Stortinget - Møte onsdag den 8. mars 2000 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 4
Erna Solberg (H): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:
«Organisasjoner som hver dag arbeider med unge kvinner og menn som trues av familien for å inngå arrangerte/tvungne ekteskap, rapporterer at de til stadighet møter personer i det offentlige hjelpeapparatet, barnevern, sosialkontor, politi og utenriksstasjoner, som ikke har kunnskap om problemene eller kjenner til Regjeringens handlingsplan mot tvangsekteskap. Dette er blant annet dokumentert av organisasjonen SEIF gjennom deres prosjekt «Mellom barken og veden».
Hva vil statsråden gjøre med dette?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det er vel kanskje lettare å svara på kva vi allereie har gjort, som vi vonar vil få verknader.
Når det gjeld kjennskap til Regjeringa sin handlingsplan mot tvangsekteskap, som vart lansert i desember 1998, så vart denne send til alle fylkesmenn, fylkeskommunar og kommunar i landet og til ei rekkje innvandrarorganisasjonar like etter at handlingsplanen vart offentleggjord. I kva grad mottakarane har distribuert planen vidare til aktuelle instansar i kommunar og fylkeskommunar, ser ut til å variera noko, dessverre.
I februar i år vart handlingsplanen òg send til alle ungdomsskular og vidaregåande skular i landet.
Når det gjeld den kunnskapen offentlege instansar har om tvangsekteskap, er ikkje denne like god overalt. Derfor skal det til våren sendast ein rettleiar eller eit rundskriv til ulike offentlege instansar om rutinar for å handtera krisesituasjonar som har oppstått fordi ungdom er truga med eller utsette for tvangsekteskap. Det er viktig at det er eit mottakarapparat som veit kva dei skal gjera når ungdom i ein krisesituasjon oppsøkjer det offentlege, eller når utanrikstenesta sender ein ungdom heim som har flykta frå eit tvangsekteskap.
Skulestyresmaktene, oppfølgingstenesta, barnevern, sosialteneste og politi må vita kven som skal kontaktast, og korleis dei skal gå fram. Det har vi omtala som ein viktig innsats vi prioriterer denne våren.
Det er òg sendt brev til fylkeskommunane som understrekar barnevernet sitt ansvar for dei som er under 18 år, og som har behov for mellombels butilbod i akuttsituasjonar knytte til tvangsekteskap. Utover desse tiltaka vil det i vår bli gitt ut ein informasjonsbrosjyre mynta på offentleg tilsette. Vi har òg engasjert ein person til å systematisera erfaringane frå førebyggande arbeid mot tvangsekteskap. Dette arbeidet er starta opp og vil ligga føre til hausten som eit informasjons- og metodehefte for alle miljø som arbeider med ungdom som kan koma borti denne problematikken. I vår vil det ligga føre eit hefte som omtalar lover og konvensjonar relaterte til tvangsekteskap, og eit anna hefte som vil ta for seg syn på ekteskap i ulike religionar.
I handlingsplanen mot tvangsekteskap er det i kapitlet om opplæring og kompetanse seks tiltak som skildrar korleis Regjeringa vil styrkja kompetansen om tvangsekteskap blant ulike yrkesgrupper. Desse tiltaka vil vi starta arbeidet med før sommaren.
Når det gjeld utanrikstenesta, er arbeidet godt i gang med å bygga ut kontaktar med styresmaktene i relevante land med tanke på rask og effektiv handtering av konkrete saker der ungdom må flykta frå familien for å unngå tvangsekteskap.
Erna Solberg (H): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg er glad for at denne delen av arbeidet mot tvangsekteskap er et prioritert område i vårhalvåret, ikke minst fordi det viser seg nå at handlingsplanen mot tvangsekteskap kanskje har en ekstra effekt utover den som var tiltenkt da jeg i november 1997 foreslo å få gjennomført en slik plan, nemlig bare det at man har en handlingsplan, gjør at også frivillige organisasjoner kan vise til den og bruke den som en brekkstang når de møter på motvillige deler av det offentlige tiltaks- og hjelpeapparat.
Det man vet om disse sakene, er at de er så utrolig vanskelige fordi de krever at så mange ulike offentlige etater jobber sammen. Det dreier seg om barn som kanskje tas ut av skole et sted, flyttes til hemmelig adresse, får anonymitet, skal begynne på ny skole, får nye venner – alt forandres rundt dem, og det skal skje raskt i en gitt krisesituasjon. Det krever at tiltaksapparatet rundt omkring kjenner planen, og derfor er det så utrolig viktig at dette prioriteres.
Jeg har lyst til å stille et oppfølgingsspørsmål til statsråden (presidenten klubber): Betyr svaret at dette arbeidet også vil få prioritet i de kontaktmøtene som Regjeringen skal ha fremover med ulike deler av den fylkeskommunale og kommunale forvaltning?
Presidenten: Presidenten vil be om at ein respekterer taletida.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det er naturleg at dette òg blir eit tema i dei ulike samanhengar vi møter dei ulike etatane. Eg må ærleg innrømma at eg vart litt sjokkert då eg opplevde at den eine etter den andre sa at denne planen hadde dei aldri sett. Vi visste at vi hadde sendt han, men det var departementet som fekk skulda for at dei ikkje hadde fått han, sjølv om han var send. Det seier litt om at her er det ikkje berre å senda ein plan, her må ein jobba aktivt for at planen skal bli tatt i bruk.
Eg har lyst til å legga til at vi òg vil etablera kontakttelefon og informasjonssenter både i Noreg og i Pakistan, slik at vi følgjer dei ikkje berre her i landet, men òg i utlandet. Dei som er trua og treng hjelp, kan ringja for å få vita kvar dei skal venda seg for å få hjelp for å finna tryggleiken for seg sjølve.