Stortinget - Møte onsdag den 8. mars 2000 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 5
Sonja Irene Sjøli (H): Jeg vil få stille et spørsmål til barne- og familieministeren:«Stortinget vedtok 20. april 1999, etter forslag fra Høyre og Sosialistisk Venstreparti, å be Regjeringen legge fram en stortingsmelding vedrørende lesbiske og homofiles levekår og livskvalitet i Norge. Det var bred enighet om at det hastet å få grundig gjennomgang av situasjonen og konkrete tiltak til bedringer. Det har nå gått snart ett år uten at noe har skjedd.
Når kan vi forvente at Regjeringen vil legge saken fram for Stortinget?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Sonja Irene Sjøli seier i spørsmålet sitt at ingenting har skjedd, men det har det sjølvsagt gjort. Arbeidet med stortingsmeldinga om levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg er i full gang. Bakgrunnen for meldinga er ein forskingsrapport frå Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring – NOVA. Rapporten viser m.a. at lesbiske og homofile har dårlegare helse og oftare angst og depresjonar enn den vanlege befolkninga. Det vart òg funne at mange unge homofile hadde problem med å akseptera og vedkjenna seg sjølv, og fleire har freista sjølvmord enn i befolkninga elles.
Målet med stortingsmeldinga er å setta lys på dei lesbiske og homofile sine levekår og livssituasjon i eit breitt perspektiv gjennom kunnskap som bygger på forsking. Målet er vidare – på bakgrunn av denne kunnskapen – å vurdera og koma med forslag til tiltak for å betra livskvaliteten til lesbiske og homofile, og eg siktar på at stortingsmeldinga blir send Stortinget hausten 2000.
Arbeidet er altså i full gang, og eg reknar med at meldinga òg vil innehalda tiltak som vil betra på den situasjonen som NOVA-rapporten viser.
Sonja Irene Sjøli (H): Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg er selvfølgelig tilfreds med at arbeidet med stortingsmeldingen er godt i gang, men jeg hadde forventet at det skulle gå litt raskere. Det var bred enighet i Stortinget for et år siden om at det hastet å få konkrete tiltak på bordet for å bedre situasjonen, nettopp på bakgrunn av det som også statsråden var inne på, at dette er en gruppe med ulike helseproblemer som angst, depresjoner og også det faktum at mange unge homofile og lesbiske begår selvmord. Det er en alvorlig situasjon for mange unge mennesker.
Siden det nå har gått et år og man har jobbet så grundig som statsråden her antyder, er det da mulig for statsråden å antyde hvilke tiltak hun mener er nødvendig? Etter et år vil jeg tro at statsråden har noen tanker om det.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg trur det er uvanleg at ein eit halvt år før ein legg fram ei stortingsmelding kjem med tiltaka som ein har tenkt å foreslå, men eg kan seia litt om det vi allereie har gjort. Vi er i gang med stortingsmeldinga, men vi har sett i verk ein del andre tiltak òg som truleg vil vera til hjelp for dei det gjeld. Det fyrste vi gjorde frå departementet si side, var å støtta ein nasjonal ungdomskonferanse som var i mai 1999, og det var jo ganske kort tid etter debatten i Stortinget. Som oppfølging av den konferansen har vi òg hatt ein dialog med LLH i forhold til korleis dei skal kunna finansiera sitt ungdomsarbeid, for dei fell mellom to stolar når det gjeld den økonomiske støtta. I tillegg til det var det eit fleirtal på Stortinget som omprioriterte løyvingar, slik at LLH får 100 000 kr meir i år enn dei fekk i fjor. Det var det vel nesten eit samla storting som stod bak. Så har òg Nasjonalt læremiddelsenter utarbeidd undervisningsmateriell for lærarar i grunnskulen som tar opp denne problematikken (presidenten klubbar). Dette er nokre av dei tiltaka som allereie er i gang, og dei andre får ein venta med til stortingsmeldinga kjem.
Presidenten: Presidenten vil gjere merksam på at det å respektere taletida også gjeld statsrådane.