): Jeg takker for svaret, som jeg også er rimelig godt fornøyd med.

Jeg synes det er bra at det nå er tatt et initiativ for å få ryddet opp i disse forholdene. Dette gjelder en begrenset gruppe studenter, og det er en gruppe som ikke vokser. Snarere tvert imot, det er en gruppe som blir mindre etter hvert, slik at vi burde kunne klare å rydde opp i dette forholdet. Den faktiske situasjonen for mange av disse studentene er at de sitter med gjeldsbrev, og de får inkassokrav. Det er organisert et system med inkassokrav til disse studentene, og det er ganske urimelig når disse arbeidstakerne – de er jo ikke studenter lenger – har en lønn som er så lav at de ikke har noen sjanse til å betale.

Jeg er derfor glad for at det er satt i gang et arbeid med sikte på å rydde opp i dette forholdet. Men jeg skulle nok ønske at statsråden kunne være helt klar på at dette er urimelig slik det fungerer i dag, og at han allerede nå kan signalisere klart og tydelig at dette må vi rydde opp i. Disse lånene må vi få slettet på en grei og skikkelig måte, slik at disse arbeidstakerne slipper å få disse inkassokravene med jevne mellomrom.

Statsråd Jon Lilletun: Då eg vart gjord merksam på denne saka, trudde eg vel at her burde det vere heimel for å kunne gjere det som representanten Reikvam no etterlyser. Det viste seg at det var det ikkje. Derfor må det gjerast eit arbeid. Min intensjon er heilt klårt den same som representanten Reikvams, men eg må få oversyn over dimensjonane og på kva måte ein kan handtere dei.

Den målsetjinga eg arbeider etter, er at vi raskast mogleg skal kome til Stortinget med eit framlegg som gjev oss ein heimel til å endre denne litt meiningslause ordninga med utsending av krav til folk som ikkje i det heile har moglegheit for å stette krava.

Rolf Reikvam (SV): Jeg er glad for at statsråden vil komme tilbake igjen til Stortinget med dette. Jeg håper at det allerede kan skje i høst, som en tilleggssak til statsbudsjettet. Det må være målet. Jeg vil gjerne at statsråden bekrefter at målet er at han vil komme tilbake igjen til dette i høst, for det må jo være rimelig enkelt å få en oversikt over disse folkene. Det går an å telle ganske kjapt hvor mange det er, og så kan man også finne ut hvor mye lån de har. Så kan man finne ut hvor mye dette koster, og deretter kan man komme tilbake igjen ganske kjapt. Vanskeligere er ikke dette.

Jeg vil derfor gjerne be statsråden bekrefte at han er i stand til, at han tror han er i stand til, å komme tilbake igjen til dette i løpet av høsten, slik at vi kan få ryddet opp i det.

Presidenten: Statsråd Jon Lilletun – til bekreftelsen.

Statsråd Jon Lilletun: Eg registrerer at representanten Reikvam kvar gong han er oppe på talarstolen og kommenterer svaret, er rimeleg godt fornøgd, men han vil gjerne gå eit steg lenger, og då skal faktisk statsråden imøtekome det og seie at min intensjon er at vi skal klare å kome tilbake til dette i haust. Men eg håpar òg at representanten Reikvam har respekt for at dette kan vere noko meir samansett enn det som representanten Reikvam no gav utrykk for.

Men intensjonen min er den same som intensjonen til representanten Reikvam.

: